Feilslått HIV/AIDS-bistand i Afrika

- NORAD og dei andre vestlege bistandsorganisasjonane må finansiera behandling av HIV/AIDS-pasientar i Afrika i tillegg til haldningskampanjar. Det slår forskaren Peris Jones fast i ein artikkel han har skrive for Norsk senter for menneskerettar, UiO. Utanriksdepartementet avviser kritikken.

HIV-POSITIVE: HIV-positive i Sør-Afrika saman med dottera til forskar Peris Jones. (Foto: Peris Jones)

På grunn av høge medisinprisar, dårleg politisk styring og mangel på engasjement frå Vesten, får berre 50 000 av dei 4,1 millionar pleietrengjande AIDS-offera behandling i dag.

- Det er difor ein feilslått bistandspolitikk berre å satsa på haldningskampanjar for å hindra at fleire afrikanarar blir HIV-positive og utviklar AIDS. For å få folk til å ta ein blodprøve for å finna ut om dei er HIV-positive, må det også vera eit behandlingstilbod til dei. Her må bistandsorganisasjonane koma inn og hjelpa dei politiske styresmaktene i dei hardast råka landa med å finansiera den medisinske behandlinga av HIV-positive og AIDS-pasientar slik at dei lever lenger, meiner Peris Jones.

Han viser til utrekningar frå Sør-Afrika som konkluderer med at det vil vera tre gonger billegare for styresmaktene å betala for AIDS-medisin enn kva det vil kosta ikkje å gjera noko.

- Då vil dei måtta løna folk som kan ta seg av alle dei foreldrelause barna til dei som vil døy av AIDS eller heile tida tilsetja nye folk i statsadministrasjonen etter alle som døyr ein altfor tidleg AIDS-død, fortel han. Sør-Afrikas president Thabo Mbeki er herostratisk berømt for å vera overtydd om at det er fattigdom og feilernæring og ikkje seksualvanane som er årsaka til at folk får AIDS. I tillegg har den sørafrikanske finansministeren samanlikna medisinsk behandling av HIV/AIDS-sjuke med vestleg voodoo.

- AIDS passar ikkje inn

- Ein av grunnane til dette kan vera at AIDS-epidemien ikkje passar inn i det nye Afrika som dei prøver å skapa. Den har ført til at den gjennomsnittlege levealderen i mange land er lågare enn for 30 år sidan og dessutan har den økonomiske utviklinga stoppa opp, seier Jones. Han meiner likevel at desse haldningane blant dei sørafrikanske politikarane ikkje må hindra bistandsorganisasjonane i arbeidet med å kjempa mot AIDS i Afrika.

- Det er viktig å vita kva afrikanarane vil at me skal gjera og ikkje berre kva dei afrikanske politikarane helst ynskjer å få oss til å gjera. Etter eit tre månadar langt studieopphald i Sør-Afrika og etter å ha snakka med vanlege folk, er eg overtydd om at det viktigaste bistandsorganisasjonane kan gjera no, er å finansiera medisinsk behandling av dei som allereie er råka av viruset. For mange døyr ein frykteleg smertefull død utan at dei har tilgang til medisinsk behandling. Ei slik behandling vil kunna halda samfunnshjula i desse landa i gang enda lenger. Haldningskampanjane overfor både ungdom og vaksne må likevel halda fram som før, understrekar han.

Jones har lufta tankane sine både overfor tilsette i dei skandinaviske bistandsorganisasjonane i Sør-Afrika og overfor dei som arbeider ved hovudkontora.

Afro-pessimismen

- Det typiske er at dei som jobbar ute i felten, er meir mottakelege for tankane mine enn dei som arbeider ved heimekontora. Sjølv trur eg det kan ha noko med den tradisjonelle bistandsideologien og afro-pessimismen å gjera. Det vil seia at dei brukar landsbygda i Kenya og Tanzania som eit bilete på korleis heile Afrika er. Dermed meiner dei at det er viktigare å byggja opp ein infrastruktur med helsestasjonar og legar i staden for å finansiera kjøp av AIDS-medisin. For i denne ideologien er det ikkje plass til eit Afrika med storbyar og moderne sjukehusvesen. Dermed passar ikkje det moderne Sør-Afrika inn i dette biletet, konstaterer han.

Den nederlandske bistandsorganisasjonen er, etter Jones´meining, den einaste i Vesten som er open for å delta i finansieringa av medisinsk behandling av AIDS-ramma ved sidan av pleie og haldningskampanjar. No etterlyser Jones ei liknande haldningsendring blant dei andre vestlege bistandsorganisasjonane som arbeider for å førebyggja AIDS i Afrika sør for Sahara.

- Ein heil generasjon afrikanarar kan døy

- I dette området er over 30 millionar personar råka av HIV-viruset. 4,1 millionar av dei treng medisinsk behandling medan berre 50 000 får det. Ein av menneskerettane er jo retten til medisinsk behandling om du blir sjuk. Om NORAD og dei andre bistandsorganisasjonane ikkje endrar politikken sin og overfører meir pengar direkte til medisinsk behandling, vil dei vera indirekte ansvarleg for at ein heil generasjon med afrikanarar går mot ein altfor tidleg død, fryktar Jones.

Han vil også rå bistandsorganisasjonane til å bruka Brasil og afrikanske land, som Botswana, som gode døme på at det er mogleg å gjera noko for å få ned tala på folk som døyr av AIDS.

- Det viser at det er mogleg å få kontroll over sjukdomen i Afrika også, så sant politikarane er villige til å bruka offentlege ressursar og billegare medisinar for å få det til, avsluttar han.

UD avviser kritikken

Informasjonssjef Espen Gullikstad hos utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson avviser kritikken frå Peris Jones.

- Utviklingsministeren har heile tida lagt vekt på at førebygging og behandling av HIV- og AIDS-pasientar skal gå hand i hand. Ho meiner også at tilgang til behandling er eit heilt rimeleg krav og understrekar at det er ingen motsetning mellom førebygging og behandling, men at det er viktig med parallelle løp, seier Gullikstad til Uniforum. Han avviser påstanden om at vestlege bistandsorganisasjonar berre har støtta førebygging og pleie av AIDS-pasientar.

- Etter kvart som det er utvikla medisinar som dempar sjukdomen og verkar livsforlengjande, så har ein i auka grad også byrja å sjå på medisinsk behandling av desse pasientane. Men slik behandling er avhengig av at det finst eit velfungerande helsesystem, og at ein fylgjer opp AIDS-pasientane så lenge dei lever, understrekar Gullikstad.

Utviklingsministerens informasjonssjef trekkjer også fram at Noreg jobbar for å letta tilgangen til livsforlengjande medisin for AIDS-pasientar.

- Noreg arbeider difor for at denne medisinen skal vera tilgjengeleg for ein pris som er mogleg å betala for dei fattigaste landa. Det er grunnen til at me arbeider for at det skal bli mogleg for fleire land å få løyve til å ta i bruk billegare kopimedisinar, fortel Gullikstad til Uniforum.

Emneord: Sentrene, HIV og AIDS, Afrika Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2003 15:44 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere