Friskar opp UiOs nettstad

Universitetet i Oslo fekk denne veka ny grafisk profil på hovudsidene sine på nettet. - No har me oppfylt ynsket vårt om å skapa ein seriøs profil som kunne appellera både til unge og eldre, seier webredaktør John Baarli i Informasjonsavdelinga.

TRUVERDET: - Den nye profilen skal framheva truverdet til utdannings- og forskingsinstitusjonen UiO, seier webredaktør John Baarli.
Foto: Ståle Skogstad

Det er designbyrået deville som har laga den nye grafiske profilen på UiOs førsteside og ein del av hovudsidene på UiOs web.

- For oss er det viktig å ha nettsider som både er truverdige og samtidig gir eit seriøst inntrykk av universitetet. Dette målet har me oppnådd med grafiske løysinga som dette designbyrået har valt, seier Baarli til Uniforum.

-Skal framheva truverdet til UiO

- Bakgrunnen for endringa av profil var eit ynskje frå tidlegare universitetsdirektør Tor Saglie om å oppretta eit eige prosjekt for å finna ut kva som kunne gjerast med nettsidene til UiO. Han ville at det skulle få ein friskare utsjånad enn dei hadde tidlegare. Difor sette me først i gang med å gjera sidene meir brukarvennlege. Dessutan siktar me mot å framheva truverdet til utdannings- og forskingsinstitusjonen UiO. Det synest eg me har klart med dei nye nettsidene som blei lanserte onsdag 1. oktober, slår Baarli fast.

Personleg studentportal

Ein annan grunn til at det var naudsynt med nye sider var etableringa av den personlege studentportalen.

- Det var ikkje mogleg å leggja ein grafisk inngang til den personlege studentportalen på den gamle hovudsida. Men det får me til med den nye. No treng ikkje studentane lenger gå seg vill i nettsidene til UiO for å finna denne portalen, konstaterer UiOs webredaktør. Dei som går inn på UiOs hovudside http://www.uio.no vil oppdaga at det er førstesida på norsk og på engelsk, og nokre utvalde hovudsider som er endra.

- Det er også studentane og forskarane som er hovudmålgruppene våre med desse nettsidene. Når det gjeld endringa av dei utvalde forskingssidene så skjedde det også etter at det blei uttrykt eit ynskje om det frå prorektor Anne-Brit Kolstø og UiOs forskingskomité, fortel han.

- Når det gjeld portalen for dei tilsette, så vil ikkje profilen på den bli endra. Det vil også ta minst eitt år før det vil vera mogleg å endra profilen på sidene til fakulteta og sentra slik at dei er meir i samsvar med profilen til hovudsidene til UiO, legg han til.

- Og kva reaksjonar har du fått på den nye grafiske profilen?

- Eg har berre fått overstrøymande og positive tilbakemeldingar. Så det er eg sjølvsagt godt nøgd med. Det var slett ikkje tilfellet sist me endra profilen på UiOs nettsider.
-

Emneord: Web Av Martin Toft
Publisert 3. okt. 2003 14:29 - Sist endra 10. des. 2008 15:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere