- Medan land som Storbritannia og Frankrike prøver å gløyma mest mogleg av si kolonifortid, er Noreg så stolt av sine kolonitradisjonar at landet vier ei eiga utstilling til det. Med denne filosofiske og lett ironiske kommentaren, opna rektor Arild Underdal utstillinga "Minner fra India - 20 år i Trankebar."
Så slapp den indiske dansegruppa til, før dørene blei opna og eit par hundre publikummarar kunne sjå bileta til Peter Anker for første gong etter at dei blei donerte til Etnografisk museum i i 1878 av slektningen hans, Carl Johan Anker. Peter Anker tilhøyrer den første generasjonen som målar bilete frå India, og er den første nordmannen som gjer dette. Han er også blant dei aller første, om ikkje den første, norske kunstmålaren, skriv Historisk museum i ei pressemelding.
Då Peter Anker kom til Trankebar 17. mai 1788, budde det 25 000 indarar og om lag 100 europearar i den vesle byen. Peter Anker nytta tida i India godt. Han la ut på fleire vanskelege reiser, malte og samla antikvitetar, utstoppa dyr og andre ting frå indisk kultur. Han var interessert i botanikk, arkitektur, arkeologi og folkeliv. På den måten er han ein typisk representant for opplysningstida på slutten av 1700-tallet.
Også bileta til Anker formidlar ånda frå opplysningstida. Bileta er ein dokumentasjon av det han har sett. Det å mala blei naudsynt for han for å oppfatta og absorbera og for å formidla. Peter Ankers glede over å registrera og gjengi står i skarp kontrast til dei som reiser til India på 1800-tallet. Frå eit positivt og beundrande forhold til den indiske kulturen, snudde mange av europearane i sitt syn på folket og landet, og gjekk frå beundring til forakt.
Dei som ynskjer å få vita meir om Peter Anker og den dansk-norske kolonitida i Trankebar, kan sjå fjernsynsprogrammet "Der bølgene synger" i NRK 1 sundag 14. april. Kunsthistorikar Dorthea Hysing er fagleg ansvarleg for utstillinga.
Logg inn for å kommentere