Byggjer nytt laboratorium for nanoteknologi

- Noreg har stolte tradisjonar innan mikroelektronikk som regjeringa ynskjer å føra vidare med denne satsinga på mikro- og nanoteknologi. Det sa næringsminister Ansgar Gabrielsen før han fredag 7. juni la ned grunnsteinen for det nye forskingslaboratoriet for mikro- og nanoteknologi som er i ferd med å bli reist i Gaustadbekkdalen.

Næringsminister Ansgar Gabrielsen legg ned grunnsteinen for det nye nanoteknologilaboratoriet i Gaustadbekkdalen.
Foto: Martin Toft

Senteret er ein felles laboratorieressurs for Universitetet i Oslo og SINTEF og prosjektet har eit budsjett på 142 millionar kroner. Av dette bidrar Noregs forskingsråd med 65 millionar.

Laboratoriet, som blir eitt av dei mest avanserte i Europa, er på 5000 kvadratmeter og skal vera innflyttingsklart til jul. Då skal UiO og SINTEF bruka eitt år på å installera vitskapleg utstyr til ein verdi av 90 millionar kroner i sin etasje av bygningen.

I laboratoriet, som får det engelske namnet The Microtechnology Research Laboratory (MRL), skal SINTEF saman med norske verksemder halda fram arbeidet med å utvikla mikrosystem som kan overvaka blodsukkernivået i kroppen, skanna mønsteret på fingeren din for å erstatta passord og PIN-kode, og utvikla millimeterstore sensorar som utløyser airbag ved rulleulykker i bil. Bygningen er bygd på vibrasjonsdempande luftputer.

Stort lyft

Rektor Arild Underdal meinte dette var eit godt døme på korleis store forskingsprosjekt kan realiserast.

- Dette er eit for stort lyft for ein institusjon, så difor er det svært viktig at forskingsinstitusjonar som UiO og SINTEF, Forskingsrådet og næringslivet har vist at dei kan samarbeida for å få dette til. Dette er med på å utvida høgteknologiaksen frå Rikshospitalet på Gaustad til forskingsinstitusjonane i Gaustadbekkdalen og vidare til dei andre tunge universtetsmiljøa på Blindern. Eg vil gi honnør til styresmaktene som grip denne sjansen til å satsa på denne teknologien, understreka Arild Underdal.

Næringsminister med støypeskei

Grunnsteinnedlegginga blei avslutta med at næringsminister Ansgar Gabrielsen fekk utdelt støypeskei, hjelm og eit forsegla skrin med liste over deltakarane på grunnsteinnedlegginga, teikningar av laboratoriet og siste eksemplar av Uniforum, internavisa til UiO, og siste eksemplar av internavisa til SINTEF. Til slutt måtte han grava skrinet ned i grunnen like ved det eine hjørnet av det nye laboratoriet.

- Dersom det ikkje hadde vore fredag og statsråd i dag, ville eg nok ha valt eit anna antrekk enn svart dress til denne seremonien, tilstod næringsminister Gabrielsen med eit breitt smil før han gjekk laus på gravearbeidet.

Emneord: FUNMAT, Forskning, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 11. juni 2002 09:52 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere