Nynorsk på universitetet i 100 år

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999


6. oktober 1899 vart den fyrste forelesinga i nynorsk halden ved eit norsk universitet. I det nyskipa professoratet i "landsmaalet og dets dialekter" satt Marius Hægstad. Uniforum har møtt han som sit i det same professoratet i dag, Jan Terje Faarlund ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

 hægstad

"Det er bare ærgerligt, at han er en saadan sød Mand, at han gaar omkring og forfører Folk som et Kvindfolk"

Bjørnstjerne Bjørnson om Marius Hægstad. Foto og sitat er henta frå Kjell Venås' biografi om Marius Hægstad: "I Aasens fotefar".

Av Trine Nickelsen

- Skipinga av landsmålsprofessoratet for hundre år sidan var viktig på fleire måtar, seier Jan Terje Faarlund. - Frå då av vart det drive vitskapleg forsking på nynorsk ved universitetet. Og enno viktigare: Det vart tilbydd undervisning i nynorsk på universitetsnivå. Det hadde nyss kome ei lov som sa at lærarskulestudentar skulle ha eksamen i begge målformer. Skipinga av professoratet markerte òg at nynorsk no vart rekna for eit seriøst språk ved sida av dansk, som var det offisielle språket då, seier Faarlund. På denne tida fanst det ikkje noko studiefag som heitte nordisk. Det var fyrst i 1907 at norsk som eige studiefag vart oppretta, fortel han.

Professoratet politisk motivert

- Då Marius Hægstad heldt si fyrste nynorskførelesing for eitt hundre år sidan, var Noreg ein ung nasjonalstat med eit nytt nasjonalmål, påpeikar Faarlund. På slutten av 1890-talet var det Venstre som hadde fleirtalet på Stortinget. Marius Hægstad hadde sjølv vore stortingsmann for det same partiet. - Venstre støtta målsaka og det folkedanningsprosjektet som målrørsla representerte.

Det var altså eit Venstre-dominert storting som vedtok å oppretta eit professorat i landsmål ved universitetet. Professoratet vart ikkje oppretta fordi det fanst studentar som kravde undervisning eller forskarrekruttar som trengte rettleiing. Professoratet var skipa på politisk og ikkje på vitskapleg grunnlag, understrekar Faarlund. - Det er likevel ikkje rett det som John Peter Collett skriv i si nyss utkomne bok "Historien om Universitetet i Oslo", at då professoratet i landsmålet vart vedtatt oppretta, så skjedde det "uten at Universitetet var forespurt".

Målmann

- I 1880-åra vart det arbeidd for at Ivar Aasen skulle bli professor. Men han ville ikkje, fortel Faarlund. Til professoratet i nynorsk var det to søkjarar: Hægstad og Anund B. Larsen. Larsen var Noregs fyrste, og kan hende største, målføregranskar. Men Larsen var ikkje målmann, han skreiv på dansk og var ikkje noko særleg interessert i målsak i det heile tatt. Hægstad mangla nok vitskaplege kvalifikasjonar på professornivå, men fekk jobben likevel. Men Hægstad dreiv mykje verdfull vitskapleg verksemd mens han satt i stillinga, understrekar Faarlund.

Manglar medviten haldning

Korleis er studentane sine kunnskapar i nynorsk i dag?

- Det står diverre ganske dårleg til med nynorsken blant studentane på nordisk, medgir Faarlund. - Men det aktar vi å gjere noko med. Vi skal no snart i gang med å lage ein handlingsplan for nynorsk på instiuttet her. Eg opplever ikkje at haldninga til nynorsk er negativ blant studentane. Det er heller slik at dei manglar ein medviten haldning til målpolitiske spørsmål. I denne delen av landet er jo nynorsken nesten usynleg, konstaterer han.

Synleggjere nynorsken

- Kor synleg, eller snarare usynleg, er nynorsken ved Universitetet i Oslo?

- Uniforum er ein oase. Eg tykkjer det er flott at det er så mykje nynorsk i denne avisa. Nå har eg vore her ved UiO berre halvtanna år og har hatt relativt lite å gjere med administrasjonen. Her på instituttet fungerer språkleg jamstelling bra. Eg kjem frå Universitetet i Trondheim. Der står det langt dårlegare til med den språklege jamstellinga, seier Faarlund. - Det store problemet er at det er så lite nynorsk i det daglege lesestoffet som folk får. Dessutan manglar kunnskap om kvifor vi har to skriftspråk, om det store høve for variasjon, mangfald og rikdom dette gjev. Difor er det så synd at det eine skriftspråket vert så lite brukt i mediene.

Skriftspråkets eigenverdi

- Nærmar nynorsk og bokmål seg einannan?

- I eit langt perspektiv gjer dei nok det. Men utviklinga dei siste tjue åra syner at det er det motsette som skjer. Tilnærmingslinja gjekk nok for langt og for fort. Språk er jo i stor grad ei vane. Eg trur folk etter kvart har fått meir sans for verdiane i dei tradisjonane som ligg i skriftspråket. Det er ei større forståing no enn tidlegare for kor viktig skriftspråket er. På 1970-talet heitte det seg at du kunne skrive som du snakkar. No har pedagogar og språkforskarar vorte meir merksame på at skriftspråket er ein verdi i seg sjølv. Du lærer å skrive gjennom å lese. Følgjen av dette er større konservatisme på båe sider, seier Faarlund.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999

Publisert 14. okt. 1999 11:18 - Sist endra 1. sep. 2014 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere