Laboratoriestrid på geologi

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1999


- Viss ikkje forskings- og undervisningslaboratoria på Tøyen snart blir flytta til Geologibygningen på Blindern, kan det vitskaplege miljøet knytt til den faste jords geologi lida ein sakte død. Det meiner professorane Else-Ragnhild Neumann og Tom Andersen ved Mineralogisk-geologisk museum. Dei hevdar at interessekonfliktar mellom forskjellige faggrupper ved Institutt for geologi er årsaka til at dette enno ikkje har blitt gjennomført.

Neumann og Andersen

LABORATORIUM UTAN FRAMTID? Professorane Else-Ragnhild Neumann og Tom Andersen ved Mineralogisk-geologisk museum ser mørkt på framtida til isotoplaboratoriet om det ikkje blir flytta til Geologibygningen på Blindern. Apparatet dei står rundt blir kalla eit massespektrometer.

Av Martin Toft (tekst og foto)

I 1997 vedtok både Kollegiet og fakultetstyret ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet å flytta forskings-og undervisningslaboratoria på Tøyen til Geologibygningen på Blindern og leggja dei inn under Institutt for geologi. Ei flytting vil koma på rundt seks millionar kroner. Blant desse laboratoria er Laboratorium for isotopgeologi som har fått mange lovord i eit internasjonalt evalueringsutval nedsett av Noregs forskingsråd. Dette utvalet gir ei positiv evaluering av dette geologiske miljøet, og tilrår Universitetet i Oslo å satsa på denne forskinga som blir karakterisert som å ha eit svært godt omdøme internasjonalt.

Likevel foreslår Forskingsrådets fagplanutval for geofaga å byggja ned dette fagfeltet. I konklusjonen står det fylgjande, ”Sett på bakgrunn av at Fagplanutvalget anbefaler en nedbemanning av fagfeltet petrologi/geokjemi, bør UiO nøye vurdere denne investeringen og finne eventuelt rimeligere/alternative løsninger for isotoplaboratoriet”. Dette har fått fagmiljøet ved Mineralogisk-geologisk museum på Tøyen til å sjå svært mørkt på framtida for fagfeltet deira og for eit framtidig isotoplaboratorium.

Styrt avvikling

- Det einaste alternativet til å flytta isotoplaboratoriet til Geologibygningen på Blindern er ei styrt avvikling. Å lata Laboratorium for isotopgeologi bli verande på Tøyen, er ikkje noko alternativ, då dette fell utanfor arbeidsoppgåvene til Dei naturhistoriske musea og Botanisk hage når det blir etablert frå nyttår, seier Andersen og Neumann. Dei viser til at ”berggrunnsmiljøet” i Oslo har eit godt rykte internasjonalt og stadig får telefonar frå utanlandske forskarar som kan tenkja seg å driva forsking der. Difor har dei berre ei forklaring på kvifor konklusjonen til geofagplanen er så negativ til deira fagfelt.

Fagplanutvalet ikkje representativt

- Utvalet som har utarbeidd denne fagplanen, har hatt ei samansetjing og ein kompetanse som ikkje er representantiv for oppgåva deira. Det er eit oppsiktsvekkjande fråver av kompetanse om vesentlege delar av den forskinga som går føre seg innan geologi, spesielt innan dei fagfelta som komiteen har gruppert under berggrunnsgeologi. Komiteen opererer også med misvisande tal på fordelinga av forskarar innan ulike fagfelt, og dessutan har den ikkje tatt omsyn til museal og utadretta verksemd ved musea, meiner Neumann og Andersen.

I eit brev til Noregs forskingsråd, datert 17.11.99, stiller alle dei vitskapleg tilsette ved studieretning berggrunnsgeologi, med unntak av førsteamanuensis Jens Jahren, seg bak ei oppfordring om å leggja geofagplanen til side fordi den er ueigna som styringsdokument. Også kollegaer ved fagmiljøa innanfor andre universitet og høgskular i Noreg støttar i ei høyringsfråsegn konklusjonen til lærargruppa i studieretning berggrunnsgeologi. Både Else-Ragnhild Neumann og Tom Andersen meiner at bukken har passa havresekken i denne saka, og trekkjer fram at styrar Anders Elverhøi ved Institutt for geologi har spelt mange roller i handsaminga av denne saka.

- Instituttstyret gjekk 23.09.99 inn for å flytta isotoplaboratoriet til Kjemibygningen, eller til Institutt for energiteknikk (IFE) på Kjeller, trass i at begge desse alternativa er grundig utgreidde og funne fagleg uforsvarlege. Då styret ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet 23.06.99 vedtok å be Kollegiet om ei ekstraordinær løyving for å kunna gjennomføra vedtaket om å flytta laboratorium frå Tøyen til Blindern, gjorde Elverhøi som medlem av fakultetsstyret ein protokolltilførsel der han viser til styrevedtaket frå Institutt for geologi av 23.09.99. Dette viser at Elverhøi dette året har handsama saker som vedgår isotoplaboratoriet på tre forskjellige nivå: institutt, fakultet og i Forskingsrådet. Difor er det legitimt å spørja om det synet han har presentert på institutt og fakultetsnivå har påvirka konklusjonane til fagplanutvalet, og om rolla hans i denne saka er i samsvar med skrivne og uskrivne reglar for habilitet hos medlemar i offentlege utval. Me spør også om fagplanutvalet har blitt brukt som reiskap for særinteresser ved Institutt for geologi for å tvinga fram ein omkamp om eit gyldig fatta vedtak, seier Andersen og Neumann.

Ingen kommentar

Instituttstyrar Anders Elverhøi ynskjer ikkje å kommentera spørsmålet om habilitet, men viser til at det var Noregs forskingsråd som gav han i oppdrag å leia fagplanutvalet for geofaga.

Kollegiet vil truleg ta endeleg stilling til denne saka i første møte etter nyttår.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1999

Publisert 25. nov. 1999 16:13 - Sist endra 1. sep. 2014 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere