Framtidsforsking på vent

75 forskarar frå UiO og SINTEF ventar på å få flytta inn i det nye og førebels ubrukelege mikroteknologisenteret i Gaustadbekkdalen. Målingar viser nemleg at laboratoria som skulle ha vore vibrasjonsfrie, vibrerer. Entreprenøren skuldar på dårlege grunnforhold. Difor står bygget til 232 millionar kroner tomt fire månader etter at det skulle ha opna dørene.

MÅ STÅ UTANFOR: ProfessoraneTerje Finstad og Bernt G. Svensson ved Fysisk institutt må framleis stå utanfor laboratoria i det nye Mikroteknologisenteret
Foto: Grethe Tidemann

Fysikkprofessorane Bengt G. Svensson og Terje Finstad er to av dei 35 forskarane frå UiO som skal få den faste arbeidsplassen sin i det nye mikroteknologisenteret så snart det er klart for innflytting. Saman med 10 forskarar frå Kjemisk institutt skal dei 25 forskarane frå Fysisk institutt danna ein del av Senter for nanoteknologi og materialvitskap, som no er under etablering. Dette senteret vil også inkludera det tidlegare Senter for materialvitskap.

Ein tusendel av eit hårstrå

I det nye Mikroteknologisenteret skal det utførast avansert forsking innan mikrosystem og nanoteknologi. SINTEF vil driva utvikling og industrialisering medan forskinga Svensson og Finstad ynskjer å driva med, kan karakteriserast som grunnforsking som kan koma til nytte både for næringslivet og samfunnet.

- I mikroteknologi jobbar forskarane med små objekt utan å spesifisera kor små dei er, medan nanoteknologi tar utgangspunkt i nemninga nanometer, presiserer Finstad.

- Diameteren av eit hårstrå er tusen gonger tjukkare enn ein nanometer, utdjupar Svensson.

- Me har bakgrunn frå halvleiarkomponentar i mikroelektronikk, der dei minste dimensjonane blir stadig mindre og er i nanometerområdet for å oppnå større datalagringskapasitet og raskare dataprosessering. Utfordringa ligg i å kombinera denne teknologien med ny teknologi for å utvikla mikrosystem, sensorar og kjenslevare måleinstrument som kan koplast saman med mest mogleg reknekraft i ei lita brikke, forklarar Finstad og Svensson.

Hjelper personar med vasshovud

Dei er allereie i gang med eit spennande samarbeid med Rikshospitalet.

- Prosjektet går ut på å utvikla ein eigen sensor som kan gjera livet lettare for personar med vasshovud. Dei har alle for høgt trykk i hovudet. Difor opererer kirurgane inn eit dreneringsrøyr i hovudet på dei som slepp ut ein del av trykket. Problemet er at dette dreneringsrøyret kan gå tett, og då kan det vera livstrugande for pasientane som må til behandling. Dei vil få eit forvarsel som vil kjennast som lett hovudverk. Det er jo noko som alle kan få utan at det er noko særleg i vegen med oss.

-Difor held me på å utvikla ein sensor som kan opererast inn i hovudet deira, og den skal kunna melda frå til pasienten sin mobiltelefon om kor høgt trykket er. Dette prosjektet er kome litt lenger enn til tankestadiet, men det skal testast ut på grisar før det vil vera mogleg å seia om det kan verkeleggjerast, opplyser Finstad til Uniforum.

- Dei same ideane kan brukast for andre typar pasientar med til dømes bein- og tannprotesar, legg han til.

Silisium er grunnstamma

Halvleiarmaterialet silisium som blir brukt i datamaskinbrikker, blir rekna som grunnstamma i dei fleste av desse mikrosystema.

- Vitskapsfolka vil forska på nye materialar som kan setjast saman med dette materialet og handsamast med det same utstyret for å få fram nye bruksområde eller få dei til å fungera enda betre. No arbeider me med silisiumkarbid og silisiumgermanium, seier Svensson og Finstad.

Kjenslevare sensorar

- Ved hjelp av materialar med nye bruksområde og nanoteknologi vil det vera mogleg å laga svært kjenslevare sensorar som blant anna kan gjera arbeidet med diagnostisering av pasientar lettare. Det ville ha gjort ein masseproduksjon av SARS-testar svært effektiv, fortel Finstad.

- Bruk av silisiumkarbid og silisiumgermanium i straumleidningsnettet ville ført til eit mykje mindre energitap under transport enn i dag, forklarar Svensson. For tre år sidan kom han til UiO frå Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm for å vera med på etableringa av eit mikroteknologisenter i Gaustadbekkdalen. Det er ved KTH i Stockholm og ved Chalmers Tekniska Högskola i Göteborg dei to næraste mikroteknologilaboratoria ligg i dag.

- Med eit heilt topp moderne mikroteknologisenter i Oslo, vil det vera lettare å lokka verdas leiande forskarar på nye materialar hit. Det vil også vera eit viktig verkty for å rekruttera dei beste studentane. Så lenge det enno ikkje er opna, må me dra til utanlandske universitet for å gjera laboratorieforsøka våre.

Emneord: FUNMAT, Forskning Av Martin Toft
Publisert 2. mai 2003 14:42 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere