- Me ynskjer å gi dette prosjektet det heilt nødvendige lyftet slik at historia om denne gamle handelsstaden kan formidlast til oss alle, både i Noreg og i utlandet, sa statsminister Kjell Magne Bondevik etter at han hadde kunngjort avgjerda. Det er ei avgjerd som blir svært godt mottatt av prosjektleiar Dagfinn Skre i Kaupang-undersøkingane og professor ved Institutt for arkeologi, kunsthistorie og konservering (IAKK), UiO.
Internasjonalt handverkarsamfunn?
- No er heile finansieringspakka på 24 millionar kroner i boks. Dette vil blant anna gjera det mogleg å analysera dei 3000 potteskåra me har funne for å finna ut om det er brukt leire frå Kaupangdistriktet. 30 prosent av potteskåra er frå Rhindalen, 18 prosent frå dei slaviske landa og vel halvparten frå Danmark. Viss analysane viser at leira kjem frå dette området, vil det vera eit prov på at det var eit internasjonalt handverkarsamfunn i Kaupang, fortel ein entusiastisk Skre. - På den måten kan me gjera bruk av naturvitskapen for å fortalt noko om norsk kulturhistorie, legg han til.
Etter tre år med utgravingar er Kaupang-undersøkingane no i ferd med å analysera og publisera resultata i åra fram mot 2006. Etter sjølv å ha dekka inn det meste av dei budsjetterte utgiftene, vende Kaupang- undersøkingane sitt råd seg tidlegare i vår til regjeringa om pengane som mangla. I rådet sit også representantar for vikingbyane Birka i Sverige, York i England og Dublin i Irland. Regjeringa vil løyva dei 5 millionar kronene over tre år.
- No kan eg endeleg via meg fullt og heit til jobben som
prosjektleiar i staden for å skriva uendelege søknadar om
pengestøtte, seier ein letta Dagfinn Skre.
- Difor tillet eg meg å feira det gode nyhendet med å dela ei
flaske vin med kona mi 1. mai, avslører han.
Logg inn for å kommentere