- Opne dører i Kollegiet!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999


Diskusjonssaker må handsamast i opne møte i Kollegiet. Det ynskjer tidlegare kollegiemedlem Magnus Rindal.

{short description of image}
SVEKKJER UNIVERSITETS- DEBATTEN: - Dersom Kollegiet held fram med å handsama diskusjonssaker bak stengde dører, kan det svekkja universitetsdebatten, meiner tidlegare kollegiemedlem Magnus Rindal. (Foto: Ståle Skogstad)

Av Martin Toft

Under det siste kollegiemøtet blei diskusjonen om saker som langtidsplanen, universitetsomgrepet og etablering av eit psykologisk fakultet handsama bak stengde dører. I eit lesarbrev i denne utgåva av Uniforum reagerer professor i nordisk språkvitskap Magnus Rindal på denne praksisen som han meiner ikkje fylgjer opp intensjonen i vedtaket det førre Kollegiet gjorde i juni 1998 om å handsama flest mogleg saker for opne dører.

Kan svekkja universitetsdebatten

Han fryktar at dette kan svekkja debatten om korleis Universitetet i Oslo skal sjå ut i framtida.

- Det vil tena Kollegiets strategiske drøftingar om dei var opne for dei tilsette og studentar. Ikkje minst viktig er det å få vita korleis Kollegiet har tenkt å møta den stadig sterkare konkurransen om studentane, korleis dei kan tenkja seg å dimensjonera fagtilbodet ved UiO og ikkje minst korleis dei har tenkt å få i gang den naudsynte omstillinga av universitetet. Mi røynsle er at universitetsleiinga ikkje vil klara å få det til før dei får støtte til det både frå dei tilsette og studentane. Difor er det viktig at også dei kan delta i debatten, og då må den førast for opne dører, meiner Rindal.

Som leiar for Noregsnettrådet er han opptatt av korleis universiteta og høgskulane skal sjå ut i framtida, og han kunne gjerne ha tenkt seg å ha fylgd debatten om universitetsomgrepet på det siste møtet i Kollegiet.

Vil tena på opne dører

- Det ser ut til at Kollegiet ved Universitetet i Bergen har ein praksis der diskusjonssaker blir handsama for opne dører. Og Kollegiet ville dessutan ha alt å tena på å opna dørene under diskusjonssakene, ikkje minst i samband med at Mjøs-utvalet i april skal leggja fram innstillinga si om høgare utdanning i Noreg. Dei framlegga dette utvalet kjem med vil heilt sikkert gi UiO enda større utfordringar enn det har i dag.

- Så lenge Kollegiet handsamar viktige saker for stengde dører, vil det ikkje stimulera til den breie debatten blant tilsette og studentar som er naudsynt for at UiO skal stå best mogleg rusta i den framtidige kampen om ressursar til høgare utdanning og forsking, meiner Rindal. Samtidig gir han honnør til universitetsdirektør Tor Saglie som kom med eit viktig universitetspolitisk utspel i Uniforum tidlegare i haust.

- Men denne viktige universitetspolitiske debatten ville blitt enda betre om diskusjonen om desse sakene var blitt drøfta for opne dører.

Ikkje noko løyndoms-skremmeri

Rektor Kaare R. Norum forsvarar praksisen til Kollegiet.

- Kollegiet har bestemt at alle diskusjonssaker skal haldast for stengde dører. Det er for at diskusjonen skal kunne gå heilt fritt føre seg, og at fortruleg informasjon skal kunna drøftast heilt ope. Det er ikkje meint som noko løyndomsskremmeri, seier han. Han viser til at dette berre skjer tidleg i prosessen.

- Alle diskusjonsaker kjem opp som ordinære saker, som regel på neste kollegiemøte, og då som opne vedtakssaker. Dette har vore retningslinjene våre dette året. Me skal på vårt siste møte i år diskutera Kollegiets arbeidsform for å sjå om me skal bruka andre framgangsmåtar neste år, seier UiO-rektoren.

Debatt: Stengde dører


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999

Publisert 9. des. 1999 11:58 - Sist endra 1. sep. 2014 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere