Berre tre vil bli ny universitetsdirektør

Det var berre kome inn tre søknadar til den ledige stillinga som universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo då søknadsfristen gjekk ut 17. juni. Dei tre søkjarane er konstituert universitetsdirektør Inger Stray Lien, fakultetsdirektør Bjørnar Sarnes ved Det utdanningsvitskaplege fakuletet og områdedirektør Arvid Hallén ved Noregs forskingsråd.

HAR SØKT: Konstituert universitetsdirektør Inger Stray Lien er blant søkjarane til den ledige stillinga som ny universitetsdirektør.
Foto: Ståle Skogstad

Eit eksternt konsulentfirma vil hjelpa til i arbeidet med den endelege tilsetjinga, og firmaet kjem til å gjera ein framstøyt på arbeidsmarknaden for å supplera lista med fleire søkjarar, opplyser seniorkonsulent Magnhild Nesheim i Organisasjons- og personavdelinga, UiO til Uniforum.

Når det gjeld dei tre søkjarane, har Inger Stray Lien vore assisterande universitetsdirektør ved UiO sidan 1995. Før ho kom til UiO var ho direktør ved Arkitekthøgskulen i Oslo. Bjørnar Sarnes har vore fakultetsdirektør ved UV-fakultetet sidan 1995. Han er utdanna pedagog frå Pedagogisk forskingsinstitutt (PFI). Tidlegare har han vore kontorsjef ved Institutt for sosiologi, og har også arbeidd som avdelingsleiar ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

Arvid Hallén har sidan 1995 vore direktør for området kultur og samfunn i Noregs forskingsråd. Før han kom til Forskingsrådet, var han i åtte år direktør ved Norsk institutt for by- og regionsforsking (NIBR). Etter den føreståande omorganiseringa av Forskingsrådet skal han leia avdeling for samfunnsvitskapleg forsking under divisjonen for fag- og disiplinutvikling. Det er enno ikkje klart når det blir avgjort kven som blir tilsett i stillinga som universitetsdirektør ved UiO.

Av Martin Toft
Publisert 23. juni 2003 11:06 - Sist endra 10. des. 2008 14:46

Logg inn for å kommentere