To millionar i underskot

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1999


Akademika må skjera ned:

Ingen av dei 80 tilsette i Akademika blir oppsagde, men 12 stillingar blir fjerna og fleire tilsette får tilbod om anna arbeid i Studentsamskipnaden etter at det går mot eit rekordstort underskot på to millionar kroner. Akademika skal no satsa på nettbokhandel og Unipub forlag.

 puntervold pg dyrberg

SNUOPERASJON: Administrerande direktør i Akademika Nina R. Puntervold og styreleiar Lisbeth Dyrberg har sett i gang ein snuoperasjon for å venda underskot til overskot i Akademika.

Av Martin Toft (tekst og foto)

Etter at Akademika vil få to millionar i underskot av ei samla omsetning på 132 millionar kroner, har administrerande direktør Nina R. Puntervold og styreleiar Lisbeth Dyrberg bestemt seg for å handla raskt for å snu årets underskot til overskot i løpet av neste år.

Difor skal bokhandelen prioritera dei fire fakulteta HF, SV, Jus og MN. Samtidig blir dei mellom 30 og 40 tilsette i administrasjonen, innkjøpsavdelinga og lageret flytta frå Myren verksted og tilbake til lågblokka på Blindern. Til saman vil 12 av dei tilsette i Akademika få tilbod om annan stilling anten innan Akademika eller innan eigarverksemda Studentsamskipnaden.

Det er nedgangen i studenttalet og konkurransen frå nettbokhandlarar som Amazon som er årsaka til at Akademika har begynt å gå dårleg. Studentar og forskarar er heile tida opne for ny teknologi og tar difor også i bruk nettbokhandel.. Dei er svært prismedvitne og har sjølvsagt funne ut at dei vil få bøkene billegare på den måten, seier Puntervold og Dyrberg til Uniforum. Det er årsaka til at Akademika no også kjem til å satsa på nettbokhandel.

Bøker er eit produkt som eignar seg svært godt til netthandel. Men samstundes vil ein nettbokhandel også stilla sterkare krav til oss om å ha bøkene tilgjengeleg for ein rimeleg pris. Me skal dessutan bli flinkare til å kartleggja studenttala ved dei enkelte faga slik at alle kan få tak i bøkene ved semesterstart, forklarar dei. I tillegg vil Akademika no satsa på Unipub som er blitt Unipub forlag.

Unipub skal framleis fungera som kopi- og kompendieutsal for studentane. Men samtidig vil me oppfordra forskarane til å ta i bruk Unipub forlag. Det vil kunne hjelpa forskarane gjennom heile prosessen frå manuskriptet blir levert til bøkene er ferdige hos trykkeriet og seinare kan dei seljast gjennom filialane og nettbokhandelen til Akademika og andre bokhandlarar, fortel Puntervold. Ho viser til at norsk forlagsbransje er under sterkt press og at alle opplag på under 1000 eksemplar er uinteressante.

Unipub forlag vil derimot kunne ta på seg ansvaret for å gi ut bøker med eit så lågt opplag, trur Puntervold.

Desse tiltaka vil føra til at innan året 2001 skal det ikkje vera mogleg for studentane å få fagbøker billegare hos nokon annan bokhandel i Oslo, lovar Nina R. Puntervold og Lisbeth Dyrberg.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1999

Publisert 25. nov. 1999 13:16 - Sist endra 1. sep. 2014 13:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere