Bill Clinton kjem til UiO

USAs førre president, Bill Clinton skal halda eit foredrag i Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus på Blindern onsdag 5. november kl. 1030. Tema for foredraget er behovet for å samla inn meir pengar til arbeidet med å hjelpa land der store delar av folket lir av AIDS eller er råka av HIV-viruset.

TIL UIO: USAs tidlegare president Bill Clinton talar på ein medisinsk konferanse i Boston, Massachusets. (Foto: Clinton Foundation)

Det er Norsk Utanrikspolitisk Institutt som i samarbeid med Utanriksdepartementet og Bill Clintons eigne medarbeidarar som organiserer foredraget med Bill Clinton.

- Det var meininga at foredraget skulle haldast i Nobelinstituttet. Problemet er at det berre er 100 sitjeplassar der, og difor bestemte me oss for å flytta foredraget til Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus, som har 400 sitjeplassar, fortel presserådgjevar Kåre Stormark i Utanriksdepartementets presse-, kultur og informasjonsavdeling.

Det er på vegner av si eiga stifting, William J. Clinton Presidential Foundation, Bill Clinton kjem til Noreg. Eit av hovudmåla til denne stiftinga kampen mot AIDS- og HIV-viruset. På nettsidene til William B. Clinton-stiftinga går det fram at Bill Clinton er heilag overtydd om at det ikkje vil bli noko økonomisk eller sosial utvikling i dei landa som er hardast råka av denne epidemien før dei har lykkast med å få denne sjukdomen under kontroll. Så lenge det ikkje skjer, vil unge liv heile tida gå tapt. " Både demokratisering, økonomisk utvikling og den globale tryggleiken er i stor fare om me ikkje får denne epidemien under kontroll", meiner Clinton. Det er grunnen til at han også har stifta ei understifting av hovudstiftinga, Clinton Foundation HIV/AIDS Initiative. Saman med Nelson Mandela er Bill Clinton også visepresident for den internasjonale kampanjen mot AIDS og HIV-viruset, International AIDS Trust.

Stiftinga til Clinton vil hjelpa dei hardast råka landa med å setja i gang helsekampanjar mot AIDS og HIV-viruset og den vil også finansiera medisinsk behandling av dei som allereie er råka av sjukdomen, går det fram av nettsidene til William J. Clinton Foundation.

Førstkomande onsdag blir det altså høve til å høyra USAs tidlegare president i Georg Sverdrups hus på Blindern.

Emneord: USA, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2003 15:30 - Sist endra 10. des. 2008 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere