- 11. september gav Bush ein utanrikspolitikk

- Før åtaka mot World Trade Centre og Pentagon 11. september i fjor hadde president George W. Bush ingen klar utanrikspolitikk. Etter åtaka blei "Krigen mot terror" hans offisielle utanrikspolitikk, seier den amerikanske jusprofessoren Jed Rubenfeld frå Yale Law School til Uniforum.

KRIG MOT TERROR: - Krig mot terror blei Bushs utanrikspolitikk etter 11. september 2001, meiner jusprofessor Jed Rubenfeld ved Yale Law School.
Foto: Martin Toft

Den 11. september i år deltok Jed Rubenfeld på eit internasjonalt seminiar om terrorisme i regi av Institutt for menneskerettar, UiO. Der kom han inn på kva lovar og tiltak USA hadde sett i verk på heimebane for å hindra at liknande terroraksjonar skulle skje i framtida.

Han er internasjonalt kjent som amerikansk medlem av Venezia-kommisjonen, som har gått i bresjen for å hjelpa dei tidlegare kommunistlanda i Aust-Europa med å laga si eiga grunnlov. Men han er også oppteken av korleis USA i staden for å satsa på internasjonalt samarbeid har satsa på å gjennomføra sine eigne utanrikspolitiske mål utan å ta omsyn til kva andre land meiner.

Rubenfeld minnest godt kva han gjorde den 11. september 2001.

- Då var eg på kontoret mitt ved Yale i New Haven i Connecticut. Først var det heilt umogleg både for meg og kollegaene mine å tru det me såg på fjernsynet, at to fly hadde kræsja med tvillingtårna på World Trade Centre og fått dei til å falla saman. Deretter byrja eg å tenkja på alle vennene mine i New York, og spesielt på dei som eg visste jobba i World Trade Centre.

- Hadde dei klart å redda seg eller låg også dei i ruinane, tenkte eg. Til slutt kom tankane inn på dei som hadde stått bak terroraksjonane og kvifor dei hadde gjort det. Heldigvis overlevde alle vennene mine, men eg som alle andre kjenner folk som mista både venner og sine nærmaste i desse terroråtaka, Han ser eit heilt klart skifte i president George W. Bushs utanrikspolitikk før og etter denne traumatiske datoen for alle amerikanarar.

Alliansen mot terrorisme

- Før 11. september var USAs og Bushs utanrikspolitikk først og fremst fokusert på korleis menneskerettane blei overhaldne i Kina. Etter 11. september var ikkje menneskerettssituasjonen i Kina så viktig lenger. Då blei fokuset sett på dei regima som kunne assosierast med terrorisme. Samtidig kunne det forsvarast med at terrorisme også er eit trugsmål mot menneskerettane og den individuelle fridomen.

- Slik blei alliansen mot terrorisme bygd opp før den nådde klimaks med åtaket på Taliban-regimet og terrornettverket Al Qaida i Afghanistan, fortel han. Rubenfeld trur likevel USA lærte ei lekse under den aksjonen.

Irak

- USA kunne ikkje rekna med full oppslutnad frå det internasjonale samfunnet i USAs krig mot terror. Difor er den amerikanske regjeringa villig til å gå til krig mot Irak sjølv om landet ikkje får full internasjonal oppslutnad om det. Og då vil hovudgrunnen vera faren for at Iraks diktator Saddam Hussein skal ta i bruk masseøydeleggingsvåpen.

- Men trur du ikkje at dei rike oljeførekomstane i Irak også vil vera eit argument for å gå til krig?

- Det vil i alle fall ikkje bli den offisielle forklaringa på eit eventuelt åtak. Når det gjeld Golfkrigen i 1991, så var nok dei store oljerikdomane i Saudi-Arabia og den viktige rolla dei spelar for verdsøkonomien eit viktig argument for å gå til åtak mot Irak etter landets invasjon av Kuwait, meiner Rubenfeld.

Jugoslavia

Han trur den nye amerikanske unilateralismen i utanrikspolitikken kan forklarast med det som skjedde under krigane i det tidlegare Jugoslavia.

- Etter at både EU og FN hadde nølt med å senda væpna styrkar til Kosovo, gjorde USA det til slutt for å hindra eit folkemord. EU var heller ikkje særleg ivrig til å setja i gang aksjonar saman med USA i Afghanistan etter terroråtaka 11. september.

- Dermed sette USA i verk aksjonen utan å venta på at dei andre landa skulle bestemma seg. Det viktigaste for USA er nemleg å ta vare på den nasjonale sjølvråderetten. Difor er heller ikkje landet villig til å lata internasjonale lovar og avtalar telja meir enn nasjonal lov slik EU-landa er, seier Rubenfeld.

- Kvifor ynskjer USA å setja all tidlegare sympati og medkjensle til side ved å nekta å fylgja gode råd i politikken overfor Irak og nekta å skriva under avtalen om etableringa av Den internasjonale straffedomstolen?

- For å ta den siste delen av spørsmålet først; under seminaret eg deltok på hos Institutt for menneskerettar 11. september, var det mange juristar som slo fast at USAs intervensjon i Kosovo var illegal. Samtidig meinte dei at amerikanske soldatar likevel ikkje ville kunne dømast for å ha slept bomber over Kosovo fordi det ikkje ville kunne definerast som ei individuell handling. Derimot kunne USAs intervensjon ha blitt dømt som illegal.

- Dette viser at USA kan ha grunn til å frykta at amerikanske soldatar kan bli brakt fram for ein slik domstol. Når det gjeld Irak, meiner USA at landet kan gå til åtak fordi det er viktigare å uskadeleggjera masseøydeleggingsvåpna til Saddam Hussein enn å ta omsyn til kva det internasjonale samfunnet meiner, konstaterer Rubenfeld.

KRIG MOT TERROR: - Krig mot terror blei president Bush sin offisielle utanrikspolitikk etter 11. september 2001, slår jusprofessor Jed Rubenfeld frå Yale fast. (Foto: Martin Toft)

Emneord: Terror i USA, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2002 13:15 - Sist endra 10. des. 2008 14:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere