- Ver venn med vinteren!

- For å overleva vinteren i Noreg, må du gjera deg til venns med den. Difor har eg byrja å læra meg å stå på ski. Det er filosofien til masterstudent i internasjonal samfunnsmedisin, Yordanos Mequanint Tiruneh frå Etiopia.

PÅ SKI: Yordanos Mequinateh Tiruneh på ski i Gausdal.

26 år gamle Yordanos Mequanint Tiruneh er den utanlandske studenten som har fått best pressedekking i Noreg. Som UiOs "bryllaupsgåve" til kronprinsparet ville alle vita kven denne etiopiske kvinna var då ho kom hit til landet i august i fjor. For å kunna treffa henne fire månader seinare, måtte me dra til Gausdal. På snøkledde vidder 1000 meter over havet fann me henne godt i gang med å læra å stå på ski saman med andre utanlandske studentar.

- Det har gitt meg meirsmak, sjølv om eg sikkert har sett verdsrekord i ha flest mogleg fall på kortast mogleg distanse. Målet mitt er å ta fleire skiturar i veka på Sognsvann for å bli enda betre til å stå på ski. Det nyttar ikkje å stå ute i kulden for å frysa. Då er det betre å halda varmen med å gå på ski, er Mequanint Tiruneh overtydd om.

Ho kjem frå Etiopias hovudstad Addis Abeba der ho både har vore sjukepleiar- og sosiologistudent . I tida før ho kom til Noreg føreleste ho om ungdom og helse ved Universitetet i Addis Abeba. Ho budde saman med foreldra sine midt i hovudstaden, men gjekk mest kvar dag på besøk til andre slektningar og venner som budde i nærleiken.

- Eg likar å vera åleine

- Faktisk så er ein av dei tinga eg likar best med å vera student i Noreg all den tida eg får høve til å studera på eiga hand utan tanke på at eg er sosialt forplikta til å dra på besøk til slektningar og venner heile tida. Som student har eg berre ansvar for meg sjølv og for at eg gjer det så godt at eg kan tena landet mitt på ein best mogleg måte når eg er ferdig med studia mine. Ikkje minst set eg pris på høvet til å bli kjent med andre studentar frå alle verdshjørne. I gangen der eg bur, er det studentar både frå Iran, Kina, Belgia, Afghanistan og Noreg. Det einaste eg saknar er Internett-tilknyting til hybelen min.

- Må ta initiativet

- Korleis har det vore for deg å koma i kontakt med nordmenn?

- Eg har lært at det er naudsynt for meg å ta initiativet om eg skal bli kjent med norske studentar. Det er ikkje noko stort problem for meg for eg er svært utadvent. For dei utanlandske studentane som ikkje er det, trur eg det kan vera eit stort problem. Sjølv har eg opplevd at dei nordmennene som eg har spurt etter vegen, har fylgd meg heilt fram, sjølv om dei var på veg til ein heilt annan stad. Når du først blir kjent med nordmenn, er dei verdas hyggelegaste personar, men då må du altså ta initiativet sjølv, slår ho fast, og understrekar at ho også har opplevd det motsette.

- Kort tid etter at eg hadde blitt intervjua av VG, ringde ei norsk kvinne til meg og inviterte meg på middag hos henne. Eg takka ja til invitasjonen, og me har framleis jamleg kontakt.

Alt på norsk

Likevel er det ein del ting som har irritert henne.

- Det ser ikkje ut som om det er gått opp for verken Studentsamskipnaden (SiO) eller UiO at mange av masterstudentane berre snakkar engelsk og heller ikkje har planar om å gå på norskkurs. Dei sender oss nemleg all informasjon på norsk slik at dei norske medstudentane våre, må omsetja det for oss. Det same gjeld den norske banken eg brukar, T-bana og alle musea. All informasjon står på norsk. Og ein skulle jo tru at det var flest utlendingar som besøkte musea i Oslo, ikkje sant?

All denne norske skiltinga fekk ho til å ta eit viktig val.

- Eg var nøydd til å ta eit norskkurs. Difor starta eg på eit av kursa til norsklærar Astrid Kjetså ved UiO. Og det har eg ikkje angra ein dag på. Ho var både språklærar, kultur- og samfunnslærar i ein og same person. Sidan ho også hadde vore student i eit anna land, kunne ho sjå det norske samfunnet i frå vår synsstad. No forstår eg meir av korleis nordmenn tenkjer og korleis det norske samfunnet er bygd opp. Dessutan forstår eg skilta på T-bana, smiler ho nøgd, og svært kry over å ha bestått eksamen i norsk.

Vanskeleg utan karakterar

- Men du kom ikkje til Noreg for å studera norsk, men internasjonal samfunnshelse. Korleis er du nøgd med det studiet?

- Det er interessante fag og masse å lesa. I dag har me forelesingar i eit strekk frå klokka ni til tre fire dagar i veka, og ein dag til sjølvstudium. Eg ville heller hatt fem dagar med undervisning frå klokka åtte til klokka tolv. For etter klokka tre orkar ein som regel ikkje å halda fram med å studera på eiga hand etter ein svært intensiv dag. Som lærar vil eg saman med andre medstudentar også koma med framlegg til endringar i dei pedagogiske metodane som blir brukte på det studiet.

- For meg var den største overgangen frå det etiopiske undervisningssystemet til det norske at me ikkje får karakterar på oppgåvene me leverer inn. Det er eg litt fortvila over for då veit eg ikkje om eg gjer ting godt nok, om eg bør forbetra meg på enkelte felt eller om eg gjer det svært godt. Difor har eg problem med å forstå korleis dei kan plukka ut dei beste studentane til å gå vidare på eit Ph.D.-studium.

- Eg har inntrykk av at universitetslærarane her er opptekne av at alle skal koma heilberga gjennom studiet. I Etiopia er det derimot hard konkurranse mellom studentane på alle fag der karakterane spelar ei viktig rolle for å skilja dei beste frå dei nest-beste.

Stolt over Etiopias historie

I Noreg har ho god kontakt med både etiopiske studentar og fastbuande.

- Annakvar sundag går eg på gudsteneste i den etiopisk-ortodokse kyrkja i Oslo. Den etiopisk-ortodokse kyrkja er ei av verdas eldste kristne kyrkjesamfunn noko me sjølvsagt er svært stolte av. Etiopia har ei over 3000 år gamal historie som eigen stat, og landet blei aldri kolonisert, sjølv om Mussolini og Italia gjorde eit forsøk på det på 1930-talet. Heimlandet mitt har også sitt eige alfabet og er eit multietnisk samfunn med mange forskjellige språk.

Håp i håpløysa

- Korleis er det då for deg å vera student i Noreg medan mange millionar etiopiarar er truga av sveltedøden?

- Det gjer meg svært trist for mange av dei som no svelt har betalt skatt og på den måten finansiert universitetsutdanninga mi. Over 85 prosent av folket i heimlandet mitt bur på landsbygda, så det er klart at det er dei som bidrar mest med skatteinntekter til den etiopiske staten. Eg skuldar dei å utdanna meg så godt eg kan slik at eg kan koma tilbake og hjelpa dei med kunnskapane mine når eg er ferdig.

- Samtidig gir det meg håp at eg og andre etiopiarar på min alder er i ferd med å skaffa oss ei solid utdanning både i og utanfor Etiopia. Det er me som skal styra Etiopia i framtida, og eg vil prøva å få etablert eit eige nettverk mellom oss slik at me i fellesskap kan få Etiopia på beina igjen.

Langsiktig hjelp

- Kva kan me i Noreg gjera for å hjelpa folket i Etiopia?

- Eg synest det er bra at de gir pengar til naudhjelp for FN og andre hjelpeorganisasjonar. Det vil nok redda mange millionar liv på kort sikt. Det er viktig å vera merksam på at dei aller fleste etiopiske bøndene driv jordbruk med okse og plog slik dei har gjort gjennom mange tusen år. Difor kan dei berre produsera landbruksprodukt frå eit år til eit anna. Dei produserer aldri så mykje at dei kan leggja noko av avlinga til side slik at dei kan vera godt førebudde om ikkje det livsnaudsynte regnet skulle koma.

- Difor trur eg at den beste måten Noreg kunne hjelpa Etiopia på, var å etablera vatningsanlegg for bøndene og læra dei meir moderne metodar for korleis dei kunne dyrka jorda si. Det ville også vera viktig å skaffa dei reint drikkevatn, og byggja skular og helsestasjonar. På den måten kunne Noreg gå føre og visa andre land korleis det er mogleg å gi langsiktig hjelp til Etiopia.

- Kva planar har du for framtida?

- Eg vil skaffa meg ein Ph.D.-grad slik at eg kan halda fram med forsking ved eit universitet i Etiopia. Og så skal eg halda fram med å gå på ski på Sognsvann, lovar ho.

Emneord: Internasjonalisering, Etiopia Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2003 11:23 - Sist endret 10. des. 2008 16:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere