Anders Jahres store medisinske pris er den største og viktigaste prisen ein nordisk forskar i medisin kan få, nest etter Nobelprisen i medisin. Terje Lømo er altså den første nordmann som får denne prisen sidan Liv Kristin Hatle frå Linkõpings universitet fekk hovudprisen i 1997. Men sidan professor Alexander Pihl frå UiO delte hovudprisen med finnen professor Albert de la Chapelle frå Universitetet i Helsingfors i 1989, er det ingen frå eit norsk universitet som er tildelt hovudprisen. - For meg var det uventa å få denne prisen fordi eg hadde trudd den ville gå til ein person som hadde vore meir synleg i terrrenget enn kva eg har vore, seier Terje Lømo i ein kort kommentar til Uniforum.
Opna nytt felt i hjerneforskinga
Lømo er tilsett ved Fysiologisk institutt ved Det medisinske fakultetet, UiO. Under forskingsarbeidet sitt, oppdaga Lømo at korvarig aktivering av funksjonelle koplingar, såkalla synapsar mellom nerveceller i hjernen, fører til ein auka effektivitet av desse koplingane. Denne forsterkinga kan vara i fleire veker. Dette funnet har opna eit nytt felt i hjerneforskinga, og prosessen som Lømo oppdaga, er no internasjonalt rekna som den beste modellen for læring og minne, går det fram av grunngjevinga frå juryen for Anders Jahres medisinske priser.
Den siste tida har Lømo studert nervecellene si kopling til tverrstripa muskulatur og han har avdekka faktorar som bestemmer eigenskapane til muskelcellene. Han har vist at eigenskapane til muskelcellene langt på veg blir styrte av muskelcellene sin eigen aktivitet og aktivitetsmønster.
Prisar til Sverige og Finland
Anders Jahres pris for yngre forskere blir delt mellom professor Johan Ericson, Karolinska Institutet, Stockholm, og Dr. Anu Suomalainen-Wartiovaara, Universitetet i Helsingfors. Dei får 200 000 kroner kvar.
Johan Ericson har avdekka viktige prinsipp for utviklinga av
hjernen. Han har identifisert mekanismar som forklarar
korleis stamceller kan danna de mange forskjellige
celletypane som finst i den vaksne hjernen.
Anu Suomalainen-Wartiovaara får prisen for sine studiar av
sjukdomar som skuldast svikt i funksjonen til mitokondriane.
Ho har skildra dei genetiske mekanismane for slike
mitokondriesjukdomar og har gitt eit viktig bidrag til ei
betre forståing av utviklinga av desse sjukdomane.
Logg inn for å kommentere