Prosjektet er eit samarbeidstiltak mellom alle dei fire universiteta i Noreg, men i tillegg deltar Høgskulane i Østfold og i Agder og Telemarksforsking i utviklinga av dette utdanningstilbodet. Telemarksforsking skal fortløpande evaluera utviklinga av dei nye etter- og vidareutdanningstilboda. UNIVETT har fått det nasjonale koordinatoransvaret for heile prosjektet, opplyser prosjektleiar Jennifer Akselsen til Uniforum.
- Planen er å utvikla eit studieprogram på 30 studiepoeng for dei som allereie er tysk- og fransklærarar, men som ynskjer fagleg påfyll. Dessutan vil me laga eit studieprogram på 60 studiepoeng for dei som verken er fransk- eller tysklærarar i dag, men som kan tenkja seg å bli det, fortel Akselsen. Det første kurset skal vera klart allereie i januar, men det andre kurset skal vera klart til hausten 2003.
200 lærarar
- Me håpar at over 200 lærarar vil melda seg på desse kursa.
Og på grunn av det store behovet for tysk- og fransklærarar,
skal det bli spennande å sjå om skulestyresmaktene vil leggja
forholda til rette for at lærarane skal kunna ta desse kursa,
seier ho. Desse kursa skal utviklast i nært samarbeid med
Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling, og dei vil i
stor grad bli nettbaserte.
- Begge kursa skal leggjast til rette for at det skal vera
mogleg å kunna kombinera dei med ein heil lærarstilling.
understrekar Akselsen, som meiner det var HF-seminaret om
behovet for vidareutdanning i tysk og fransk i fjor haust,
som fekk snøballen til å rulla og pengane til å trilla frå
Utdannings- og forskingsdepartementet og til dette
prosjektet.
- Resultatet er dei åtte millionar kronene me har fått til utviklinga av desse etter- og vidareutdanningstilboda, seier ho.
Planen for kompetanseutvikling i språka tysk/fransk er utarbeidd av ei arbeidsgruppe som blir leia av universitetslektor Rita Gjørven ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling, UiO.
- Utviklinga av desse etter- og vidareutdanningstilboda er viktig fordi me har spennande og utfordrande læreplanar som er i samsvar med tilrådingane frå Europarådet. Diverre har me hatt problem med gjennomføringa av læreplanane for det andre framandspråket, som i Noreg har vore fransk eller tysk. Me ynskjer at ein del lærarar no må endra praksis, altså deira eiga forståing av faget, meiner Gjørven.
Ikkje berre for dei flinke
- Både tysk og fransk har vore øyremerka for dei flinke elevane fordi desse faga har vore valfrie og ikkje obligatoriske. Difor må dei få alle elevane til å forstå at dette er levande språk som representerer viktige europeiske kulturar. Tidlegare har dei berre fått tilbod om korte etterutdanningskurs, men dersom dei skal endra praksis, må det setjast i gang lengre kurs som er enda meir i samsvar med læreplanane, påpeikar ho.
- Å utvikla sin eigen kompetanse og å vera språklærar skal gå hand i hand under gjennomføringa av desse kursa. Dessutan blir det svært viktig å byggja nettverk med tysk- og fransklærarar i eige land, i andre land og sjølvsagt i tyskspråklege og franskspråklege land. Det andre framandspråket må gjerast obligatorisk for alle elevar for å styrkja den nasjonale språkkompetansen i andre språk enn engelsk, slår Rita Gjørven fast.
TYSK OG FRANSK: - Me håpar 200 lærarar vil melda seg på dei nye opplæringstilboda i tysk og fransk, seier prosjektleiar Jennifer Akselsen i UNIVETT.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere