Fekk Visa-kortet tappa for 51 000 kroner

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1999


Avdelingsdirektør for Internrevisjonen:

- Eg vil åtvara folk om risikoen for svindel ved bruk av Visa-kort i utlandet, og spesielt i Moskva. Det seier avdelingsdirektør Gerd Thorsen ved Internrevisjonen etter at ho har oppdaga at Visa-kortet hennar har blitt tappa for 51 000 kroner etter ei reise til Moskva i juli.

Thorsen

SVINDLA I MOSKVA: Avdelingsdirektør Gerd Thorsen i Internrevisjonen fekk Visa-kortet sitt tappa for 51 000 kroner etter eit opphald i Moskva. (Foto: Ståle Skogstad)

Av Martin Toft

Det var først etter at ho kom tilbake til Noreg Thorsen oppdaga at ho var blitt lurt i Russland. Då ho skulle betala med Visa-kortet, kom det brått opp ”ikkje godkjent”.

- Då slo det meg at kontoen min kunne ha blitt tappa urettmessig. Difor stilte eg opp i banken tidleg neste morgon. Det viste seg ganske riktig at kontoen var overtrekt og også novemberløna mi var gått med i dragsuget, fortel ho. Til saman har kontoen blitt tappa for 51 000 kroner. Ho er likevel ikkje ukjent med slik svindel.

- Nei, eg har gjennom ein lengre periode handsama ei liknande sak for universitetet. Både saka mi og andre saker som er omtalte i dagspressa, synleggjer ei internasjonal utvikling der kriminelle stadig finn nye avanserte metodar for å gjennomføra svindel med betalingskort. Difor vil eg åtvara alle tilsette som reiser utanlands om risikoen for svindel med kort, seier Thorsen. Ho viser til tilfelle der folk har fått sine konti tømde etter bruk av bankautomatar i Moskva.

Det ser ut som om svindelen kan ha gått føre seg ved at det har blitt lagt inn ei ekstra botnplate i bankautomaten. ”Botnplata” er konstruert slik at den kopierer dei elektroniske opplysningane som er lagra på magnetstripa til bankkortet. Slik har dei klart å laga eit falskt bankkort som seinare er nytta til urettmessige uttak. Kontoen min blei difor tappa i Polen denne månaden, fire månader etter at eg var i Moskva, konstaterer ho.

Vil dette seia at du no er heilt blakk?

- Nei, eg har til all lukke eit svært godt kundeforhold til Kreditkassen. Bankfunksjonær Gerd Sødahl melde med ein gong saka til hovudkontoret og sytte for at eg får pengar inn på kontoen min fortast mogleg, seier ho letta.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1999

Publisert 25. nov. 1999 13:23 - Sist endra 1. sep. 2014 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere