Notiser

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999


Elektronisk 180 på UiO

Frå 1. juli har det ikkje lenger vore mogleg å ringja Telenors nummeropplysningteneste 180 frå telefonane ved universitetet. I staden kan alle tilsette ved UiO bruka den digitaliserte versjonen av telefonkatalogen. Den finn du på fylgjande internettadresse: http://180.uninett.no/ Dette vil føra til at alt sentralt innkjøp av telefonkatalogar stansar.

Dei einingane som ynskjer telefonkatalogen i papirform, må kjøpa den sjølv og dekka kostnadane over eige budsjett, skriv universitetsdirektør Tor Saglie i eit brev til alle einingane ved UiO. Dersom UiO ikkje hadde innført sperre på bruken av nummeropplysningstenesta, ville det ha kosta universitetet 850 000 kroner i 1999. I tillegg har UiO årlege utgifter på 550 000 kroner til innkjøp av telefonkatalogar.

Kollegiemøte i haust Det akademiske kollegium ved Universitetet i Oslo vil denne hausten ha møte fylgjande dagar: Tysdag 7. september Tysdag 12. oktober Tysdag 23. november Tysdag 14. desember. Det siste møtet til Kollegiet vil bli eit reint budsjettmøte.

Kollegiemøter våren 1999

Tirsdag 26. januar
Tirsdag 16. februar
Tirsdag 23. februar
Tirsdag 6. april
Tirsdag 18. mai
Tirsdag 8. juni

Alle møtene foregår i 10. etasje i Administrasjonsbygningen klokken 9 - 16.

Røyking forbode i SV-kantina

Den siste røyken har blitt stumpa i røykerommet på SV-kantina. Sidan 1. juli har det ikkje lenger vore mogleg å røyka nokon stad i SV-kantina. Dette er ein del av nedtrappingsplanen for røykeromma som Kollegiet vedtok 20. juni 1995. 1. juli år 2000 vil det også bli slutt på eksistensen til røykerommet i Frederikke. Då vil nedtrappingsplanen for røykeromma ved UiO vera fullført.

Færre utan studieplassar

I suppleringsopptaket har 2 535 søkjarar til universitet og høgskolar fått tilbod om studieplass. Til saman har 57 843 søkjarar fått tilbod om studieplass ved årets opptak. Talet på kvalifiserte søkjarar utan studieplass er no nede i om lag 2100.

Tilsvarande tal for fjoråret var over 4000. Tal frå Samordna opptak viser at over 1000 av tilboda i suppleringsopptaket er gitt til søkjarar som etter hovudopptaket i juli stod utan studietilbod, medan over 1500 av dei som fekk tilbod i hovudopptaket no har fått tilbod om eit høgare prioritert studieønskje. Over 600 nye søkjarar vil i tillegg få tilbod gjennom Restetorget denne veka. Det Samordna opptaket omfattar universiteta, dei statlege høgskolane og 9 private utdanningsinstitusjonar, skriv KUF i ei pressemelding.

Svak vekst i FoU-løyvingane

Løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i vedtatt statsbudsjett er utrekna til rundt 9.3 milliardar kroner i 1999. Dette er vel 80 millionar kroner lågare enn i budsjettframlegget. Målt i faste prisar gir det vedtatte budsjettet likevel ein realvekst på nær 1 prosent frå 1998, dersom ein tar med konsumprisveksten, viser utrekningar som Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) har gjort.

Tala som forskingsinstituttet har henta inn viser at gjennom heile 1980-talet og til og med 1992 var det ein jamn vekst i FoU-løyvingane. Året etter flata veksten ut, og budsjetta for 1994 og 1995 gav ein realnedgang. Først i 1999 er FoU-løyvingane igjen på same nivå som i 1993, står det i ei pressemelding frå NIFU.

Ingen verdige til læringsmiljøpris

Det blir ikkje delt ut nokon læringsmiljøpris under årsfesten i år. Årsaka er at priskomiteen ikkje fann nokon verdige kandidatar til prisen. Priskomiteen er leia av prorektor Rolv Mikkel Blakar. Det er fyrste gong sidan prisen blei oppretta at det ikkje har blitt delt ut nokon læringsmiljøpris.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999

Publisert 26. aug. 1999 12:55 - Sist endra 1. sep. 2014 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere