Notert

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999


God oppslutnad om "Sykla til jobben"-aksjonen ved UiO

679 tilsette sykla til saman 7213 dagar den månaden sykkelaksjonen varte. Universitetet i Oslo sykla dermed 15,02 prosent av moglege sykkeldagar. 49 grunneiningar med til saman 2500 årsverk deltok i aksjonen. Aksjonen var delt inn i tre forskjellige klassar. Klassevinnarane fylgjer nedanfor:
Kategori A (færre enn 30 stillingar) 1. Institutt for rettssosiologi med åtte deltakarar og 42,61 prosent sykkeldagar
Kategori B (mellom 30 og 75 stillingar) 1. Institutt for allmennmedisin og samfunnsmedisinske fag med 20 deltakarar og 34,29 prosent sykkeldagar.
Kategori C (fleire enn 75 stillingar) 1. Farmasøytisk institutt med 31 deltakarar og 19,80 prosent sykkeldagar.

Hovudpremiane, som var to flunkande nye syklar, gjekk til Anne Berg ved Universitetsbiblioteket og Enok Palm ved Matematisk institutt. Dette blei avgjort ved loddtrekking blant alle deltakarane i sykkelaksjonen, som blei skipa til av sykkelgruppa til Bedriftsidrettslaget ved Universitetet i Oslo.
bilde av sykkelpremia

PREMIEVINNARAR: Anne Berg ved Universitetsbiblioteket og Enok Palm ved Matematisk institutt vann kvar sin sykkel under "Sykla til jobben"-aksjonen ved UiO. Premieutdelar var rektor Kaare R. Norum. (Foto: Ståle Skogstad)

Fra Det Kongelige Frederiks …

Universitetets stiftelsesdag skulde ifølge fundatsen alene feires hvert 25de aar. Den første av disse høitidsdage faldt altsaa den 2 september 1836 og feiredes med et program av professor B. M. Holmboe og med en høitidelighet i Vor Frelsers kirke, hvor en latinsk tale holdtes av universitetets senior professor Skjelderup.

Han gav en oversigt over universitetets stiftelse, talte om den skadelige virkning for dets flor og opkomst, som en fortsat forening med Danmark vilde øvet, og om den nytte, som universitetet paa den anden side hadde hat av foreningen med Sverige, og priste loyalt Carl Johans velgjerninger. Han berørte universitetets dobbelte formaal, at danne embedsmænd for staten og at virke for videnskabelighetens fremme […]

Om aftenen var universitetsgaardens port "brilliant oplyst med Lamper" dannende en arkitektonisk opbygning med indskrift i transparent; og "talrige Studerende afsange udenfor fædrelandske Sange". Det Kongelige Frederiks Universitet 1811-1911 Festskrift I

Jonas-prisen til talsmann for døve

Torbjørn Johan Sander får tildelt Jonas-prisen for 1999. Det har priskomiteen ved Institutt for spesialpedagogikk bestemt. Sander var frå 1968 til 1993 redaktør for Døves tidsskrift. Frå 1986 til 1997 var han også forlagssjef for Døves Forlag. Han har også skrive fleire bøker om historia og situasjonen til dei døve i Noreg. Sander får prisen for den omfattande innsatsen han har ytt i arbeidet med å spreia informasjon om situasjonen til dei døve. Prisen blir delt ut måndag 23. august klokka 10.00 ved Institutt for spesialpedagogikk i Helga Engs hus på Blindern.

Finsk utviklingsbiolog får Jahreprisen

Anders Jahres store medisinske pris for 1999 blir tildelt professor Irma Thesleff ved Universitetet i Helsinki. Ho får prisen på 600 000 kroner for den banebrytande forskinga ho har gjort innanfor utviklingsbiologi. Thesleff er utdanna tannlege og har sidan 1990 vore professor ved Det odontologiske fakultetet og leiar for programmet for utviklingsbiologi ved Universitetet i Helsinki. Ho har blant anna oppdaga "emaljeknuten"som eit senter som organiserer utviklinga og voksteren til tennene. Anders Jahres medisinske pris for yngre forskarar blir delt mellom professor Søren K. Moestrup,ved Århus Universitet og professor Harald Stenmark ved Det Norske Radiumhospital. Prisane blir delte ut 8. oktober klokka 18.00 i Universitetets Aula.

Nobelprisvinnar i kjemi kjem til UiO

Nobelprisvinnaren i kjemi for 1995, professor Sherwood Rowland ved University of California, Irvine, vil halda gjesteforelesing fredag 3. september klokka 10.15 i auditorium 1501 i Georg Sverdrups hus på Blindern.

- Rowland fekk tildelt Nobelprisen i kjemi, fordi han 21 år tidlegare hadde påvist samanhengen mellom KFK-gass og nedbrytinga av ozonlaget, fortel professor i geofysikk, Ivar Isaksen til Uniforum. Han kjenner Rowland godt frå fleire opphald ved universitetet der han arbeider. - Han har vore ein av dei fremste drivkreftene for at noko blei gjort med bruken av KFK-gass, og det er årsaka til at mengda av KFK-komponentar i atmosfæren held på å flata ut, forklarar Isaksen. Og det blir nettopp dette temaet Rowland kjem til å snakka om i gjesteforelesinga på Blindern.

Andreprisen går til etnologistudent Kristina Skåden ved Institutt for kulturstudiar for artikkelen ”Estetikk og folkeopplysning”.

Solenergi på Blindern

Turisthytte

Det er slett ingen som har bygd turisthytte ved Fysisk institutt, om nokon skulle tru det. Derimot er denne hytta i bruk i forskingsprosjektet om solenergi som professor Jan Bernhard Rekstad ved Fysisk institutt leiar. (Foto: Ståle Skogstad)



Nøtter

Hvem er dette?
  1. Hvem er dette?
  2. Senter for Ibsenstudier flytter inn i Observatoriet. Hvor lenge får senteret bli der?
  3. Hvor mye koster renholdet av UiO årlig?
  4. Hvem er bestyrer ved Institutt for statsvitenskap?
  5. Hva står forkortelsen PR 2000 for?

Svarene finner du her.



Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999

Publisert 27. aug. 1999 09:33 - Sist endra 1. sep. 2014 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere