Vekkjer storm på Fysisk og Kjemisk

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999


Dimensjoneringsplanen ved MN-fakultetet:

Både fysikk og kjemi er overdimensjonerte i høve til andre fag. Difor må desse faga avgi vitskaplege stillingar til blant andre informatikk. Det er konklusjonen i framlegget til dimensjoneringsplan for MN-fakultetet for neste femårsperiode. - Planen må trekkjast tilbake, krev førsteamanuensis Kristoffer Gjøtterud ved Fysisk institutt.

Av Martin Toft

Dimensjoneringsutvalet som har vore leia av dekan Jan Trulsen, har kome med framlegg til tiltak og omstillingar som kan gi fakultetet høve til å oppretta 10 nye stipendiat- og post doc.-stillingar. Medan Fysisk og Kjemisk institutt kjem til å mista vitskaplege stillingar, vil både Institutt for informatikk og Farmasøytisk institutt få nye stillingar. Også Biologisk institutt må gi frå seg ein del av dei faste stillingane sine, men dei får eit par nye stillingar som kompensasjon frå den planlagde stillingsbanken. Mange av dei vitskapleg tilsette ved Kjemisk og Fysisk institutt rasar over framlegga i denne planen, men ikkje alle ynskjer å stå ope fram med kritikken. Det gjer derimot førsteamanuensis Kristoffer Gjøtterud ved Fysisk institutt som synest planen er skremmande.

- Det er viktig å satsa på kjemi og fysikk i ei tid der me gjer alt me kan for å få ungdomen til å studera noko anna enn økonomi. Difor ser det dårleg ut for den vitskaplege leiarskapen om dei let dette skje utan å reagera. Kven skal då gjera det? Det er nemleg me som har ansvaret for at samfunnet ikkje skal mista dei framtidige ekspertane i fysikk og kjemi. Difor krev eg at dimensjoneringsplanen blir trekt tilbake med ein gong, seier han.

Og dette skjer akkurat i ei tid då forskingsfronten i fysikk aldri har vore så spennande som den er no, meiner Gjøtterud. Også styrar ved Kjemisk institutt, Walter Lund, reagerer på innhaldet i planen.

- Eg meiner at utvalet som har laga planen ,gjorde heilt feile utrekningar då dei kom fram til konklusjonane sine. Det dei skulle gjort, var å sjå på behovet til samfunnet og dimensjonera utifrå det, og ikkje utifrå kor mange studentar som var registrerte ved insituttet i fjor, då studenttalet var spesielt lågt. Viss dei hadde sett på kor mange studentar som hadde vore registrerte ved instituttet i gjennomsnitt i løpet av dei siste tre åra, ville dei ha kome fram til heilt andre tal, meiner Lund. Kontorsjef Øyvind Sørensen ved Fysisk institutt er enda krassare.

- Handsaminga av denne saka har vore svært destruktiv. Det virkar som om leiinga har prøvd å setja institutta opp mot kvarandre. Det viktigaste for oss no er rekrutteringa. Fysisk institutt vil ha enda fleire studentar enn i dag. For oss er det viktigaste at insitutta jobbar saman for å gjera fakultetet betre. Med ein slik plan trur eg ikkje at folk lenger vågar å søkja faste vitskaplege stillingar ved Fysisk og Kjemisk institutt, spår han.

Dimensjoneringsplanen for MN-fakultetet skal endeleg vedtakast i Fakultetsstyret torsdag 16. desember.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999

Publisert 8. des. 1999 14:01 - Sist endra 1. sep. 2014 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere