Verdas vakraste?

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999


Universitetsbiblioteket i Helsinki

 ub i helsinki

BOKTEMPEL: Hovudbiblioteksalen gir deg ei kjensle av at dette ikkje berre er eit bibliotek, men eit tempel for boka, for kunsten og for arkitekturen.

På Helsinkis høgaste punkt, i skuggen av den kvite, russiskinspirerte Storkyrkan, ligg det 159 år gamle nyrestaurerte Universitetsbiblioteket. Dette er verdas vakraste bibliotek, meiner stolte finnar.

Av Martin Toft (tekst) og Ståle Skogstad (foto)

Historia til biblioteket begynte i Turku i 1640, men historia til bygningen starta ikkje før i 1840, då Universitetsbiblioteket saman med universitetet var blitt flytta til Helsinki. Bygningen blei teikna av arkitekten Carl Ludvig Engel som også var mannen bak hovudbygningen til Universitetet i Helsinki som ligg like ved.

Frå utsida skiljer ikkje bygningen seg noko særleg frå andre bygningar frå same tidsperiode i den finske hovudstaden. Det er først når du går inn hovudinngangen, forbi vakten og inn i hovudbiblioteksalen, du får ei kjensle av at dette ikkje berre er eit bibliotek, men ein katedral og eit tempel for boka, for kunsten og for arkitekturen. I taket ser du veggmåleri med tema frå verdshistoria og Finlands historie. Bak klassiske kvite søyler finn du bokhyller frå golv til tak.

100 kilometer lang

Overalt er bokhyllene nøye tilpassa resten av arkitekturen i biblioteket som til saman har 2,5 millionar bøker og 2,7 millionar aviser, tidsskrift, og anna trykt materiell. Legg du alle bøkene i bibliotekhyllene etter kvarandre, vil du få ei 100 kilometer lang bokrekkje. Litt diskret bak lesepultane finn du dagens moderne elektroniske verd, datamaskinar der forskarar og studentar leitar seg fram til dei bøkene dei treng for å skriva essaya eller avhandlingane sine. Lenger inne i biblioteket går du inn i Rotunda, tilbygget frå 1906, som blei teikna av arkitekten Gustav Nystrøm. Her inne finn du også utlånstenesta og hovuddelen av dei 450 lesesalsplassane.

Nasjonalbibliotek

Biblioteket er også Finlands nasjonalbibliotek. Dei internasjonalt viktigaste samlingane til biblioteket er Dei slaviske og austeuropeiske samlingane, Monrepos-samlinga og Nordenskiøldsamlinga. Biblioteket har også ansvaret for å ta vare på Finlands nasjonale kulturarv. Difor deltar biblioteket i arbeidet med å laga eit bokverk med alle musikkstykka og manuskripta til komponisten Jean Sibelius. Samlinga vil innehalda 45 bind og det vil til saman ta 25 år å fullføra prosjektet.

Og går du vidare opp i etasjane i bibliteket, kan du gå på oppdagingsferd i bokhyllene og finna første bind i verket om Universitetet i Helsinkis historie og ta den med deg til ein av lesesalsplassane mellom bokhyllene. Der kan du setja deg ned og lesa om eit universitet som blei grunnlagt i Turku i 1640, men blei flytta til Helsinki, på den russiske tsarens ordre, etter at det brann ned i 1828. Resultatet blei eit nytt universitet og eit nytt universitetsbibliotek som stod ferdige høvevis i 1837 og 1840. Då kan du lata tankane flyga tilbake til Oslo og inn i det nye Universitetsbiblioteket på Blindern og stilla deg spørsmålet:

- Vil Are Telje om 159 år vera like berømt som arkitekt for Universitetsbiblioteket i Oslo/Georg Sverdrups hus frå 1999 som Carl Ludvig Engel er i dag som arkitekt for Universitetsbiblioteket i Helsinki frå 1840?


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999

Publisert 28. okt. 1999 17:32 - Sist endra 1. sep. 2014 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere