Vesten har aldri forstått Balkan

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999


- Kvar gong vest-europearane skal rydda opp i forholda på Balkan, sender dei folk som ikkje har gode nok kunnskapar om området. Det seier professor i slaviske språk Svein Mønnesland.

Av Martin Toft

Han innleier Eurasia-seminaret om "Møtet med det ekspanderande Vesten" med eit foredrag om Vestens oppfatning av Balkan torsdag 2. september klokka 16.15 i kantina i 12. etasje, Niels Treschows hus. Då vil han ta utgangspunkt i vanskane Vest-Europa har hatt med å forstå mentaliteten på Balkan.

- EUs første fredsmeklar på Balkan, Lord Carrington forstod ikkje at eit ja ikkje alltid tyder ja på Balkan. Det kan like ofte tyda at "me skal koma tilbake til framlegget ditt", forklarar Mønnesland, som gjerne vil understreka eit anna viktig trekk ved dei forskjellige kulturane på Balkan.

- Propagandaen er ein del av mytedanninga som folka på Balkan alltid har drive med. Dei kan lyga, fantasera og dikta ting som ingenting har med røyndomen å gjera, medan me i Vest-Europa kanskje kan overdriva og leggja til ting, men likevel alltid fortelja historier som stort sett er sanne. På denne måten kan du samanlikna bruken av historia til folka på Balkan med bruken av historia i Nord-Irland, fortel han.

Dei andre foredraga på Eurasia-seminaret blir haldne av Halvor Eifring som den 7. oktober skal fortelja om vestleggjeringa av den kinesiske romanen, Cornelia Vikan som 4. november skal forelesa om nye anglisismar på russisk og Bjørn Olav Utvik som 2. desember vil forelesa om islamistane si oppfatning av Vesten. Det er Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar som inviterer til dette seminaret.

Ljubisa Rajic - røysta frå Beograd


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999

Publisert 27. aug. 1999 15:34 - Sist endra 1. sep. 2014 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere