UiOs menneskerettspris til Asma Jahangir frå Pakistan

Den kvinnelege menneskerettsadvokaten Asma Jahangir frå Pakistan er tildelt UiOs menneskerettspris for 2002. Ho er særleg kjent for arbeidet sitt med å forhindra utnytting av religiøse minoritetar, kvinner og barn både i Pakistan og i andre delar av verda. Prisen blir utdelt i Georg Sverdrups hus på Blindern 29. oktober.

FÅR PRIS: Den pakistanske menneskerettsadvoktaten Asma Jahangir er tildelt UiOs menneskerettspris. (Foto: Astri Kamsvåg, CMI)

Asma Jahangir får tildelt UiOs menneskerettspris - Lisl og Leo Eitingers pris for arbeidet sitt i kampen mot æresdrap, Hadood-lovene og liveigenskapen i Pakistan. Dessutan får ho prisen for sitt internasjonale engasjement som FNs spesialrapportør for utanomrettslege, summariske og vilkårlege avrettingar, heiter det i grunngjevinga til priskomiteen.

Etter at Jahangir var ferdig med jusstudiet i 1978, grunnla ho det aller første rettshjelpskontoret for kvinner i heimlandet sitt. Ein viktig del av dette arbeidet gjekk ut på å hjelpa kvinner som er blitt truga med æresdrap etter å ha forlate ein valdeleg ektemann. Ho har også kjempa mot dei såkalla Hadood-lovene som gjer det mogleg at ei kvinne som er blitt valdteken, sjølv kan bli straffa for umoralsk åtferd, dersom ho ikkje kan bevisa at det har funne stad ein valdtekt. Denne lova har gjort det bokstavleg tala umogleg å døma nokon for valdtekt i Pakistan.

Jahangir har med ganske stor suksess kjempa mot lova som tillett liveigenskap. Ho har dessutan leia Den pakistanske menneskerettskommisjonen. I 1998 blei ho utnemnt til FNs spesialrapportør for utanomrettslege, summariske og vilkårlege avrettingar.

Denne stillinga sit ho framleis i. 8. mars 2001 blei ho tildelt "Milleniumprisen", som blir utdelt av FNs Utviklingsfond for kvinner. Ho delte prisen med den ikkje-statlege organisasjonen International Alert. Dessutan har ho tidlegare fått tildelt King Baudouin International Development Prize (1998) og the Human Rights Award(1999) frå Lawyers Committee for Human Rights.

Asma Jahangir vil sjølv vera til stades i Georg Sverdrups hus under utdelinga av UiOs menneskrettspris den 29. oktober. (Kjelder: Christian Michelsens Institutt og priskomiteen for UiOs menneskerettspris)

Emneord: Priser, Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 10. okt. 2002 09:57 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere