Restaurerer Tøyen hovedgård for 10 mill. kr.

Tøyen hovedgård skal restaurerast for 10 millionar kroner. Praktbygningen frå 1700-talet kan i framtida bli sete for representasjonar i UiOs regi. - Me håpar bygningen skal bli like flott som Baroniet Rosendal, seier overarkitekt Synnøve Haugen i Teknisk avdeling.

FLOTT: - Me håpar denne bygningen skal bli like flott som Baroniet Rosendal, seier overarkitekt Synnøve Haugen i Teknisk avdeling.
Foto: Ståle Skogstad

Det var rett før jul Kollegiet gjekk inn for å bruka 10 millionar kroner av Tøyenfondet til restaurering av Tøyen hovedgård. Overarkitekt Synnøve Haugen i Teknisk avdeling er prosjektleiar for restaureringa, og ho har allereie fleire idear om kva bygningen kan brukast til.

- Det blir først og fremst eit viktig lokale for alle typar representasjonar, men me skal også ha inn ein større kafé og ein museumsbutikk. Me trur det kan vera grunnlag for heilårleg kafédrift med tanke på alle som kjem på besøk her om vinteren, seier Haugen til Uniforum. Fram til 1. desember arbeidde ho hos Riksantikvaren, så ho er godt nøgd med å ha fått ansvaret for restaureringa av Tøyen hovedgård.

Samarbeider med Riksantikvaren

- Det er jo ein fantastisk bygning med ei spennande historie, og difor ynskjer me å presentera Tøyens kulturhistorie og universitetet si historie i den restaurerte bygningen. Bygningen er sett saman både av bindingsverk og tømmer. Likevel har eigarane gjort alt dei har kunna for at den skulle sjå ut som ein murbygning. Tøyen hovedgård skal takast vare på som den kulturinstitusjonen den er, og så vidt me veit, finst det ingen store bygningstekniske skader. Sidan bygningen er verneverdig må restaureringsarbeidet gjerast i nært samarbeid med Riksantikvaren, understrekar ho.

Førebels er det sett ned ei brukargruppe som i løpet av 2003 skal ha klart eit romprogram for den verneverdige bygningen. Når det arbeidet er fullført, kan eit eller fleire arkitektfirma levera inn framlegg til prosjekt på grunnlag av romprogrammet.

- Etter planen skal arbeidet ta til i 2004 eller 2005. Men enno kan me ikkje seia når det skal vera avslutta, opplyser Synnøve Haugen til Uniforum.

Adelsgard

- Først vil me setja i gang med ein bygningshistorisk gjennomgang for å finna ut alt om historia til huset. Me veit at den første eigaren var kanslaren Jens Bjelke som overtok og seinare kjøpte Tøyen hovedgård i 1640. Sidan sonen hans, Jørgen Bjelke, blei adla, blei også Tøyen ein adelsgard. I 1811 kjøpte staten Tøyen for å etablera eit universitet her. I staden blei Botanisk hage lagt til denne eigedomen, fortel Haugen, og ho håpar å få tak i dei handverkarane som har spesialisert seg på restaurering av gamle bygningar.

- Me vil gjerne ha dei same handverkarane som Riksantikvaren engasjerte for å restaurera Slottet, Urbygningen og Observatoriet. Det er viktig å få inn folk som kjenner til dei gamle bygningsteknikkane og som heller vil reparera gamalt treverk i staden for å skifta det ut. Dessutan bør dei også kunna bruka linoljemaling, presiserer Synnøve Haugen. Og om restaureringsarbeidet går fort unna, kan UiO kanskje invitera gjestene sine til middag på Tøyen hovedgård for å feira 100-årsjubileet for unionsoppløysinga.

Desse personane sit i brukargruppa:

Helga Sagsveen, Teknisk avdeling
Synnøve Haugen, Teknisk avdeling
Thore Desserud, underdirektør Universitetets naturhistoriske museum
Knut Semb, Universitets naturhistoriske museum
Bjørn Kåre Johansen, representant for dei tilsette
Grete Klempel Starheim, Informasjonsavdelinga

Tøyen hovedgårds historie:

1620/1640: Kanslar Jens Bjelke overtar og kjøper seinare Tøyen hovedgård
1659: : Jørgen Bjelke overtar garden etter faren, og da han blir adla, blir Tøyen adelsgard
1676: . Garden blir selt til magistratpresident Christian Stockflet
1685: Christian 5. et middag på Tøyen 5. juni
1716: Døtrene Stockflet overtar garden etter foreldra
1734: Magdalena Stockflet får heile garden
1752 Frøken Maria Schøller eller Dame de Tøyen overtar etter tante Stockflet
1773: Garden blir selt til magistratspresident Willemsen
1793: Tøyen blir selt på auksjon til Arendalsskipparen Jørgen Floed
1803: Magistratspresident Johan Lausen Bull kjøper Tøyen
1811: Staten kjøper Tøyen med planar om å leggja universitetet der
Seinare blir Botanisk hage lagt til Tøyen
(Kjelde: Lise Lachmann og maktens relasjoner, hovudoppgåve i etnologi, 1999, av Bjørn Kristiansen)

Emneord: Tøyen, Museene Av Martin Toft
Publisert 26. feb. 2003 11:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere