Sør-Afrikas president held forelesing på UiO

Sør-Afrikas president Thabo Mbeki kjem måndag 13. mai til Universitetet i Oslo for å halda forelesinga "New Partnership for Africa´s Development" (Nytt partnarskap for Afrikas utvikling). Forelesinga, som altså er open for alle, startar klokka 11.00 i auditorium 1 i Georg Sverdrups hus på Blindern.

Sør-Afrikas president Thabo Mbeki held forelesing på UiO 13. mai. (Foto: Sør-Afrikas regjering)

Den sørafrikanske presidenten, Thabo Mbeki vil ta turen til Blindern i samband med det offisielle besøket i Noreg. Han vil koma til Georg Sverdrups hus (Nye UB)på Blindern klokka 11.00 og forelesinga vil vara fram til klokka 12.15. Deretter vil han gi høve til spørsmål frå salen før han må vidare til andre avtalar klokka 12.35, opplyser Informasjonsavdelinga ved UiO til Uniforum.

Mandelas etterfylgjar

Thabo Mbeki overtok som Sør-Afrikas president etter vinnaren av Nobels fredspris i 1993, Nelson Mandela. Mbeki blei leiar for den sørafrikanske frigjeringsorganisasjonen ANC (African National Congress) i 1997, etter at Oliver Tambo hadde leia organisasjonen under kampen mot apartheidregimet i Sør-Afrika. Mbeki var også Sør-Afrikas visepresident frå 1994 og til Nelson Mandela overlet roret til han i 1999. Frå 1989 deltok Mbeki i dei hemmelege samtalane med det tidlegare sørafrikanske regimet om å oppheva forbodet mot ANC og frigjera alle dei politiske fangane. Heilt sidan 1975 har Mbeki vore med i leiinga for ANC.

Geriljatrent økonom

Sør-Afrikas president er fødd 18. juni 1942 i Idutywa i Queenstown, og har studert økonomi ved University of Sussex og University of London. Han blei medlem av ANCs ungdomsorganisasjon i 1956 medan han enno var student ved Lovedale Institute i Sør-Afrika. Forlet heimlandet sitt i 1962 for å driva frigjeringskampen vidare frå det dåverande Rhodesia og Tanganyika. På slutten av 1960-talet arbeidde han på ANC-kontoret i London, og i denne perioden fekk han også militær trening i den dåverande Sovjetunionen.

Tapte aids-sak

Dei siste åra har Thabo Mbeki vore i hardt vêr fordi han har hevda at det ikkje er samanheng mellom hiv-viruset og sjukdomen aids. For kort tid sidan fastslo den sørafrikanske grunnlovsdomstolen at presidenten og dei sør-afrikanske styresmaktene hadde tatt feil, og den sørafrikanske staten måtte difor oppheva vedtaket om ikkje å gi aids-medisin til hiv-smitta gravide kvinner. Ein domstol har tidlegare slått fast at Sør-Afrika har ei konstitusjonell plikt til å gi aids-medisinen Nevirapine til hiv-smitta gravide kvinner, men staten anka saka, går det fram av Aftenposten frå 4. april i år. I dag reknar Verdas helseorganisasjon med at Sør-Afrika har flest tilfelle av hiv/aids-smitta i heile verda.
Dei som ynskjer å vita meir om Sør-Afrikas president, kan gå inn på fylgjande nettside: http://www.gov.za/

Emneord: Internasjonalisering, Sør-Afrika, Afrika Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2002 15:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere