Om målform i intervju

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1999


Debatt

Ser at dette emnet har vore diskutert i Uniforum i det siste i samband med at den nynorskskrivande journalisten i bladet har gjengitt intervjuobjekt som ikkje snakkar nynorsk (ikkje mange gjer det) på denne målforma. Somme meiner visst dette er uetisk og at intervjuobjekta bør refererast på si eiga målform.

I samband med dette kjem eg i hug eit slags intervju i Aftenposten for nokre år sidan med ein både klok og populær politikar som heiter Valgjerd Svarstad Haugland, der ho var referert på noko som eg går ut frå journalisten meinte skulle førestelle hennar eiga målform. Prinsippet i dette referatet var stort sett aldri å skrive same ordet to eller fleire gonger på same måten. For min del vil eg seie at eg hadde sett liten pris på å bli "referert" på tilsvarande måte i Aftenposten eller andre aviser.

Det at spørsmålet om målform i intervju i det heile blir reist, illustrerer det spesielle ved den norske språksituasjonen – bokmål og nynorsk er ikkje to ulike språk, det er berre to målformer. Det er ingen som finn det merkeleg at f.eks. Bill Clinton blir referert på bokmål i Aftenposten, sjølv om alle veit at han ikkje snakkar bokmål, og det er knapt heller mange som reagerer på at jamvel danskar snakkar nynorsk dersom dei blir intervjua i Dag og Tid. Men om Kåre Willoch skulle bli referert på nynorsk, synest visst somme det er ein provokasjon (dette gjeld nok forresten ikkje Willoch sjølv, som jo er blitt heilt rabiat tolerant og vidsynt på sine eldre dagar).

Dei som meiner at det er meir uetisk å referere norske intervjuobjekt på kva for målform det skulle vere, under føresetnad av at referatet elles er sakleg og formelt uangripeleg, enn å referere utlendingar på den same målforma, bør etter mitt syn gjere greie for kva slags etiske normer som i så fall bør leggjast til grunn for journalistisk praksis her i landet.

Arne Torp, førsteamanuensis

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

Målform i intervju


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1999

Publisert 10. nov. 1999 15:17 - Sist endra 1. sep. 2014 13:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere