Med blikk for det sære

- Det er fascinerande med dei som aldri sluttar å leika, men held fram med å kle seg ut som cowboyar eller vikingar lenge etter at dei er blitt vaksne. Det seier den norsk-britiske fotografen Lill-Ann Chepstow-Lusty ved Universitetets kulturhistoriske museum. Ho har nyleg kome ut med boka Absolutt viking .

OSLO: Silje Juvet, medlem av kampgruppa Draupnir i Oslo. (Foto: Lill-Ann Chepstow -Lusty frå Absolutt viking, Det norske Samlaget, 2002)

Etter at ho kom til verda i Noreg i 1960, drog foreldra like etter til England der dei etablerte seg med pensjonatet Europa Guest-House i badebyen Eastbourne.

- Pensjonatet var ei salig blanding av fjernsynsserien "Hotell i særklasse" (Fawlty Towers) og filmen "Hotel New Hampshire." Heile tida trefte eg hyggelege nye menneske, men like fort som dei kom, forsvann dei. Fordelen var at eg fekk ei svært god sosial trening, minnest Chepstow-Lusty. Slik blei ho glad i å observera menneske, og bestemte seg for å bli fotograf. Ho kom inn på Eastbourne College of Art and Design.

Avkledde menn

- Eg oppdaga raskt at mine mannlege medstudentar nytta seg av fotostudiet som eit påskot for å få jenter til å kle av seg framfor kamera. "Klarar dei det, så skal eg jammen få gutar til å gjera det same", tenkte eg. Så eg fekk ein mann til å stilla opp i berre trusa med ein pose med peanøtter diskret plassert på kanten av trusa. Biletet kalla eg for Lovable nuts (Elskelege nøtter), ler ho hjarteleg. I 1980 slo ho til igjen med bilete av avkledde menn på utstillinga "Women´s Images of Men" på Institute of Contemporary Art i London.

- Det var den beste besøkte utstillinga i London det året. Sjølv var eg overtydd om at eg hadde ført kvinnekampen eit steg framover. Eg kunne ikkje tatt meir feil. For eg blei stempla som kvinneleg pornograf, og bileta mine blei regelrett skjelte ut som sexistiske av den britiske kvinnerørsla. Sidan den gongen har eg alltid hatt eit dårleg forhold til kvinnerørsla i Storbritannia, som er meir ekstrem enn Kvinnegruppa Ottar i Noreg, meiner Chepstow-Lusty. Likevel var det ei kvinne med ei heilt anna politisk overtyding som indirekte får skulda for at Lill-Ann Chepstow-Lusty hamna i Noreg.

- I 1981 under den første regjeringsperioden til Margareth Thatcher var det over fire millionar arbeidsledige i Storbritannia. Foreldra mine såg ikkje lyst på sjansane mine til å få jobb som fotograf i Thatchers Storbritannia. Dei tenkte at det heilt sikkert ville vera betre for meg å gå arbeidsledig i Noreg.

- Glade i flagga sine

- Kva var førsteinntrykket ditt av Noreg?

- Det første eg la merke til var kor glade folk var i flagga sine. Dei hadde dei på flaggstanga, i bilen, på ryggsekken, på bordet, i bokhylla og på hytta. Kort sagt overalt, konstaterer ho. Yrkeskarrieren hennar i Noreg starta med jobben som heimehjelp i Majorstua/Frogner bydel.

- Eg blei tildelt dei eldre som hadde ord på seg for å vera vanskelege og skjella ut heimehjelpene sine. Men eg gjekk på med krum hals, og var heilt med på notane då dei eldre damene bad meg om å halda gardintrappa slik at dei kunne vaska vindauga sine sjølve. Eg hadde heller ingenting imot å dra og gjera innkjøp for dei på Vinmonopolet. Faktisk så hadde eg byrja å trivast som heimehjelp, då eg brått fekk beskjed om at på grunn av innskrenkingar hadde ikkje bydelen bruk for meg lenger, seier ho. Kort tid etter fekk ho jobb som vakt på Historisk museum.

- Då dei søkte etter myntfotograf, melde eg meg, sjølv om eg aldri hadde tatt bilete av myntar før. Jobben blei min, og slik blei eg Noregs einaste fast tilsette myntfotograf, fortel Chepstow-Lusty. Ho driv med eigne fotoprosjekt ved sidan av den halve stillinga som myntfotograf.

Fann det amerikanske i det norske

- Du arbeider som fotograf i Noreg i staden for i Storbritannia. Ville det ikkje ha vore lettare for deg å finna gode motiv i Storbritannia?

- Slett ikkje! Sidan eg kjem utanfrå, ser eg ting som dei som alltid har budd i Noreg ikkje legg merke til. Difor bestemte eg meg tidleg for å ta bilete av norske særkulturar. Det var på den måten boka "Norge - helt Texas"Pax forlag, 1992, blei til. Då var eg eigentleg på jakt etter det heilt norske, men eg oppdaga at det var masse amerikansk påverknad i den norske kulturen. Dessutan fann eg ut at det var nokon som tok det heilt ut og kledde seg ut som amerikanske cowboyar.

- På slutten av 1980-talet eksisterte ikkje Internett, så difor måtte eg ta kontakt med plateselskap og musikk-klubbar for å finna ut kvar eg kunne treffa dei norske cowboykulturane. Slik hamna eg på cowboy- og countryfestivalar over heile Noreg. Eg minnest ein gong i Vikersund då ein norsk cowboyklubb hadde invitert over den svenske indianargruppa Sioux Indian Club slik at dei kunne simulera ein kamp mellom cowboyar og indianarar i Ville Vesten. Det var eigentleg heilt surrealistisk, nordmenn som cowboyar og svenskar som indianarar, men det fekk meg verkeleg til å tenkja over kvifor me sluttar å leika, når me sluttar å leika og kvifor desse personane aldri sluttar å leika, filosoferer ho.

På leit etter dagens vikingar

Det siste fotoprosjektet hennar gjekk ut på å spora opp den internasjonale vikingkulturen. Resultatet blei boka Absolutt viking som kom ut på Det norske Samlaget tidlegare i år.

- Det var mykje vanskelegare å finna norske vikinglaug enn norske cowboyar. Ja, det var faktisk mykje lettare å finna utanlandske vikinglaug enn norske, konstaterer ho. Lettast var det for ho å finna dei internasjonale vikingkulturane på Jorvik Viking Festival i York i Storbritannia.

- Der møtte eg vikinglaug både frå Polen, Russland, Tyskland, USA, og Spania. Chepstow-Lusty drog ei tid etter til Caborra like ved Santiago de Compostela i Nord-Spania.

- Der klarte den spanske kongen å slå tilbake ein vikinghær rundt det første tusenårsskiftet. Vikingane tapte altså slaget, men kvart år minnest innbyggjarane i denne landsbyen dette slaget med å spela det på nytt med folk frå landsbyen både som vikingar og spanske soldatar. Ein gjeng med 30 menn går omkring i landsbyen og dynkar folk i raudvin som skal vera vikingblod. Då eg var der var dessutan alle dei mannlege innbyggjarane fulle før klokka 13. Det største problemet var likevel at det var meir populært å spela vikingar enn spanske soldatar, hugsar Chepstow-Lusty.

Hjelmar med horn

Ho har også filosofert litt over kvifor det dukka opp horn på vikinghjelmane.

- Like ved denne landsbyen blir det skipa til ein tyrefektarfestival samtidig. Difor trur eg kanskje det var i det området nokon fekk ideen om å setja oksehorn på vikinghjelmane, undrar ho. - Dessutan så viser ein biletvev frå Osebergfunnet også ein viking med ein hjelm med horn. Berre sjå her, seier ho, og drar fram eit bilete ho har tatt av teppet. Og ganske rett, det viser ein viking med ein hjelm med horn.

- Vikingane var kosmopolittar

- For 25 år sidan fanst det ingen vikinglaug i Noreg. Grunnen var truleg at vikingsymbola var både erobra og misbrukte av nynazistar og gamalnazistar. Dette var jo heilt feil, for vikingane var mest truleg kosmopolittar, på same måten som dei som kler seg i vikingklede i dag. Gjenerobringa av vikingsymbola skjedde ikkje i Noreg før i byrjinga på 1990-talet då det første moderne norske vikinglauget blei stifta. Og då kom det paradoksalt nok via Storbritannia, som truleg er det landet som har lidd mest av herjingane til vikingane. I dag øver kampgruppa Draupir ein gong i veka på Norsk folkemuseum på Bygdøy. Det viser at det har vore ein renessanse for vikingkulturen også i Noreg, konkluderer ho.

- Personleg trur eg at både dei som kler seg ut som cowboyar og som vikingar, finn sin eigen identitet og lærer kven dei eigentleg er fordi kostyma overstig nasjonalitetsgrenser, meiner Chepstow-Lusty, som også er blitt medlem i Borg Vikinglag i Sarpsborg.

- Det går jo ikkje an å lata vera å bli glad i folk som dyrkar fritidsinteressa si berre med å ta på seg vikingkostyme, drikka øl og svinga med eit sverd, legg ho til.

Emneord: Museene, Feature Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2003 15:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere