Etterlyser gode idear

- Det er mange idear omkring i forskningsmiljøa på UiO med eit kommersielt potensial - fleire enn vi trur. Nå spelar vi saman med Forskingsparken for å finna dei beste ideane, seier assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien.

- Velkommen til å delta i Idékonkurransen! ynskjer Inger Stray Lien
Foto: Ståle Skogstad

Universitetet i Oslo og Forskingsparken ber no forskarar i Osloregionen om å melda seg på i konkurransen om den beste ideen eller prosjektet som kan danna grunnlag for næringsverksemd. Søknadsfristen går ut 20. september, og innan den tid må dei som ynskjer å delta i konkurransen, ha levert inn ei idéskildring til Forskingsparken. Der skal ein jury vurdera kor sannsynleg det er at ideen kan bli ein kommersiell suksess, kor stor teknologisk/medisinsk nyhendeverdi ideen har, og den skal også vurdera om det innsende framlegget er ein ny idé som ikkje allereie er under kommersiell utvikling.

Dei seks mest lovande ideane går vidare til finalen 10. oktober. På sjølve finaledagen vil dei seks finalistane bli bedne om å presentera ideen sin for juryen i løpet av om lag 45 minuttar. Premieutdelinga skal skje på Gründerdagen 10. oktober, om ettermiddagen.

- Forskingsmiljø innan naturvitskap og medisin har ein viss tradisjon for å kommersialisera forskninga si. No ser me tekn til at forskarar også innan humaniora og samfunnsvitskap ser korleis dei kan utvikla produkt av den forskinga dei held på med.

Frå skuffer og skap

- Formålet med konkurransen er å auka merksemda rundt kommersialisering av forskingsresultat, og få fram resultat innan forsking og utvikling frå skuffer og skap, seier nyskapingsdirektør Bjørn Lillekjendlie i Forskingsparken.

Han viser til at under dei tidlegare idékonkurransane i 1993, 1995 og 1997, kom det desidert flest bidrag frå UiO. Blant tidlegare prisvinnarar finn me grunnleggjarane av det farmasøytiske selskapet Photocure AS, Johan Moan og Karl Erik Giercsky. Dei hadde ideen til korleis hudkreft kunne behandlast på ein ny måte. Også selskap som Affitech AS og Integrert Detektor og Elektronikk AS er danna som eit resultat av premierte idear i denne konkurransen.

- Hovudkonklusjonen frå idékonkurransane våre, er at fleire av dei premierte ideane i dag er kommersialiserte i form av bedrifter eller som lisensar til norsk og utanlandske selskap, understrekar Lillekjendlie. Dei som ynskjer å delta i konkurransen, kan skaffa seg all den informasjon dei treng ved å gå inn på fylgjande nettside: http://www.forskningsparken.no/idekonkurransen/

For meir administrativ informasjon når det gjeld UiO, kontakt Kathrine Myhre: kathrine.myhre@admin.uio.no

For meir informasjon og assistanse til utarbeiding av ideen, kontakt
Kjell Thoresen: kjell.thoresen@forskningsparken.no
Johan Holst: johan.holst@forskningsparken.no

Emneord: Forskningsparken Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2002 09:16 - Sist endret 10. des. 2008 14:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere