Arild Underdal: - Glad for oppfylginga av Kvalitetsreforma

Universitetet i Oslo får ei tildeling på 111 millionar kroner til endeleg gjennomføring av Kvalitetsreforma. - Me er svært glade for at regjeringa har fylgd opp studiereforma med så store løyvingar. Viss denne løyvinga blir vedtatt av Stortinget vil den økonomiske situasjonen for UiO vera betre enn det me hadde frykta på førehand, seier rektor Arild Underdal i ein kommentar til Uniforum.

LYSARE UTSIKTER: - Eg ser i alt lysare på utsiktene for 2004 no når eg har sett budsjettforslaget enn før eg hadde gjort det, seier Arild Underdal.
Foto: Trine Nickelsen

Universitetet i Oslo vil få tildelt litt over 3 milliardar kroner eller for å vera heilt nøyaktig 3 milliardar, 12 millionar og 46 tusen kroner på regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2004. Dette er 8,4 prosent meir i høve til budsjettet for 2003. Denne veksten skjer først og frems på grunn av dei auka løyvingane til Kvalitetsreforma, men også på grunn av ei foreslått løyving til 55 nye stipendiatstillingar. I tillegg blir det ein budsjettvekst på grunnlag av vekst i avlagde studiepoeng.

55 nye stipendiatstillingar

- Regjeringa sitt framlegg til auka løyvingar til studiereforma vil vera heilt avgjerande for at det skal vera mogleg å få gjennomført dei naudsynte endringane i samband med denne reforma, slår Underdal fast. Han er også nøgd med at regjeringa foreslår å løyva 15,250 millionar kroner til 55 nye stipendiatstillingar ved UiO. - Det er eit anna positivt trekk ved dette budsjettframlegget, synest han.

Informatikkbygg først på ventelista

Men regjeringa har heller ikkje denne gongen funne høve til å løyva pengar til nybygget til Institutt for informatikk. Det er Underdal skuffa over, men han ser likevel positive ting også når det gjeld den saka.

- Det går i alle fall klart fram at dette byggjeprosjektet står på førsteplass på ventelista over prioriterte prosjekt. Med eit så klart signal håpar eg at planlegginga av det nye informatikkbygget halda fram utan noko avbrot, konstaterer han. Han skulle dessutan ha sett at regjeringa hadde foreslått ei større løyving enn 1,4 millionar kroner til kommersialisering av forskingsresultat frå UiO.

Kompensasjon for løns- og prisauke

I motsetning til i fjor har regjeringa lagt inn ein mogleg kompensasjon for ein løns- og prisauke på 3,5 prosent i budsjettforslaget. Det utgjer til saman 97,250 millionar.

- I fjor tapte me mykje på mangelfull kompensasjon for løns- og prisauke, men i år ser det betre ut. Eg ser i alt lysare på utsiktene for 2004 no når eg har sett budsjettforslaget enn før eg hadde gjort det. Isolert sett synest eg difor at framlegget til 2004-budsjett ser positivt ut, seier Underdal.

Fleire avlagde eksamenar

I 2002 blei det avlagt eksamenar som tilsvarar 16 025 årseiningar. Dette er ein auke på 1071 i høve til 2001, og gir ei ekstra pengeoverføring frå statskassen til UiO på 20,4 millionar kroner. Av andre UiO-relaterte ting i budsjettforslaget, ser det ut som om regjeringa har fylgd opp tidlegare varsla løyvingar til Senter for studiar av Holocaust og livsynsminoritetar si stilling i Noreg. Vedtaket i samband med revidert budsjett om opptrapping av driftsløyvinga frå 1 til 3 millionar er realisert. Dessutan er det lagt inn ei løyving til utstyr på 10 millionar kroner for neste år. Også gjeldande planar for Akershus universitetssjukehus (AHUS) om nye studieplassar og byggjetiltak er fylgde opp. Det gjeld også tidlegare vedtak om å auka talet på studieplassar på profesjonsstudiet i psykologi, går det fram av regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2004.

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2003 12:59 - Sist endra 10. des. 2008 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere