UiO stengjer praktbibliotek

Bibliotek for humaniora og samfunnsfag i Georg Sverdrups hus stengjer dørene for publikum frå onsdag 3. september og fram til 1. oktober. Årsaka er faren for at fleire takplater vil falla ned over lesesalsplassane. - Me håpar det likevel skal bli mogleg å låna ut bøker, seier overbibliotekar Randi Rønningen. Undervisningsromma auditoria, foajeen og kafeane i Georg Sverdrups hus vil framleis vera opne.

STENGT: Universitetsbiblioteket er stengt etter at to takplater har falle ned. Den eine takplata fall ned over ein av pultane i PC-stova i sommar.
Foto: Martin Toft

- I dette tilfellet er me nøydde til å bruka føre-var-prinsippet. Me kan ikkje risikera at nokon får ei takplate i hovudet, seier fungerande teknisk direktør Helga Sagsveen til Uniforum.

Det var tidlegare i sommar at to takplater falt ned frå himlinga i PC-stova og i lesesalen i 3. etasje i Bibliotek for humaniora og samfunnsfag. Den siste plata knuste ein stol, men ingen personar kom til skade. - Det er nettopp faren for at nokon skal koma til skade som er bakgrunnen for at Universitetet i Oslo i samråd med Statsbygg har bestemt seg for å stengja heile biblioteket i Georg Sverdrups hus, opplyser fungerande teknisk direktør Helga Sagsveen til Uniforum.

75 plater til utprøving

Teknisk avdeling skal saman med Statsbygg gå gjennom ein del byggtekniske ting.

- Me vil gå gjennom alle takplatene og sjå nærare på festene der dei er skorne til. Samtidig skal me ta ned 75 plater og senda dei til teknisk utprøving for å finna ut om dei har tekniske veikskapar. Desse prøvane skal me få resultatet av 1. oktober. Då skal me også få tilbakemelding frå produsenten av platene, fortel ho. Takplatene er av typen Gyprock og har vore i bruk mange stader dei 15 åra dei har vore i produksjon.

- Kan det koma på tale å gå til erstatningssøksmål mot produsenten?

- Det vil i tilfelle vera ei sak mellom byggherren Statsbygg og produsenten av platene, seier Sagsveen.

- Eg seier meg svært lei for at me må stengja biblioteket i Georg Sverdrups hus no like etter semesterstart. Dette vil heilt sikkert vera til bryderi og skapa vanskar både for studentar og tilsette, men me håpar at ulempene blir minst moglege trass i at me må stengja dørene i ein månad, legg Sagsveen til.

Provisorisk bokutlån

Overbibliotekar Randi Rønningen i Bibliotek for humaniora og samfunnsfag håpar at det skal lata seg gjera å få til ei provisorisk løysing med utlån av bøker til studentar og tilsette.

- Onsdag 3. september skal eg ha eit krisemøte saman med gruppeleiarane. Då skal me finna ut korleis me skal klara å få låna ut bøker sjølv om biblioteket blir stengt for publikum. Det er dessutan viktig å vera klar over at det er folk som også skal arbeida her. Kanskje folk vil sjå oss gå rundt med hjelm når me skal finna fram bøker til lånekundane våre, seier ho.

600 lesesalsplassar forsvinn

Stenginga vil føra til at 600 lesesalsplassar vil bli vekke frå ein dag til den neste. Ho trur likevel ikkje det treng bli det største problemet.

- Det finst ledige lesesalsplassar både på Det teologiske fakultetet, i Eilert Sundts hus, i Vilhelm Bjerknes´ hus og i Sophus Bugges hus. Også i 4. etasje i Fysikkbygningen skal det vera ledige lesesalsplassar, opplyser Randi Rønningen til Uniforum. Trass i stenginga ser ho ikkje heilt mørkt på situasjonen.

- Det er i alle fall bra at det ikkje skjer rett før eksamen, konstaterer ho. Biblioteket blir stengt frå 2. september klokka 2000 og fram til 1. oktober.

Emneord: Fakultetene, Georg Sverdrups hus Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2003 17:17 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere