Kronprins Haakon opnar Chateau Neuf

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999


Kronprins Haakon skal klippa snora og erklæra Chateau Neuf som gjenoppstått studenthus for studentane ved Universitetet i Oslo tysdag 24. august.

Av Martin Toft

PR-ansvarleg Mette-Lene Berger håpar sjølvsagt at kronprins Haakon som årets mest berømte student ved Universitetet i Oslo, lever opp til tilnamnet rockeprinsen og blir ein av dei ivrigaste brukarane av Studentersamfundet Chateau Neuf.

- Under opninga som startar klokka 14.00, skal enkja etter Jan P. Syse, Else Syse, avduka ei byste av mannen sin som saman med stortingsrepresentant Per Kristian Foss tok initiativet til å få bygd Chateau Neuf. Også rektor Kaare R. Norum har takka ja til å delta under opninga av den ombygde storstova til studentane, opplyser Berger til Uniforum.

I dag rommar bygningen kontorplassar for 43 forskjellige studentorganisasjonar i tillegg til storsalen, lillesalen, klubbscenen, betong, loungen og bokkaféen. Storsalen vil halda fram som forelesingslokale for ex.phil.studentar på dagtid og revy- og debattlokale på kveldstid. Men dei andre lokala i huset står til disposisjon for forskjellige studentarrangement. I opningsveka er det spesielt to arrangement Berger ynskjer å trekkja fram.

Rolla til dei intellektuelle

- Ja, debatten om dei intellektuelle si rolle i samfunnet med Gudmund Hernes som ordstyrar og paneldeltakarane Francis Sejersted og Dag Solstad torsdag 26. august klokka 18.00 i Storsalen er ein debatt som bør interessera både studentar og tilsette ved universitetet. Men eg vil også sterkt tilrå ideologidebatten mellom tidlegare statsminister Kåre Willoch og tidlegare Ap-leiar Reiulf Steen som startar klokka 19.00 i lokalet klubbscenen, fortel Berger.

Ombyggingsproblem

Ti dagar før opninga ser Chateau Neuf framleis uferdig ut. Men styret for Studentersamfundet lovar at alt skal stå ferdig i god tid før kronprinsen klipper over snora tysdag 24. august. Likevel klarer ikkje Christian Johansen, som er dagleg leiar for Chateau Neuf Servering å lata vera å koma med eit spark til universitetet.

- Eit opprinneleg ombyggingsbudsjett på 65 millionar kroner blei med eit pennestrøk omgjort til 25 millionar kroner av Kollegiet. Difor harmonerte ikkje ambisjonsplanen i høve til dei pengane som blei løyvde til dette arbeidet, seier han svært frustrert.

- Og ikkje nok med det, midt i byggjeperioden drog dei ansvarlege ved Teknisk avdeling på sommarferie. Studentane, altså brukarane av huset, har heller ikkje alltid blitt tatt med på råd. Det har ført til at ein del arbeid har måtta gjerast på nytt, fortel Johansen.

Kongeleg opning av Georg Sverdrups hus


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999

Publisert 23. aug. 1999 11:12 - Sist endra 1. sep. 2014 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere