Årsaka til at Universitetsdirektøren ikkje vil tilrå styret å gå inn for einskapleg leiing på institusjonsnivå er at det ville ha kravd dispensasjon frå Lov om universitet og høgskular. Ein slik dispensasjon ville UiO berre ha fått frå Utdannings- og forskingsdepartementet, dersom samansetjinga av styret hadde blitt endra slik at departementet kunne ha oppnemnt eit fleirtal av medlemane, inkludert styreleiaren. I tilfelle det hadde skjedd, skulle styreleiaren ha blitt utpeika blant dei eksterne medlemane, går det fram av notatet frå Universitetsdirektøren.
I notatet blir det vist til at ynsket om å innføra ein einskapleg leiingsstruktur har brei tilslutning. Både på institutt- og fakultetsnivå står UiO fritt til å innføra ein slik styringsmodell, som allereie er innført for musea. Men sidan departementet ikkje vil gi dispensasjon for ein einskapleg styringsmodell på institusjonsnivå utan at det får utnemna fleirtalet av medlemane og styreleiaren, tilrår altså universitetsdirektør Tor Saglie styret å halda på dagens ordning med både ein valt rektor og prorektor og ein tilsett universitetsdirektør og assisterande universitetsdirektør i toppleiinga ved UiO. Han foreslår likevel enkelte andre endringar i styrings- og leiingsstrukturen.
Universitetsstyret
For det første går han inn for at Universitetsstyret blir utvikla vidare og blir styrka som overordna styringsorgan. Hovudoppgåvene skal vera å fastleggja mål, prioriteringar og strategiar i tillegg til å føra tilsyn med verksemda. Styret skal avlastast for mindre viktige saker ved å delegera desse sakene til rektor eller direktør, men også til einingar på fakulteta og musea.. Forskingskomiteen og studiekomiteen skal brukast meir aktivt som viktige kollegiale organ i "faglege" avgjerdsprosessar.
Fakulteta og institutta
Når det gjeld fakulteta og musea gjeld som hovudregel at det skal vera styre på det nivået der det dei viktigaste strategiske avgjerdene om verksemda blir tekne. I notatet frå Universitetsdirektøren går det fram at profesjonsfakulteta som hovudregel må ha styre på fakultetsnivå, men dei kan også oppretta styre på grunneiningsnivå, om det er naudsynt.
Allmennfakulteta skal som hovudregel ha styre på grunneiningsnivå, men kan med godkjenning frå Universitetsstyret oppretta styre også på fakultetsnivå. Alle fakultetsstyra må ha minimum to og maksimum 4 eksterne medlemar blant dei 9 eller 11 medlemane. Eit instituttstyre skal leiast av ein insituttleiar, og kan berre setjast saman av interne medlemar.
Framleis rektor- og dekanval
Både rektor, prorektor, dekanar og prodekanar skal framleis veljast av universitetssamfunnet som i dag, om styret sluttar opp om tilrådinga frå Universitetsdirektøren. Han opnar likevel for at fakultetet kan koma med forslag om å endra regelen om at dekanen skal veljast blant det faste vitskaplege personalet ved fakultetet. Men han går samtidig inn for at det blir innført ei einskapleg leiing på fakultets- og instituttnivå. Det vil seia at fakultetsdirektøren rapporterer til dekanen og kontorsjefen til instituttstyraren. Dekanen skal rapportera til rektor og universitetsdirektør avhengig av kva saker det dreiar seg om.
Instituttstyrarar kan tilsetjast
Etter tilrådinga frå Universitetsdirektøren kan ein instituttstyrar bli valt blant dei vitskaplege tilsette eller bli tilsett av fakultetet på åremål. Dersom endringane blir vedtekne av styret, skal dei setjast i verk frå 1. januar 2004. I forslaget til vedtak heiter det at styret gir si tilslutning til forslaget frå Universitetsdirektøren. Men styret vil også be om å få lagt fram eit framlegg til ei nærare spesifisering av styringsmodellen på møtet i september.
Lønnsam forsking
Av dei andre sakene som skal handsamast på styremøtet tysdag 10. juni, knyter det seg ikkje minst spenning til forslaget frå publiseringsutvalet om ein publiseringskomponent i finansieringsmodellen til UiO. I denne saka kjem universitetsdirektøren med framlegg om ei gradvis innføring av ein insentivbasert finansieringskomponent med grunnlag i vitskaplege publikasjonar.
Debatten rundt framlegget har likevel fått universitetsleiinga til å setja ned farten litt. I tilrådinga heiter det difor at "styret merker seg samtidig at høringsrunden og drøftingene i forskningskomiteen har brakt fram viktige innvendinger og innspill som det ennå ikke har vært tid til å bearbeide og drøfte tilstrekkelig grundig." Vedtaksforslaget konkluderer med at styret må be forskingskomiteen om å arbeida vidare på grunnlag av rapporten frå publiseringsutvalet, høyringsfråsegnene og publiseringsutvalet sine merknader til dette. Formålet skal vera å få gjort dei naudsynte justeringane og tilpassingane. Eit forslag til fordelingsmodell skal leggjast fram for styret i oktober. Då vil modellen kunna innførast med ein sum på 10-15 millionar kroner i samband med budsjetthandsaminga for 2004.
Fusjonering og reorganisering av institutt
I møtet skal det også handsamast eit forslag om samanslåing av geofaga ved MN-fakultetet og ei reorganisering av Biologisk institutt og Biokjemisk institutt. Det første forslaget går ut på at det skal opprettast eit nytt Institutt for geofag eller på engelsk, Department of Geosciences. Det andre forslaget går ut på at styret vedtar å reorganisera Biologisk og Biokjemisk institutt ved å etablera to nye institutt. Eit institutt for molekylærbiologi, biokjemi og fysiologi og eit institutt for organismebiologi og økologi. Etter planen skal institutta vera etablerte frå nyttår.
Konstituert teknisk direktør
Universitetsstyret kjem truleg også til å konstituera Helga Sagsveen som teknisk direktør frå 1. juni i år. I det same møtet skal også etterfylgjaren til avgått teknisk direktør Tore Christoffersen tilsetjast.
Når det gjeld tilsetjing av ny universitetsdirektør, kjem styret til å setja ned eit eige innstillingsutval. Det vil bli sett saman av dekan Knut Kaasen, ekstern styrerepresentant Hilde Haugsgjerd, rektor Arild Underdal og organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen. I tillegg vil tenestemannsorganisasjonane og Studentparlamentet oppnemna ein representant kvar.
Møtet i Universitetsstyret finn stad tysdag 10. juni kl. 1000 i Kollegierommet i 10. etasje i Administrasjonsbygningen.
Logg inn for å kommentere