Kongeleg opning av Georg Sverdrups hus

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999


Kong Harald, dronning Sonja og kronprins Haakon deltar alle under Universitetets årsfest og den offisielle opninga av Georg Sverdrups hus torsdag 2. september.

Av Martin Toft

Helga Bjørnes og Ulla

VELKOMEN: Me ynskjer velkomen til årsfest og offisiell opning av Georg Sverdrups hus torsdag 2. september, seier arrangementsansvarleg Helga O. Bjørnes og prosjektkoordinator Ulla Heli. (Foto: Ståle Skogstad)

- Dette er eit kjempearrangement der veldig mykje skal skje på svært kort tid, seier arrangementsansvarleg Helga O. Bjørnes i Informasjonsavdelinga. Framleis er det mykje å gjera før alt er klart, men ho reknar med at alle dei lause trådane skal vera godt festa i god tid før den nye storstova til universitetet, Georg Sverdrups hus/Universitetsbiblioteket, blir opna 2. september klokka 11.00.

Dobbeltarrangement

- For første gong blir årsfesten flytta til Blindern frå Universitetets Aula. Dermed blir det både tradisjonell årsfest og offisiell opning av Georg Sverdrups hus i dei fire timane seremonien varer. Samtidig innleier også foredraget til Øyvind Andersen på årsfesten forelesingsrekkja "To kulturer?" som held fram dei to neste dagane, fortel Bjørnes.

Under årsfesten skal både Universitetets forskingspris og Universitetets forskingsformidlingspris delast ut i tillegg til Hans Majestet Kongens gullmedalje for gode doktorgradsarbeid. Rektor Kaare R. Norum skal halda sin aller første årstale. Kvindelige Studenters Sangforening står for det musikalske innslaget under årsfesten.

- Neste del av seremonien blir opninga av Georg Sverdrups hus. Det vil skje i vestibylen som skiljer bibliotekdelen frå undervisningsdelen av bygningen. Då vil også Det Norske Studentersangforening, Akademisk Korforening og Universitetets Symfoniorkester delta i tillegg til Kvindelige Studenters Sangforening. Og der vil Hans Majestet Kongen utføra den offisielle opninga av Georg Sverdrups hus, fortel Bjørnes.

Både statsråd Jon Lilletun og Statsbyggs direktør Harald Stormoen vil vera til stades under opninga, som blir avslutta med at dei kongelege gjestane blir tatt med på rundtur i bygningen av mannen som teikna Georg Sverdrups hus, Are Telje.

- Diverre har me ikkje kunna invitera like mange personar som me vanlegvis inviterer til årsfesten. Årsaka er at det berre er plass til 450 plassar i auditoriet og berre 550 til mottakinga i vestibylen etterpå, forklarar Bjørnes, som reknar med stor pressedekking av arrangementet.

- Målet med Georg Sverdrups hus er at det skal bli ein kulturell møtestad for alle ved Universitetet i Oslo. Eit prov på det er at Velferdsutvalet arrangerer kjempefest for alle dei tilsette ved UiO i Georg Sverdrups hus frå klokka 18.30 og utover opningsdagen, annonserer Bjørnes.

"De to kulturer"

Markeringa av Georg Sverdrups hus som ein møtestad for dei forskjellige kulturane ved universitetet, blir innleia av forelesingsrekkja "To kulturer?" der den tradisjonelle spenninga mellom humanistane og naturvitarane er tema for 11 foredrag. Professorane Jens Braarvig (religionshistorie), Geir Ellingsrud (matematikk), Bent Natvig (matematikk) og Nils Roll-Hansen (filosofi) er initiativtakarar og ansvarlege for programmet. Ulla Heli ved Institutt for kulturstudiar har hatt ansvaret for å sy saman arrangementet.

- Me har hatt eit todelt formål med "To kulturer?" Fagmiljøa ynskjer å markera seg som eit kreativt miljø som kan trekkja i same retning. Dessutan ynskjer dei å byggja bru over dei tradisjonelle motsetnadane mellom humanistar og naturvitarar og børsta støv av det gamle uttrykket einskapsvitskapen eller Det humboldtske danningsidealet, om du vil, seier Heli. Ho vil gjerne trekkja fram hovudtemaet laurdag 4. september.

Å gjera det usynlege synleg

- Då vil foredragshaldarane diskutera forholdet mellom biologi og verdiar og stilla spørsmål ved kva som er skilnaden på eit biologisk er og eit etisk bør i diskusjonen om evolusjonsbiologien. Dagen før er temaet skrift og tal, og forelesarane vil koma med påstanden om at også matematikk er språk fordi det gjer det usynlege synleg, fortel ei engasjert Ulla Heli.

Alle forelesingane går føre seg i Georg Sverdrups hus/Universitetsbiblioteket og er opne for alle interesserte. Fredag 3. september startar dei klokka 12.15 og laurdag 4. september startar dei klokka 10.15. Dei som vil vita meir om "To kulturer?" kan slå opp på fylgjande internettadresse: http://www.admin.uio./ia/to_kulturer .


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999

Publisert 26. aug. 1999 12:16 - Sist endra 1. sep. 2014 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere