Missing Links - alive!: Berre 60 000 besøkande

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999


Rundt 60 000 personar har besøkt utstillinga Missing Links sidan den opna i vår. - Målet på 200 000 besøkande var for optimistisk, seier assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien.

Fortidsmenneske
LITEN APPELL: Denne karen har liten appell blant Oslo-folk. (Foto: Hanne Buxrud)

Av Martin Toft

Ein månad før utstillinga "Missing Links - alive!" er over, ser det altså ut til at den vil nå under halvparten av besøkstalet på 200 000 som styringsgruppa hadde som sitt opprinnelege mål, då prinsesse Märtha Louise opna utstillinga 15. april. Rundt to tredelar av dei som har besøkt utstillinga har vore skuleelevar. Assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien er leiar for styringsgruppa for utstillinga, og ho slår fast at det var urealistisk å setja 200 000 besøkande som mål for utstillinga.

Ei utstilling er som ei teaterframsyning

- Dette var nok meir eit reknestykke enn eit mål for me såg veldig tidleg at det var urealistisk å få så mange til å gå på "Missing Links - alive!". Ho har heller ikkje noko svar på kvifor utstillinga har vore så dårleg besøkt.

- Det er vanskeleg å seia. Av og til treff ei utstilling, og av og til ikkje. På denne måten kan du samanlikna utstillinga med ei teaterframsyning. I april var det truleg for kaldt i teltet til at folk kom, og i sommar har det vore for fint ver til at folk har tatt turen til utstillinga på Tøyen, forklarar Stray Lien, utan at ho ynskjer å gi veret heile ansvaret for det dårlege besøket. Ho er derimot godt nøgd med det store besøket av skuleelevar.

- Det viser at Skuletenesta på Tøyen har gjort ein flott jobb, konstaterer ho.

Utstillinga blei valt bort

- Men kunne marknadsføringa av utstillinga ha vore betre?

- Det veit eg eigentleg ikkje. Me tok tidleg kontakt med skulane, og difor kom det også mange skuleelevar på utstillinga. Problemet er at me ikkje har nådd folk flest. Samstundes så planlegg jo ikkje folk sundagane sine i sommarmånadane allereie i januar. Utstillinga har dessutan fått brei dekking både i aviser, radio og TV. I sommar hadde me også ein reklamekampanje på bussane i Oslo. Nei, eg trur folk rett og slett har valt bort denne utstillinga, konstaterer ho. Kritikken om at det hadde vore mogleg å spå at utstillinga ville gå dårleg før kontrakten med utstillingsselskapet blei inngått, avviser ho.

Positive ringverknader

- I København var det mange fleire besøkande på denne utstillinga enn på dinosaurus-utstillinga som jo blei ein stor suksess i Oslo. Men det viser seg at "Missing Links - alive!" har gitt positive ringverknader for dei andre musea på Tøyen. Der har nemleg besøkstala gått kraftig opp sidan utstillinga opna. Og me skal heller ikkje sjå bort frå at dette kan vera ei god investering i arbeidet for å få fleire skuleelevar meir interesserte i naturfag, analyserer ho. Inger Stray Lien ser også andre fordelar med utstillinga.

- Den har gitt universitetet mykje kunnskap om korleis ei utstilling skal setjast opp. Eg trur også den har hatt ein effekt i samansmeltinga av musea på Tøyen. Og ikkje minst har utstillinga vore ein måte for universitetet til å gi eit fagleg tilbod til omverda og gi folk eit anna bilete av universitetet. UiO ville nok aldri ha tent pengar på denne utstillinga. Difor meiner eg at det har vore heilt greitt det som har blitt gjort når me først bestemte oss for å kjøra utstillinga, slår Stray Lien fast.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1999

Publisert 23. aug. 1999 11:12 - Sist endra 1. sep. 2014 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere