Valfritt i Uniforum
Debatt
Tradisjonen med å bruka svenske namn på finske byar er nok ikkje innarbeidd som ein tradisjon i Noreg enno. Som Svein Lie ganske riktig påpeikar kallar Aftenposten konsekvent Finlands hovudstad for Helsingfors.
I Dagbladet heiter byen derimot Helsinki. Det gjer den også i Store Norske leksikon. Ved Finlands ambassade, fortel presseråden at det er valfritt om ein brukar Helsinki eller Helsingfors, sjølv om han personleg føretrekkjer Helsingfors på norsk. Også i Uniforum praktiserer me valfridom i dette spørsmålet.
Når det gjeld bruken av Helsingfors universitet/Helsinki universitet, har nok Uniforum ikkje halde seg heilt til tradisjonen når me har kalla det for Universitetet i Helsinki. Det skal me retta opp ved seinare høve. Det kunne forresten vera på sin plass å minna Svein Lie om at Uniforum heiter Uniforum og ikkje UniForum. Det er ikkje valfritt.
Martin Toft
redaktør for Uniforum
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere