Brot mellom fagforeiningane og UiO-leiinga

Fagforeiningane har brote forhandlingane med UiO-leiinga om ein ny omstillingsavtale. - Det er leit at ikkje universitetet kan gå med på ein intensjon om ikkje å bruka oppseiingar under omstilling, seier fagforeiningsrepresentantane til Uniforum. - Arbeidsgjevar kan ikkje støtta ei formulering som kan tolkast som ein "garanti" mot oppseiing, seier assisterande personaldirektør Erik Gulbrandsen.

LITEN FORHANDLINGSVILJE: Arbeidsgjevar har vist liten forhandlingsvilje, meiner Unni Bingen i 2fo, Ulrik Sverdrup i NTL og Randi Halveg Iversby i Forskarforbundet.
Foto: Martin Toft

Forhandlingane om ein ny omstillingsavtale for dei UiO-tilsette starta etter at Universitetsdirektøren sa opp den førre avtalen våren 2002. Den avtalen blei forhandla fram i 1996-97, og inneheld ein klausul som garanterte at ingen UiO-tilsett skulle seiast opp under omstilling.

- Denne gongen kravde ikkje fagforeiningane nokon garanti mot oppseiing, men ein intensjon om at oppseiing som fylgje av omorganiseringar bør vera uaktuelt som verkemiddel. Alle relevante alternativ skal vera grundig utprøvde før det eventuelt blir aktuelt. Dette kunne ikkje arbeidsgjevaren vår gå med på. Difor fryktar me at UiO kan ta i bruk oppseiing av vitskapleg tilsette i små fag, seier Ulrik Sverdrup frå NTL, Randi Halveg Iversby frå Forskarforbundet og Unni Bingen frå 2fo til Uniforum. Ei slik utvikling uroar dei sterkt.

Viktigare med rekruttering

- Det undrar oss at universitetsleiinga står så fast på kravet om å få seia opp folk under omstilling. Ærleg talt så trudde me at UiO ville gjera alt som var mogleg for å få forskarane til å bli verande ved institusjonen og få rekruttert nye forskarar. Om få år vil mange forskarar gå av for aldersgrensa og difor er det viktig å tilsetja arvtakarane deira allereie no. Om dei vitskapleg tilsette og dei teknisk/administrativt tilsette ikkje føler seg trygge på jobbane sine under ei omorganisering, vil mange tenkja seg om fleire gonger før dei vel UiO som arbeidsgjevar, meiner dei tre fagforeiningsrepresentantane. Dei synest også dei har merka ei anna haldning hos arbeidsgjevar denne gongen enn under tidlegare forhandlingar.

Liten forhandlingsvilje

- Me har møtt ein arbeidsgjevar som har vist svært liten forhandlingsvilje i ei prinsipielt viktig sak. Arbeidsgjevar har heller ikkje tatt ad notam rapporten om forholdet mellom UiO som arbeidsgjevar og dei tilsette under endringsprosessar. Arbeidsgruppa som forfatta rapporten var leia av jusprofessor Henning Jakhelln og konklusjonen var at UiO ikkje ville ha noko å tena på oppseiingar under omstilling.

- Me er vonbrotne over at denne rapporten aldri er blitt realitetsbehandla av Universitetsstyret, gir dei klart uttrykk for. Dei viser også til at arbeidsgjevar ikkje ville gå med på forslaget frå fagforeiningane om å nedsetja eit utval med medlemar frå begge partar, som skulle føra tilsyn med komande omstillingar.

- Dette framlegget blei kontant avvist av arbeidsgjevar utan diskusjon, fortel dei.

No blir ein eigen brotprotokoll sendt til hovudorganisasjonane i arbeidslivet, LO, YS og Akademikerne og til Arbeids- og administrasjonsdepartementet. I desse sentrale forhandlingane blir det endeleg avgjort korleis ein ny omstillingsavtale ved UiO skal sjå ut.

- Kan ikkje gi oppseiingsvern

Det er assisterande personaldirektør Erik Gulbrandsen som har representert UiO-leiinga i forhandlingane med fagforeiningane. Han meiner at det ikkje var rimeleg av fagforeiningane å insistera på å få med ei formulering i omstillingsavtalen som kunne tolkast som ein garanti mot oppseiing.

- UiO har innanfor rammene til Tenestemannslova ikkje høve til å gi noko absolutt vern mot oppseiing. Difor kan me heller ikkje lokalt gi nokon slik garanti. Faktisk har UiO lovfesta rett og plikt til å setja i verk oppseiingar dersom situasjonen skulle krevja det. Ved å lovfesta at oppseiing bør vera "uaktuelt som virkemiddel" risikerer me å kommunisera personalpolitiske vilkår som ikkje er juridisk haldbare, understrekar Gulbrandsen. Likevel presiserer han at UiO-leiinga tar på seg ansvaret for å ta vare på dei tilsette sitt behov for tryggleik under omstilling.

- Difor vil me også ta med ei formulering i den nye omstillingsavtalen som går ut på at oppseiing som fylgje av omorganisering ikkje vil vera aktuelt før alle relevante alternativ er grundig vurderte, seier Gulbrandsen.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. juni 2003 14:49 - Sist endra 10. des. 2008 14:48

Logg inn for å kommentere