Stengde dører
Debatt
I juni 1998 vedtok det dåverande Kollegium at møta som hovudregel skulle haldast for opne dører. Men nokre saker skulle behandlast for stengde dører, f.eks. personalsaker. I møta etterpå blei diskusjonssakene alltid behandla i opne møte.
Det nye Kollegiet ser ut til å endra på fem diskusjonssaker, mellom dei viktige saker som universitetsomgrepet, UiOs randsone og langtidsplanen.
Etter Mjøs-utvalet har lagt fram si innstilling 1. april 2000, vil det skje omfattande endringar i høgare utdanning i Noreg, med store utfordringar for institusjonane, også for Universitetet i Oslo. Det er difor prisverdig at universitetdirektør Tor Saglie har sett søkjelyset på denne situasjonen, både i intervju i Uniforum og i innlegg i ulike fora.
Men for universitetssamfunnet er det naturleg også å få innsikt i Kollegiets tenking og planar. Og ved å behandle strategisk viktige saker for stengde dører stimulerer ikkje Kollegiet til den breie debatten blant tilsette og studentar som er naudsynt for at Universitetet i Oslo skal stå best mogleg rusta i den framtidige kampen om ressursar til høgare utdanning og forsking.
Magnus Rindal
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere