Eit av dei mest dominerande måleria på utstillinga er "Frikvarter" malt av Odd Nerdrum på 1970-talet.
- Dette måleriet er eit godt døme på Odd Nedrums første periode då han malte tema frå samtida i tradisjonen frå rennessansen. Mange av oss likar best denne perioden i Odd Nerdrums karriere som biletkunstnar, sa professor i kunsthistorie, Øivind Lorentz Storm Bjerke under opninga av utstillinga torsdag 19. juni. Også portrett malte av kjende kunstnarar som Christian Krogh, Adolph Tidemand, Harriet Backer, Erik Werenskiold og Eilif Petersen er å finna på veggane i Galleri Sverdrup. I stor grad er det eit galleri over kjende professorar ved universitetet. Det nyaste portrettet som er stilt ut, er Håkon Gullvågs portrett av jusprofessor og tidlegare rektor Lucy Smith. Frå 1970-talet er i tillegg til Odd Nerdrum, også Gunnar S. Gundersen og Johannes Rian representerte på denne utstillinga.
- Teknisk avdeling ved UiO har forvalta denne kunstsamlinga på ein svært profesjonell og omtenksam måte, slo Storm Bjerke fast. Han viste også til at dei fleste av verka er konserverte gjennom midlar frå Teknisk avdeling. Arbeidet er utført ved Restaureringsatelieret, Konserveringsseksjonen ved Universitetets kulturhistoriske museum.
- Dei siste åra er det gjort eit omfattande og systematisk arbeid med å restaurera kunstsamlinga til Universitetet i Oslo. Det er også oppretta ein eigen database der over 2000 verk er registrerte, fortalde han til dei som hadde møtt fram på opninga av utstillinga.
Logg inn for å kommentere