Kva synest du om postgangen ved UiO?Kristin Siebert, informasjonskonsulent i Informasjonsavdelinga - Eg synest at postgangen fungerer fint på UiO. Omlegginga av postrutinane har ikkje gitt meg problem. Magnhild Harsheim, førstekonsulent ved lønningskontoret - Postgangen går litt opp og ned. Difor kan eg ikkje alltid stola på den sidan det hender saker kjem altfor seint. Øyvind Ytreberg, rådgjevar ved Seksjon for læringsmiljø og studiekvalitet - Eg synest den virkar treg. Inntrykket mitt er at omlegginga av postrutinane har ført til at eg får posten seinare enn før. Karen Crawshaw Johansen, førstekonsulent i Seksjon for internasjonale program -Stort sett fungerer den bra, men av og til tar det lang til før eg får posten. Spesielt dei gongene posten har vore innom Hovudarkivet. Finn Ingebrigtsen, professor i fysikk - Eg synest postgangen var betre før. I dag er den altfor dårleg. Det hender eg får posten optil eit døgn seinare no enn tidlegare. |
Fem i farta
Publisert 25. nov. 1999 13:20
- Sist endra 1. sep. 2014 13:58
Logg inn for å kommentere