Kronprinsparet møtte bryllaupsgåve på UiO

- Eg er stolt over at eg blei tildelt dette kongelege stipendet som gjer det mogleg for meg å kunne studera to år på mastergradsstudiet i internasjonal samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo. Det sa den kvinnelege etiopiske studenten, Yordanos Mequanint Tiruneh, i takketalen sin til kronprins Haakon Magnus, kronprinsesse Mette-Marit og universitetsleiinga under ei mottaking ved Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin i Frederik Holsts hus på Ullevål fredag 16. august.

Kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette-Marit møter den etiopiske stipendiaten Yordanos M. Tiruneh.
Foto: Ståle Skogstad

UiOs bryllaupspresang til kronprinsparet i fjor var eit stipend til ein student frå sør. Den kvinnelege studenten Yordanos Mequanint Tiruneh frå Etiopia blei til slutt plukka ut som "bryllupsgåva". Sjølv har ho ingenting i mot å bli presentert som " bryllaupsgåva" frå Etiopia.

- Nei, eg synest det er heilt greitt. I Storbritannia har dei fleire kongelege studentstipend, medan USA har studentstipend som ber namnet til presidentar eller andre kjende politikarar. For meg personleg vil dette stipendet gi meg høve til å setja meg grundigare inn i hovudinteressa mi som er å førebyggja helseproblem og informera om helse blant ungdom. Eg er spesielt oppteken av korleis sosiale faktorar kan virka inn på helsetilstanden i eit samfunn, understreka Yordanos Mequanint Tiruneh i ein kort samtale med Uniforum.

Noreg og Etiopia

I talen sin til kronprinsparet trekte ho i tillegg fram det faktum at Noreg har drive utviklingsarbeid i Etiopia sidan 1960-talet, og like lenge har norske universitet samarbeidd med Universitetet i Addis Abeba, der ho sjølv både har vore student og forelesar.

- Dette stipendet er eit privilegium som vil gjera det mogleg for meg å verkeleggjera mine draumar om å driva forsking på samanhengen mellom helse og sosiale faktorar, sa ho, og viste til at ho både har studert sjukepleie og sosiologi.

Prorektor Anne-Brit Kolstø ynskte henne hjarteleg velkomen til Universitetet i Oslo og syntest det var hyggeleg at det var ei etiopisk kvinne som hadde fått det kongelege stipendet.
- Det er ikkje alltid like lett å finna den perfekte bryllaupsgåva, men denne gongen trur eg universitetet fann fram til både ei meiningsfull og nyttig gåve, konstaterte ho. Til slutt fekk Yordanos Mequanint Tiruneh høve til å ha ein privat samtale med kronprinsparet. Neste veke skal ho og 19 andre studentar møta opp til første forelesing på det to år lange mastergradsstudiet i internasjonal helse.
Under opphaldet i Noreg, skal ho bu på Kringsjå studentby.
-

Emneord: Internasjonalisering, Internasjonal samfunnshelse, Afrika, Etiopia Av Martin Toft
Publisert 16. aug. 2002 15:17 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere