Blei overvaka på UiO

Dagleg leiar Olaf Svorstøl ved Samordna opptak får 20 000 kroner i erstatning for å ha blitt overvaka av Overvakingspolitiet frå 1969-1989. Av mappa hans går det også fram at han blei overvaka ved UiO i 1982 i samband med medlemskapen sin i Tenestemannslaget ved UiO.

OVERVAKA: Dagleg leiar for Samordna opptak, Olaf Svorstøl viser fram Overvakingspolitiets mappe om han.
Foto: Ståle Skogstad

Olaf Svorstøl er dagleg leiar ved Samordna opptak og var i tre år medlem av Kollegiet. Politisk har han vore engasjert i RV og AKP (m-l) og leia solidaritetsarbeid med Latin-Amerika og Tsjekkoslovakia. Dessutan har han vore med i styret for Tenestemannslaget ved UiO.

Ingen våpentrening

- Eg har aldri rekna med at denne aktiviteten skulle få nokon til å rekna meg som terrorist. Trass alt har eg jo vore tilsett i 30 år ved Universitetet i Oslo. Rett nok har jo både AKP (m-l) og SUF tala om væpna revolusjon i samband med diskusjonen om overgang frå kapitalisme til sosialisme og det faktum at borgarskapen ikkje ville godta eit fleirtal som ynskte sosialisme. Difor ville den koma til å bruka vald mot dette fleirtalet, noko som ville føra til at arbeidarklassen måtte forsvara seg.

- Men me har aldri drive med våpentrening, det er det nynazistar som har gjort. Overvakingspolitiet trengte ikkje 20 år på å finna ut det, seier Svorstøl til Uniforum.

Overvaka på Blindern

I dokumentet som omhandlar aktiviteten hans som medlem i Tenestemannslagets avdeling ved UiO i 1982, blir det spekulert på om det er usemje i styret for fagforeininga: Rapporten har overskrifta "Spittelse i M-L-ledelsen ved Universitetets tjenestemannslag? Deretter står fylgjande: Pålitelig kilde forteller at det er splittelse på gang i m-l-ledelsen ved NTL (Norsk Tjenestemannslag), avdeling Universitetet: Det som kjem etter dette kolonet er vekke. Til slutt kjem ei kort orientering: Det vedlegges et eksemplar av rundskrivet som - undertegnet av Olaf Svorstøl - sendes til alle universitetsansatte, også vedlagt et utdrag av forskjellige uttalelser fra KK-lesere og persongalleri over ansatte i KK.

- Har du nokon idé om kven det kan ha vore som har sendt rapportar om deg til Overvakingspolitiet?

- Nei, det har eg ikkje, men språket tyder på at det er folk utanfor NTL som har skrive rapporten. Det finst uttrykk og omgrep i denne rapporten som ein fagforeiningsaktivist normalt ikkje ville ha brukt, slår Svorstøl fast.

Ingen rapport om partipolitisk aktivitet

Det som er den største overraskinga for han, er at det mest er rapportar om fagforeinings- og solidaritetsarbeidet hans som er med i mappa og ikkje rapportar om den politiske aktiviteten på den norske venstresida.

- Eg er heilt sikker på at det finst rapportar om denne aktiviteten min også, og at denne overvakinga held fram. Men sannsynlegvis har Politiets Sikringsteneste (PST) (tidl. Politiets Overvakingsteneste (POT) ) makulert desse papira eller arkiverer dei på ein annan måte etter at Lund-kommisjonen offentleggjorde rapporten sin om overvakinga av folk på venstresida, meiner Svorstøl.

Overvaka solidaritetsarbeid

Dei papira han har fått overlevert, viser at overvakinga starta då han byrja som styremedlem i Cuba-foreininga i 1969.

- Cuba var vel for mange farleg nok, men det har også vist seg at solidaritetsarbeidet eg har drive saman med og for diktaturmotstandarane i Chile, sandinistrørsla i Nicaragua og opposisjonen i det sovjetunderlagde Tsjekkoslovakia, er blitt overvaka. Kanskje med unntak av Cuba har jo dette arbeidet på mange måtar vore ein del av Noregs offisielle politikk.

- I 1988 deltok eg i organiseringa av 20-årsmarkeringa for Sovjetunionens invasjon av Tsjekkoslovakia saman med tidlegare leiar for Arbeidarpartiet, Reiulf Steen. Også denne aktiviteten hadde Overvakingspolitiet ein rapport om, som det ligg ein kopi av i mappa mi, seier han.

- Mange vil sikkert hevda at du var ein tryggingsrisiko fordi du var medlem i AKP og RV. Kva seier du til det?

- Eg er for at eit land har ei overvakingsteneste, men eg kan ikkje sjå at dei aktivitetane som det er blitt rapporterte om meg til Overvakingspolitiet, kan forsvara ei slik overvaking. Også på denne tida var jo AKP og RV ivrige tilhengjarar av at Noreg skulle ha eit sterkt forsvar. Det som skilte oss frå andre parti, var at me var imot begge dei to supermaktene USA og Sovjetunionen. Difor gjekk me også inn for at Noreg skulle ut av NATO, seier Svorstøl.

Telefonavlytting

Han fortel om tilfelle der han er blitt utsett for telefonovervaking.

- Ein gong i 1983/84 fekk eg ein telefon om at det ville koma ein delegasjon med representantar for eit venstreparti i Peru med tog til Østbanen i Oslo. Sjølv kunne eg ikkje møta dei, men dei blei møtt av representantar for norsk politi. Ein annan gong fekk eg ein telefon om at det fanst ein kubansk dissident i Noreg. Begge telefonsamtalane er det likevel laga rapportar på, noko som er eit prov på at Overvakingspolitiet avlytta nokre av telefonsamtalane mine med andre, konkluderer han med. Svorstøl har også opplevd ting som tyder på eit nært samarbeid mellom norsk og amerikansk politi.

Fly omdirigert

- På 1980-talet var eg og to andre frå AKP på delegasjonstur til Latin-Amerika for å besøka andre venstreparti i Peru, Bolivia, Colombia, Venezuela og Den dominikanske republikken. På veg frå Santo Domingo skulle me mellomlanda i Puerto Ricos "hovudstad" San Juan. Før me kom dit, fekk me brått beskjed om at flyet ville landa i ein heilt annan by.

- Då me hadde landa der, blei me tre tatt til side og avhøyrde av fleire amerikanske politifolk som gjerne ville vita alt om besøket vårt i Latin-Amerika. Då dei hadde snakka me oss, blei dei 80 andre passasjerane kalla tilbake og så kunne flyet endeleg dra til San Juan, minnest han.

Angrar ingenting

Sjølv angrar han ikkje på det politiske engasjementet sitt på den ytste venstresida.

- Eg vil ikkje ta noko oppgjer med bakgrunnen min i RV og AKP, og eg er jo framleis med. I dag har eg tillitsverv som leiar i Oslo RV og som medlem i AKPs internasjonale utval. Det har skjedd mange fryktelege ting i både kommunismen og i sosialismen sitt namn. Men det same skjer kontinuerleg på grunn av kapitalismen. Berre sjå kva som er i ferd med å skje i det andre heimlandet mitt, Venezuela. Der blir det protestar og store demonstrasjonar med ein gong president Hugo Chavez prøver å innføra progressiv skatt og få større statleg kontroll med oljeproduksjonen. Akkurat det same som Noreg har gjort tidlegare, konstaterer Svorstøl.

Han flirer godt når han fortel kva dei 20 000 kronene han har fått i erstatning, skal gå til.

- I samråd med AKPs internasjonale utval og RV skal eg dra på studiereise til Cuba med ektefellen min, der eg skal helsa på ein gamal venn av meg som tidlegare jobba på Cubas ambassade i Oslo. Det er han som har "skulda" for at eg blei radikal. Ein Cuba-tur kan vera passande sidan det var vervet som styremedlem i Cuba-foreininga som gjorde at eg hamna i Overvakingspolitiets mappe, seier Svorstøl.

Emneord: Universitetspolitikk, Overvaking Av Martin Toft
Publisert 30. jan. 2003 10:15 - Sist endret 10. des. 2008 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere