Italiensk i fare

- Italiensk kan forsvinna frå UiO dersom HF-fakultetet ikkje går med på å delfinansiera ei halv stilling som universitetslektor i italiensk språk. Det fryktar styrar Marianne Hobæk Haff ved Klassisk og romansk institutt.

KAN FORSVINNA: - Det går ikkje an for Noregs største universitet ikkje å ha undervisning i eit gamalt kulturspråk som italiensk, meiner styrar Marianne Hobæk Haff ved Klassisk og romansk institutt.
Foto: Martin Toft

To av dei tre fast vitskapleg tilsette ved Seksjon for italiensk vil snart gå av for aldersgrensa. Dermed blir det berre ein professor i italiensk litteratur igjen i ordninær undervisning frå våren 2004.

- Men ingen kan lesa italiensk litteratur utan å ha hatt ei innføring i italiensk språk og grammatikk. Difor vil me no prøva å redda italienskfaget ved å engasjera ein universitetslektor i italiensk språk, fortel Hobæk Haff til Uniforum.

Innsparing

Torsdag 8. mai vil ho be styret ved Klassisk og romansk institutt ta stilling til eit framlegg frå instituttleiinga om å be fakultetsstyret vera med på å finansiera ei halv stilling som universitetslektor i italiensk.

- Det vil også innebera at dei andre faga på instituttet må spara inn på ein del område for å vera me på å finansiera instituttet sitt bidrag til den halve stillinga, legg ho til.

Ny finansieringsmodell råkar hardt

Det er den nye finansieringsmodellen som Stortinget innførte i fjor, som no råkar Klassisk og romansk institutt for fullt. No skal nemleg ein fjerdedel av pengeoverføringa til institutta vera avhengig av kor mange vekttal dei produserer.

- Både gresk, latin, italiensk og portugisisk er små, men viktige fag som produserer få vekttal. Så når finansieringsmodellen brukar dette som utgangspunkt, går det ikkje i hop økonomisk. Situasjonen blir ikkje betre av at me har fått signal frå fakultetsleiinga om at det ikkje kjem på tale med ekstra pengeoverføringar til fattige institutt neste år slik som det skjedde i år. Då fekk Klassisk og romansk institutt ei ekstra overføring på to millionar kroner, minnest ho.

Innføringskurs i italiensk

- Me har vore nøydde til å trekkja italiensk frå språkprogrammet både for bachelor- og mastergraden. Som ei kriseløysing ynskjer me å tilby ein 40-studiepoenggruppe i språkprogrammet der eit nytt innføringskurs i italiensk skal utgjera 20 studiepoeng. Eit slikt tilbod vil kunne vera av interesse både for studentar som er genuint interesserte i dette språket og ynskjer ein 40-gruppe, men også for studentar i kunsthistorie, arkeologi og andre fag som treng italiensk som reiskapsfag, forklarar Hobæk Haff.

Ho viser til Universitetet i Bergen der det er registrert 78 studentar på innføringskurset i italiensk dette semesteret.

- Men kvifor kan de ikkje lata italiensk døy ein stille og vakker død når det likevel er så mange studentar som tar dette faget?
- For det første håpar me å trekkje mange studentar til oss med det nye innføringskurset. Dessutan går det ikkje an for UiO som Noregs største universitet å leggja ned eit viktig kulturspråk som italiensk. Både for samfunnet generelt og næringslivet vil det vera eit stort tap om det ikkje blei utdanna folk som var ekspertar på italiensk språk, kultur og mentalitet. For å kunna kommunisera med nokon frå eit av dei store kulturlanda, er det viktig både med språkkunnskapar og kjennskap til deira måte å tenkja på, seier Marianne Hobæk Haff i eit varmt forsvar for italiensk.

Emneord: Undervisning, Italiensk Av Martin Toft
Publisert 8. mai 2003 09:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere