- Dermed har sendingane vekt langt større interesse enn mange venta med sjåartal på høgde med dei andre kanalane sine underhaldningsprogram sende på same tida, trekkjer Boman fram i ei pressemelding frå InterMedia.
Også denne våren vil Kunnskapskanalen senda program med ein del av verdas leiande intellektuelle. Sendingane startar laurdag 6. april klokka 1300 på NRK1, og vil for det meste gå føre seg på laurdagar i siste del av semesteret, med emne frå internasjonal utvikling, sosiale spørsmål, biologi med meir.
Først ut er eit opptak frå ein debatt om rasisme og framtida til det fleirkulturelle i Europa. Forelesinga med dette temaet blei halden av professor Bhikhu C. Parekh frå University of Hull, som ei av fjorårets Eilert Sundt-forelesingar.
Også forskarar frå Austerrike, Spania og Noreg deltar i paneldebatten etter foredraget.
Laurdag 27. april kl. 14.10 kjem programmet Raymond Boudon: Forståelsen av verdier. Programmet stiller spørsmål om kva som er grunnlaget for verdiar og forståinga av dei. Professor Raymond Boudon kjem frå Paris og blir rekna som ein av verdas leiande sosiologar. Foredraget hans var også ein del av Eilert Sundt-forelesinga ved SV-fakultetet ved UiO i fjor.
Logg inn for å kommentere