Kollegiet blir Universitetsstyret

Kollegiet blir omdøypt til Universitetsstyret. Det blir den første saka som det 11 medlemar nyvalde kollegiet kjem til å vedta på det første møtet sitt tysdag 21. januar. Det skal også tilsetjast ny organisasjons- og personaldirektør.

NYTT STYRE: Rektor Arild Underdal startar det nye året med å leia eit nytt styre for UiO.
Foto: Trine Nickelsen

Det akademiske kollegium kjem altså til å bli gravlagt under møtet tysdag 21. januar og blir etterfylgd av Universitetsstyret. Bortsett frå namnet er skilnaden på Det akademiske kollegium og Universitetsstyret talet på medlemar. Medan Kollegiet hadde 13 medlemar, har Universitetsstyret 11 medlemar.

Ein annan viktig skilnad er det faktum at medan Kollegiet hadde to eksterne medlemar, vil det no vera fire i UiOs øvste styringsorgan. Dermed blir det berre tre medlemar som representerer dei vitskaplege og dei teknisk-administrativt tilsette ved UiO.

Ny personaldirektør

Den andre store saka som skal handsamast av Universitetsstyret er tilsetjinga av ny organisasjons- og personaldirektør. Stillinga har stått ledig sidan Grethe Fjeld Heltne slutta våren 2002. Det blei også tilsett ein ny organisasjons- og personaldirektør på seinsommaren i fjor, men vedkomande som blei tilsett, takka til slutt nei. Difor blei det sett i gang ein ny søknadsrunde i haust. Universitetsdirektør Tor Saglie går inn for at Elisabeth Halsen blir tilsett i denne stillinga. Ho har tidlegare blant anna hatt stillinga som direktør for organisasjon, kultur og kompetanse i Gyldendal Norsk Forlag.

56 masterprogram

I tillegg skal Universitetsstyret også godkjenna alle dei 56 masterprogramma som UiO skal tilby studentane frå hausten 2003. Dei aller fleste av desse programma er på to år med unntak av profesjonsstudia som anten er på fem (informatikk, samfunnsøkonomi, odontologi) eller seks år, t.d. teologi.

Kollegierådet blir lagt ned

Universitetsstyret kjem dessutan til å vedta å leggja ned Kollegierådet, som tidlegare ofte kom med innspel til Kollegiet utan at det hadde nokon formell maktposisjon. Det blir foreslått at det som ei forsøksordning blir etablert eit internt forum for universitetspolitisk debatt.

Dette forumet skal leiast av eit arbeidsutval som er sett saman av ein dekan, som skal utpeikast av dekanane, ein representant for dei teknisk-administrativt tilsette, utpeika av denne valkrinsen sin styrerepresentant og vararepresentantar i fellesskap, ein representant for yngre vitskapleg personale (stipendiat, postdoc, førsteamanuensis) utpeika av stipendiatrepresentantane i styret sin komité for forsking og forskarutdanning og til sist ein student utpeika av Studentparlamentets arbeidsutval.

Ingen av medlemane eller varamedlemane til Universitetsstyret eller den sentrale leiinga kan sitja i arbeidsutvalet, står det i framlegget til vedtak frå universitetsdirektøren.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2003 14:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere