Ivar Aasen for folket

Alle dei nynorske ordbøkene si mor, Ivar Aasens Norsk Ordbok frå 1873, er no komen i ny og lettlest utgåve. Den gotiske skrifta er vekke og erstatta med latinsk skrift. Det er språkforskarane Kristoffer Kruken frå Seksjon for leksikografi og målføregransking, UiO og Terje Aarset frå Høgskulen i Volda som står bak dette arbeidet.

Det Norske Samlaget har trykt opp 1000 eksemplar av boka med håp om at det blir ei obligatorisk oppslagsbok for alle som forskar eller skriv om det norske språket. Sjølv er redaktørane for boka fortvila over kor tregt det gjekk å få samla saman nok pengar til at det var mogleg å få gitt ut denne versjonen av Ivar Aasens berømte ordbok.

- Det overraskar meg at det skal vera så vanskeleg å få pengar til å gi ut ei bok som er så viktig for Noreg. Eg trur det må vera noko i vegen med støtteordningane til Forskingsrådet, trur Aarset. Dei fekk likevel økonomisk støtte frå åtte private og offentlege gjevarar. Begge redaktørane la merke til at det var enkelte ord som var overrepresenterte i bokverket til Ivar Aasen.

- Ja, det var mellom 30 og 40 uttrykk med tilknyting til kortspel i boka. Det tyder på at det stemmer at Ivar Aasen var ein heilt fenomenal kortspelar med eit utruleg godt minne, konstaterer dei to.

Emneord: Forskning, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 30. sep. 2003 17:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere