Ljubisa Rajic - røysta frå Beograd

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999


Med internett og telefon slapp han gjennom NATOs linjer og kunne fortelja nordmenn og svenskar om korleis situasjonen var i Beograd dei tre månadane militæralliansen var i krig mot Serbia. Han dukka opp i NRK, TV 2, Sveriges Radio og med dagboka si i Dagbladet. Krigen gjorde Ljubisa Rajic til den mest kjente serbaren i Noreg.

Av Martin Toft


FRYKTAR BORGARKRIG: Ljubisa Rajic fryktar det kan bli borgarkrig i Serbia. (Foto: Ståle Skogstad)

- Eg synest ikkje det var noko morosamt å bli kjendis i Noreg på den måten, utbryt professor Rajic, som denne månaden er på besøk hos gamle studievenner ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved UiO. Han synest Noreg har blitt svært forandra sidan han tok hovudfag i nordisk på byrjinga av syttitalet. - Landet dykkar har blitt altfor kommersialisert. Når skal nordmenn slutta å tru at alle foretak som har eit engelsk namn er så mykje betre og moderne enn dei som har norske namn. Ja, når til og med Bondeheimen er blitt med i ein kjede med namnet "Best -Western", går det altfor vidt.

Elles så går jo all kollektivtransport i rute, ja med unntak for flya til SAS, legg han til med eit smil. Det var nok ikkje berre blåskjela han hadde dårlege røynsler med i Tromsø. Dei gav han nemleg ei kraftig matforgifting.

Skriv nynorsk!

- Er ikkje det eit paradoks at du overlevde bombinga av Beograd, men heldt på å stryka med av å eta blåskjel i Noreg?

- Jo..Nei, det vil eg helst ikkje snakka om. Men matforgiftinga gjer at eg nett no snakkar lettare bokmål enn nynorsk. Men du må lova meg å skriva heile intervjuet på nynorsk likevel?

- Det lovar eg. Men tilbake til krigane i det tidlegare Jugoslavia. Hadde det vore mogleg å ha unngått desse krigane og hindra oppløysinga av Jugoslavia?

Økonomisk hjelpepakke

- Viss me går tilbake til midt på 80-talet, hugsar eg at den dåverande føderalministeren, ba Vesten om eit lån på 4,3 milliardar dollar øyremerkte til satsing på næringslivet. Om Vesten hadde gitt eit positivt svar, kunne dei ha brukt ei slik økonomisk hjelpepakke til å pressa politikarane til å godta politiske endringar i det dåverande Jugoslavia. Historia kunne også ha fått ei anna utvikling om ikkje Vestens politikk overfor Jugoslavia hadde forandra seg ved kvart regjeringsskifte, meiner Rajic.

Maastricht-avtalen

- Og då utviklinga var begynt å gå gal veg, var Vesten så oppteken av oppløysinga av Sovjetunionen og forhandlingane om Maastricht-avtalen at politikarane ikkje la merke til kva som held på å skje i Jugoslavia.

- Det var mange alternativ til ei valdeleg utvikling i Jugoslavia, men dess nærare og nærare me kom dei første konfliktane, dess færre alternativ blei det igjen, seier Rajic, som faktisk trur det kunne ha vore mogleg å ha unngått ein væpna konflikt i Kosovo.

- Kosovoalbanarane boikotta heile tida vala i Serbia. Det førte til at president Slobodan Milosevics parti alltid vann dei 30 mandata frå Kosovo. Om dei kosovoalbanske partia hadde deltatt i valet, ville dei ha vunne 29 av dei 30 mandata, og då ville opposisjonspartia hatt mykje meir å seia i nasjonalforsamlinga. Det ville ha gitt eit heilt anna bilete av den politiske utviklinga i Serbia. Viss Vesten ikkje hadde skove Rugova til side til fordel for UCK-geriljaen, trur eg også utviklinga i Kosovo ville ha sett annleis ut, trur han.

- Diverre har Vesten heile tida hatt ein tendens til å støtta feil grupper. Det kan vera nok å nemna grupper som Taliban i Afghanistan og UNITA i Angola. Sjå kva problem dei skaper for Vesten i dag!

800 000 flyktningar

I Serbia lever det 800 000 serbiske flyktningar frå andre område i det tidlegare Jugoslavia. - Både FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) og dei serbiske styresmaktene gir blaffen i dei. Når flyktningstraumen ut av Kosovo er samansett av serbarar og ikkje kosovoalbananar, kallar KFOR-sjefen Michael Jackson det for "bråe endringar av omstende". Og det einaste dei serbiske styresmaktene ynskjer er å gjera livet surast mogleg for dei, fortel Rajic, som ikkje har noko tru på at Milosevics regime vil akseptera resultatet av eit demokratisk val, om regjeringspartia skulle tapa.

Fryktar borgarkrig

Nei, dei ville ha klamra seg til makta med alle midlar.

- Fryktar du at det kan enda med borgarkrig?

- Ja, diverre gjer eg det, seier Rajic stille. Akkurat no er han mest uroa over hjerneflukta av akademikarar frå Serbia til Vesten. - Det finst ikkje offisielle tal, men eg trur rundt ein tredel av akademikarane har reist frå Serbia og fått seg gode jobbar i Vesten.

- Er ikkje du med dine glimrande norskkunnskapar frista til å gjera det same?

- Eg er 52 år og trur eg er for gammal til å starta ein ny karriere. Men eg kunne gjort det for dottera mi som studerer biologi ved Universitetet i Beograd. Som biologistudent ved UiO ville ho fått det mykje betre enn ein biologiprofessor i Beograd, konstaterer han.

- Nei, eg skal kjempa for å få Universitetet i Beograd til å bli ein god akademisk utdanningsinstitusjon igjen slik at gjesteforelesarar ville kjent det som ei ære å bli spurt om å halda forelesingar der. Eg vil ikkje at den serbiske ungdomsgenerasjonen skal betala rekninga for min generasjon sine ugjerningar og øydeleggjingar, seier han bestemt. No er han med og organiserer eit alternativt akademisk nettverk som ei motvekt til det statskontrollerte universitetet.

- Eg håpar mange utanlandske universitetslærarar kan koma og halda forelesingsrekkjer for dette alternative akademiske nettverket. Invitasjonen går sjølvsagt også til universitetslærarar ved UiO.

Kosovo-vedtaket

- Men tilbake til krigen og debatten som kollegivedtaket om Kosovo skapte ved Universitetet i Oslo. Kva synest du om vedtaket?

- Eg kunne ha skrive under på kvart ord i det. Men i det siste punktet om at UiO skal leggja forholda til rette for at universitetslærarar og studentar som flyktar frå Jugoslavia skal få høvevis arbeid og studieplass ved UiO, ville eg lagt til at det berre kunne skje "under vilkår av at dei flyttar tilbake til Jugoslavia når krigen er over".

- Men lat det vera sagt med ein gong; det er den serbiske og den kosovoalbanske makteliten eg er imot. Ikkje den einskilde serbar eller kosovoalbanar. Det er berre makteliten som heile tida har kunna tent på krigane. Alle dei andre har berre fått det verre og verre, slår han fast.

Vesten har aldri forstått Balkan


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999

Publisert 25. aug. 1999 15:51 - Sist endra 1. sep. 2014 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere