Målform i intervju

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1999


Debatt

Det er reist spørsmål om Uniforums bruk av nynorsk (journalistens målform) i intervju med bokmålsbrukande objekt (Uniforum nr. 14 s. 9 og nr. 16 s. 9), og det er drege i tvil om pressa elles praktiserer det prinsippet at journalisten avgjer målform i intervju. Berre bokmålsbrukarar kan stille det spørsmålet.

For oss nynorskbrukarar er dette heilt opplagt: Vi blir (så å seie) alltid intervjua på bokmål i såkalla "språknøytrale" aviser. Berre særleg kjende og framståande nynorskbrukarar kan av og til få særbehandling her, om journalisten beherskar nynorsk godt nok. Personleg blir eg av og til intervjua om faget mitt, som er nordiske språk og særleg nynorsk leksikografi, og kan i heldige tilfelle bli gjengitt på den målforma eg bruker (men det er mest målblad og nynorskvennlege blad som er interesserte i emnet, naturleg nok). Eg er òg blitt ein del intervjua om eit "språknøytralt" emne eg er engasjert i (Aust-Timor-saka og indonesiske forhold), og da går det alltid på bokmål.

Det normale i norsk presse er at redaktøren bestemmer, og redaktørane bestemmer bokmål i dei fleste aviser. Unntaka er reine nynorskblad som Dag og Tid, og dei store regionsavisene som har ein liberal språkpraksis, som Bergens Tidende, og i denne klassa kan vi òg setje Uniforum. Der får journalisten bestemme. Og nynorskfolk godtek stort sett dette, fordi vi ser at eit krav om å la intervjuobjektet bestemme målform i praksis vil bety at berre bokmålsbrukarar får denne retten – for makta er ikkje likt fordelt.

Lars S. Vikør, professor

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

Om målform i intervju


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1999

Publisert 10. nov. 1999 14:06 - Sist endra 1. sep. 2014 13:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere