KRONIKK: Derfor må det bli omkamp om arbeidslivsrelevans

Det er uheldig når éin type ekspertise får dominere, på bekostning av andre relevante perspektiv, skriv filosofiprofessor Gunnar Skirbekk ved Universitetet i Bergen. 

Ei samling med studentar på UiO markerer fadderveka

OMKAMP: Derfor må det bli omkamp neste vår, om stortingsvedtaket frå juni 2020 om finansiering av statlege universitet og høgskular, eit vedtak som vart fatta utan ei forutgåande avklaring av skilnadene mellom (og innanfor) dei ulike institusjonane for høgare utdanning, skriv filosofiprofessor Gunnar Skirbekk frå Universitetet i Bergen. Biletet er frå fadderveka på UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

K  R O N I K K

Fleirtalet på Stortinget, ved dei tre av opposisjonspartia på Stortinget Frp, Ap og Sp, lanserte våren 2020 eit forslag om ei «kompetansereform» i form av eit nytt finansieringssystem for statlege universitet og høgskular.

 

 

 

 

 

               

 

Gunnar Skirbekk

Professor emeritus, vitskapsfilosofi ved Universitetet i Bergen

Kompetansefelt: 

* Modernisme og kristendom
* Politisk teori
* Religion og menneskerettar
* Vitskapsfilosofi

(Kjelde: UiB)

Sitat: «Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være: Relevans for arbeid etter endt studium, ulike opplegg for videreutdanning, og opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør og som kan tas i kombinasjon med jobb.» [1] Framlegget vart vedtatt, av det same fleirtalet, den 15. juni 2020. Slaget vil no stå om stortingsmeldinga om styringspolitikken for statlege universitet og høgskular, som truleg skal behandlast på nyåret 2021.

Tankegangen er i utgangspunktet grei nok

Dette er bakteppet for forslaget om «arbeidslivsrelevans» som kriterium for finansiering av høgare utdanning:[2] Ein går ut frå at vi i stigande grad vil få eit arbeidsliv prega av ny teknologi og rask teknologisk utvikling, innanfor ramma av ein globalisert kapitalisme – kort sagt, eit omskifteleg og konkurranseutsett arbeidsliv som krev fleksibilitet og kompetanseheving i form av omstilling og livslang læring. Derfor må utdanningsinstitusjonane omstillast for å møte desse utfordringane; og derfor må det stillast krav til institusjonane for høgare utdanning om å utforme jobb-relaterte utdanningsløp, utdanningsløp som er etterspurde og som kvalifiserer for jobb etter endt utdanning, gjerne i form av korte praksisorienterte kurs, eventuelt som etterutdanning og omskolering. Tanken er då at dette skal skje ved innføring av eit nytt og heilskapleg finansieringssystem for alle institusjonar for høgare utdanning.

Tankegangen er i utgangspunktet grei nok: Stilt overfor dessse utfordringane, er det eit politisk ansvar å ta grep som gjer det lettare for folk å komme i arbeid og å stå i arbeid. Eitt grep kan då vere å legge til rette for utdanningsløp som er tilpassa krava i det nye arbeidslivet - derfor, eit forslag om ei «kompetansereform» i form av eit nytt finansieringssystem for all utdanning etter vidaregåande skule.

Men er det berre endringar i arbeidslivet som krev kompetanseheving og oppdatering? Kva med andre endringar og utfordringar i moderne kriseramma samfunn? Slik som klimaendringar og andre naturrelaterte utfordringar – saman med aukande sosio-økonomiske skilnader, i statar og mellom statar, svekking av demokratiske og rettsstatlege institusjonar, spreiing av «fake news» og forvitring av den opplyste offentlege sfære, og geopolitiske spenningar og fare for militære konfrontasjonar.  Kort sagt, er det berre i arbeidslivet at det er behov for kompetanseheving og oppdatering?

Svaret gir seg sjølv. Også som samfunnsborgarar i ei verd i krise, og som statsborgarar i kriseramma moderne og vitskapsbaserte demokrati, er vi konfronterte med behov for kompetanse og oppdatering. Og igjen er institusjonane for utdanning og opplysning viktige: universitetet, skulane, media og den offentlege sfære – kvar institusjon for seg, men også samspelet mellom dei.

For snevert og for kortsynt

Med andre ord, allereie innsnevringa av «kompetansebehovet» til arbeidslivet er problematisk og uheldig – både fordi det då er viktige og vitale kompetansebehov i moderne viskapsbaserte og kriseramma samfunn som ikkje blir adresserte, og fordi innsnevringa fører til vedtak som kan vise seg å vere kontraproduktive med tanke på dei fagkritiske opplysningsbehov som statlege universitet har eit særleg ansvar for å ta hand om, og der marknadsorientert finansiering kan slå uheldig ut (sjå nedanfor). Kort sagt, både situasjonsforståinga (avgrensa til arbeidslivet) og framlegget om finansieringstiltak (avgrensa til arbeidslivsrelevans) er uheldige. For snevert og for kortsynt.

Her nokre korte merknader om poeng og perspektiv som fortener meir merksemd i denne samanhengen:

  1. Ei uviss og usikker framtid, med kritiske utfordringar på sikt.

Dette er ein plan for ei framtid i endring, men ei framtid som likevel er «normal», med økonomisk vekst og utan destabiliserande sosio-politiske konfliktar (slik det blir tenkt i OECD, som ei framskriving av status quo). Men er det så sikkert? I den moderne verda er det mange kritiske utfordringar, som ofte forsterkar kvarandre og som gjer framtida usikker på fleire måtar, både med tanke på det som kan skje og det vi kan vite.[3] Her bygger framlegget openbert på føresetnader som er usikre, og som på sikt neppe er sannsynlege.[4]

  1. Tilpassing, også andre vegen?

Den generelle problemstillinga er velkjend – spissformulert: skal individet tilpasse seg systemet, eller systemet tilpassast individet?[5]

I dette forslaget tar ein det for gitt at arbeidslivet må tilpasse seg dei nye teknologiane, med robotar og kunstig intelligens. Men diskusjonen om (og kritikken av) teknologisk determinisme er omfattande. Bør vi ikkje her følgje opp denne diskusjonen, med tanke på korleis det eventuelt kan vere mogleg å tilpasse teknologien til arbeidslivet, til arbeidslivet slik vi vil ha det?

I dette forslaget tar ein det for gitt at arbeidslivet må tilpasse seg ein teknologibasert og globalisert kapitalisme. Men, som dei fleste har fått med seg: spørsmålet er om dette systemet på sikt er berekraftig, økologisk og politisk. Bør vi ikkje her følgje opp diskusjonen om korleis det i framtida eventuelt kan vere mogleg å tilpasse det økonomiske systemet til ei økologisk og politisk berekraftig framtid og eventuelt også til eit regulert og organisert arbeidsliv, slik det vart utvikla i den «norske modellen»?

  1. Statsborgar, ikkje berre yrkesaktiv

«Kompetansereforma» fokuserer på utdanningsløp som kan styrke kompetansen hos kvar og ein, for eit meir omskifteleg og krevjande arbeidsliv. Det gjeld i så måte oss alle, som yrkesaktive. Men i moderne samfunn er det mange utfordringar og behov, også med tanke på kompetanse og kunnskap; vi er ikkje berre aktørar i arbeidslivet; vi er også medborgarar, og statsborgarar i moderne vitskapsbaserte og kriseramma demokrati, der vi som statsborgarar kan velje dei som gir tvingande lover og fattar viktige vedtak, og der vi sjølve kan bli valde. Dermed har vi medansvar, eit samfunnsansvar som krev kunnskap og kompetanse utover det som krevst av oss i arbeidslivet.

Det er verdt å merke seg at alle fungerande moderne demokrati har skuleplikt. Det er ikkje tilfeldig. Dessutan, i vitskapsbaserte moderne demokrati – i møte med «fake news» og desinformasjon, og også i møte med einsidig og ofte usikker ekspertise – er det behov for ein viss fagkritisk kompetanse, som innslag i den allmenne folkeopplysninga.

Men i det nemnde framlegget til «kompetansereform» fokuserer ein på arbeidslivet, ikkje på behovet for kunnskap og kompetanse som statsborgar i moderne vitskapsbaserte og kriseramma demokrati. «Arbeidslivsrelevans» er stikkordet. Men dette for snevert, med tanke på dei mangearta og kritiske utfordringane vi står framfor. Her manglar heilt avgjerande perspektiv på kompleksiteten i moderne samfunn og kompetansebehovet i moderne kriseramma demokrati.

... så filosofar blir nok etterspurde, trass i dystre spådommar frå frp-hald!

  1. Arbeidslivsrelevant utdanning - kva betyr det, meir presist?

Eit grunnleggande spørsmål, som er mykje diskutert, er dette: Kva betyr «arbeidslivsrelevans», i denne samanhengen? Framtida er uviss. Så, kva type arbeidskompetanse trengst, og vil vi trenge lengre fram? Vanskeleg å spå. Men då må utdanningsopplegga (og finansieringa av utdanninga) leggast opp deretter – altså, ikkje for snevert og prega av det dagsaktuelle.

For det er grunn til å rekne med at det vil vere mange slags behov for kunnskap og kompetanse i framtida, også for tradisjonelle utdanningar, både i arbeidslivet og i samfunnslivet elles. Dessutan, stilt overfor nye og ukjende utfordringar kan mangfaldet av humanistiske og samfunnsvitskaplege faga vise seg å vere viktig for den kunnskapsmessige beredskapen. Dessutan, klar og kritisk tenking, mellom anna om ulike faglege grep og føresetnader, har vist seg å vere ettertrakta, også i arbeidslivet; så filosofar blir nok etterspurde, trass i dystre spådommar frå frp-hald!

Her går debatten, t.d. med innlegg frå rektorane ved UiO og UiB, som m.a. viser til at studentar flest kjem i arbeid, også dei som har valt utdanningar som ikkje direkte er retta inn mot eit bestemt yrke.

  1. Skilnader mellom institusjonar

Det nye finansieringssystemet, med arbeidslivsrelevans som tildelingskriterium, skal gjelde for alle statlege institusjonar for høgare utdanning. Men er det slik at alle institusjonar for høgare utdanning driv med det same – eller, at dei bør prøve å drive med det same? Eller, ville det vere meir fornuftig med ei viss differensiering, ut frå dei oppgåvene som kvar institusjon er best skikka til å utføre? Og i så fall, bør finansieringssystemet differensierast tilsvarande?

Svaret gir seg sjølv: før ein på politisk hald fattar eit endeleg vedtak for ei ny styrings- og finansieringsordning for statlege universitet og høgskular, er det nødvendig å differensiere mellom ulike utdanningsinstitusjonar – særleg mellom fleirfaglege og forskingbaserte universitet, med hovudvekt på omfattande og sjølvkritiske fagstudium, på den eine sida, og institusjonar som i større grad er retta inn mot praksisnær yrkesutdanning, på den andre – i begge tilfelle, uavhengig av om dei kallar seg universitet eller høgskule.

Vedtaket om ny «kompetansereform» er uklart på dette avgjerande punktet. Derfor bør dette rettast opp, når ein på politisk hald skal lansere eit nytt styringssystem for alle statlege universitet og høgskular, truleg våren 2021.

  1. Skilnader mellom fag.

Eit full-skala universitet har mange ulike fag, frå matematikk og naturfag av forskjellig slag (frå fysikk til biologi, frå geologi til informatikk), over samfunnsfag av ulikt slag (frå økonomi til sosialantropologi), og til humaniora av forskjellig slag (frå historie og filosofi til lingvistikk og teologi), i tillegg til juss og medisin og andre helsefag.

Dessutan, det dei gjer, i dei ulike fag, er vidt forskjellig: somme jobbar på lab, andre er på feltarbeid, eller jobbar i bibliotek, eller er på tokt i fjerne farvatn. Svært ulike gjeremål, med svært ulike administrative opplegg og behov, og med svært ulik tilgang til ekstern finansiering.

Dei som studerer Ibsen eller Platon har andre administrative opplegg og behov enn dei som forskar ved CERN, eller forskar på arktisk torsk ombord på eit forskingsfartøy. Dei økonomiske behova er forskjellige, samtidig som ulike fag også har ulik tilgang til ekstern finansiering – kort sagt: dei som forskar på fornybar energi, eller på helserelaterte problem, har fleire kjelder å gå til, både nasjonalt og internasjonalt, enn dei som forskar på norsk historie eller filosofiske grunnproblem.

Derfor er det illevarslande når ein på politisk hald går inn for eit nytt og heilskapleg finansieringssystem for høgare utdanning, utan på førehand å ha differensiert mellom dei ulike institusjonane, og også utan å differensiere mellom ulike fag med deira ulike behov og opplegg, ved eitt og same universitet. Dette gjeld særleg forholdet mellom grunnløyving og mogleg ekstern finansiering; i klartekst: somme universitetsfag er meir avhengig av fast og føreseieleg grunnfinansiering enn andre.[6]

Dessutan, med tanke på finansiering ut frå publikasjonar (det omdiskuterte teljekantsystemet) er det ein relevant skilnad mellom det vi kunne kalle «finne-fag» og «formuleringsfag». Enkelt sagt, i empirisk arbeidande fag («finne-fag») er poenget å finne fram til eit påliteleg svar, t.d. ved eksperiment eller systematisk observasjon; dette er den forskingsmessige utfordringa, ikkje formuleringane i dei skriftlege publikasjonane.

Derfor er samforfattarskap ikkje eit avgjerande problem; og med lange lister over medforfattarar kan desse forskarane figurere som forfattarar av mange publikasjonar. Annleis for dei som forskar på Hegel eller Shakespeare; då er formuleringane heilt avgjerande. Dersom det står fleire namn på forfattarlista, er det uråd å vite kva den enkelte er god til – så sant det ikkje klart og tydeleg framgår kva og korleis dei ulike forfattarane har bidratt til formuleringane i den framlagde teksten. Dermed blir det færre publikasjonar som kan førast opp, for den enkelte forskar i eit «formuleringsfag». Konklusjonen er den same: ved evaluering og økonomisk støtte for fagleg innsats på basis av publisering bør vi differensiere mellom ulike fag.[7]

Derfor må det bli omkamp neste vår

  1. Ei utgreiing om ulike fag og institusjonar må gå forut for eit endeleg vedtak om eit nytt finansieringssystem.

Hovudkonklusjonen er klar: når ein skal vedta eit nytt finansieringssystem for statlege universitet og høgskular, er det nødvendig å differensiere både mellom ulike institusjonar for høgare utdanning og mellom dei forskjellige fag. Med andre ord, det er påkravd at ein på politisk hald differensierer mellom institusjonar, og mellom fag, før ein går inn for ei ny finansieringsordning for universitets- og høgskulesektoren. Før, ikkje etter! Derfor må det bli omkamp neste vår, om stortingsvedtaket frå juni 2020 om finansiering av statlege universitet og høgskular, eit vedtak som vart fatta utan ei forutgåande avklaring av skilnadene mellom (og innanfor) dei ulike institusjonane for høgare utdanning.

  1. Kriser på to plan – kompleksitet i verda, og spesialisering i forskinga.

Den moderne verda er i krise, ei dobbelt krise (kunne vi seie): ute i verda, der ulike kriser ofte går i kvarandre og gjerne forsterkar kvarandre, og på kunnskapsplanet, der ingen enkeltvitskapleg ekspertise aleine kan gripe kompleksiteten i det som skjer. Spissformulert: kunnskapen blir stadig meir spesialisert, og verda stadig meir kompleks. I så måte, ein krevjande situasjon, som m.a. viser til tverrfagleg samarbeid og kompetanse, som mottiltak.

For, det er uheldig når éin type ekspertise får dominere, på bekostning av andre relevante perspektiv, slik som når visse økonomifaglege modellar blir lagde til grunn for samfunnsanalysen og for omfattande politiske reformer, med privatisering og deregulering av arbeidslivet, og med vekt på leiarskap i form av administrativ kontroll av målbare resultat, slik det ofte skjedde etter murens fall, ut frå ein tidstypisk framtidsoptimisme om global økonomisk vekst og politisk stabilitet. The End of History (Francis Fukuyama, 1989). Men det er jo ikkje slik verda ser ut, no i ettertid.

Med andre ord, velinformert og oppdatert fagkritikk er nødvendig, m.a. av einsidig bruk av økonomifaglege modellar. Jamfør den faginterne kritikken i NOU 17/2018, Klimarisiko og norsk økonomi, retta mot ukritisk bruk av kvantifiserande økonomifaglege modellar – og jo lengre fram, di meir usikre blir dei (jf Taleb og «svarte svaner»).

Sjølvsagt, velinformert og sjølvkritisk fagkritikk trengst for alle fag, ikkje berre for einsidig og ureflektert bruk av økonomifaglege modellar. Kritikken gjeld for alle enkeltfag som blir nytta einsidig for å meistre komplekse og presserande problem, utan at andre relevante fagperspektiv kjem til orde.

Det gjeld t.d. også for einsidig bruk av sosialantropologiske begrep, m.a. i migrasjons- og integrasjonspolitikken, utan begrep som i tilstrekkeleg grad fangar opp underliggande økologiske og institusjonelle forhold, og utan høvelege begrep om behovet for sosiokulturell modernisering for statsborgarar i moderne vitskapsbaserte og rettsstatlege demokrati, i kontrast til førmoderne klan-samfunn.

Med andre ord, det er ofte behov for fleire faglege perspektiv og for sjølvkritisk innsikt i eigne og andres faglege føresetnader og begrensningar. Slik sjølvkritisk innsikt er viktig med tanke på kva slags kunnskap og kompetanse som trengst, no og i framtida, som mottrekk mot uheldig spesialisering og einsidig ekspertise. Dette er viktig for oss som statsborgarar og politiske aktørar i moderne vitskapsbaserte og kriseramma demokrati.

Når ein skal vedta ei kompetansereform for institusjonane for høgare utdanning, er det derfor påkravd at ein avklarer korleis denne typen fagkritisk kompetanse best kan inkorporerast i utdanningsopplegga og sosialiseringsprosessane ved statlege universitet og høgskular.

  1. Universitet – kva skal vi med det?

Det som blir kalla «universitet», kan vere så mangt. Men om vi held oss til fagleg sterke, forskingsbaserte universitet, med eit mangfald av ulike fag, er det eitt (tre-ledda) spørsmål som bør stillast: Kva er det slike universitet kan, som er viktig, og som dei kan betre enn alle andre? Her er eit tentativt svar, med utgangspunkt i eit par sentrale poeng:

... “argumentofobi” er bannlyst

Kva er det forskarane ved fullskala høgkvalifiserte universitet faktisk gjer? Dei er openbert engasjerte i svært forskjellige aktivitetar. Som nemnt, somme arbeider i lab, andre i bibliotek, eller på sjukehus, eller gjer feltarbeid av eit eller anna slag, og så vidare. Men det er éin aktivitet som er felles for alle disiplinane ved eit slikt universitet: doktordisputasen, ideelt sett ein open og opplyst diskusjon, i eit felles søk etter betre argument. Følgjeleg må deltakarane i denne typen akademisk aktivitet vere opne for (og interesserte i) relevante motargument, retta mot eins eigne påstandar: Eit felles argumentativt søk etter betre grunnar, bort frå mindre gode grunnar, idet ein er open for motargument, også om eins eigne føresetnader – dette er dét som forskarane ved akademiske høgkvalitetsuniversitet har felles. Negativt uttrykt, kva emnet enn måtte vere, og kva disiplin det enn måtte vere, “argumentofobi” er bannlyst.[8]

Sant nok, doktordisputasane er spesielle hendingar ved spesielle høve. Men ettersom doktordisputasane er felles for alle akademiske disiplinar ved desse universiteta, er det å kunne arrangere og delta i slike diskusjonar noko som er felles for dei alle. Dei er alle i stand til å diskutere og argumentere på denne måten.

Neste poeng: I moderne vitskapsbaserte samfunn er det eit påtrengande behov for slike diskusjonar og gjensidige læringsprosessar, innanfor og mellom ulike vitskaplege perspektiv. Derfor, av denne grunn, bør dei ulike disiplinane arrangere og kultivere denne typen diskursiv aktivitet, som innslag i deira ordinære verksemd, ved høgt kvalifiserte, full-skala universitet.

Dessutan, i ei kompleks moderne verd bør studentundervisninga ved fullskala universitet, med eit mangfald av ulike disiplinar og perspektiv, vere prega av at det, grunnleggande sett, er to ting studentane bør lære: lære eit fag, ein modell, og lære at modellen ikkje er realiteten!

... for å vite kva ein veit, må ein vite kva ein ikkje veit

Med andre ord, dei skal opplærast i ein disiplin, men samtidig lære at denne disiplinen aleine ikkje fattar alt det som føregår. Økonomane ser noko, og sosiologane, eller psykologane, ser noko anna, om det “same” – og så vidare. Kort sagt, for å vite kva ein veit, må ein vite kva ein ikkje veit. Derfor, i ei kunnskapsmessig pluralistisk og kompleks verd bør vitskapsfolk og ekspertar vere medvitne om deira eigne føresetnader og begrensningar – og også om føresetnader og begrensningar for andre (nærståande) disiplinar.

Dessutan, ved fullskala universitet, med “alle” vitskaplege disiplinar, kan denne typen innsikt vere lettare å tileigne seg enn ved universitet med berre eit fåtal disiplinar, eller ved frittståande forskingsinstitusjonar med berre éin eller få disiplinar – lettare, fordi kollegaer frå andre disiplinar er «over alt», ved eit slikt full-skala universitet.

Dessutan, det å vere medviten om eins eigne føresetnader (og begrensningar) er ei avgjerande innsikt, ikkje berre i akademia, men i moderne samfunn generelt, ettersom dette er samfunn som på ulikt vis er avhengig av heile skalaen av ulike (og ofte konkurrerande) disiplinar og disiplinbaserte ekspertgrupper. For eksempel, i mange viktige saker er det eit behov ikkje berre for teknologi og instrumentelle vitskapar, men også for tolkande og kritisk dannande disiplinar.

Kort sagt, ettersom vi menneske ikkje er utstyrte med «Guds auge», som ser alle ting frå alle perspektiv på same tid, så inneber medvitet om kunnskapsmessig perspektivisme og mangfald at “alle” disiplinar trengst for at vi skal kunne hanskast som best vi kan med dei ulike kunnskapsrelaterte utfordringane i komplekse moderne samfunn. Derfor er det å gå inn for naturvitskap og teknologi, og samtidig sjå bort frå samfunnsvitskapar og humaniora (eller omvendt!), ein kunnskapsmessig “anomali”. Det å vere kunnskapsmessig “halvmoderne”, i denne forstand, det er noko vi bør unngå![9]

I den grad moderne fullskala og høgkvalifiserte universitet har eit potensiale både for å fremje eit felles diskuterande søk etter betre argument, der ein tar motargument på alvor, og for eit refleksivt og sjølvkritisk medvit om ulike kunnskapsmessige perspektiv og føresetnader (og begrensningar), eins eigne så vel som dei andres, så bør desse universiteta vere i stand til å spele ei viktig rolle i moderne vitskapsbaserte risikosamfunn.

Så her er svaret på det spørsmålet vi reiste ovanfor: Med dette potensialet for argumenterande resonnement, og med gode vilkår for å kunne reflektere over ulike kunnskapsmessige føresetnader og begrensningar, bør fullskala og høgkvalifiserte universitet vere i stand til å utføre denne typen sjølvkritisk kunnskapsmessig kvalitetskontroll, som på avgjerande vis trengst i komplekse moderne samfunn. Og slike universitet kan dette betre enn alle andre.

Konklusjonen er klar: slike universitet bør få arbeide under andre rammevilkår, styringsmessig og finansielt, enn éin-faglege og få-faglege utdanningsinstitusjonar, uavhengig av om dei blir kalla universitet eller ikkje.

Sjølvsagt, ingen er perfekte!

  1. Fagkritikk og kvalitetssikring

Det følgjer av det vi har sagt i avsnittet ovanfor at fleirfaglege universitet, med opplyst og sjølvkritisk fagkritikk, har eit særeige potensiale for å ta hand om to sentrale oppgåver: sikring av fagleg kvalitet og styring av fagleg aktivitet. Kort sagt, dette opnar for kvalitetssikring ved open og opplyst offentleg diskusjon, og dermed for mindre bruk av administrativ kontroll, t.d. ved produksjonsindikatorar produsert av anonyme konsulentar (som ofte er utilgjengelege for motargument og klargjering av eigne føresetnader og begrensningar).

Sjølvsagt, ingen er perfekte! Og her det er ikkje snakk om eit anten-eller. Men i den grad ein lever opp til dei faglege og fagkritiske fordringane som er nemnde ovanfor, er det grunn til å vektlegge kvalitetssikring og fagleg styring på ein mindre byråkratisk og utvendig måte enn det det er lagt opp til i dag. Dette poenget bør derfor leggast til grunn når ein på politisk hald skal vedta nye prinsipp for styring og finansiering av statlege universitet og høgskular. 

  1. Universitet og demokrati

Universiteta inngår som ein viktig institusjon i moderne vitskapsbaserte samfunnet. Dei har eit samfunnsansvar. Det er viktig, i slike samfunn. Og som statsborgarar i eit moderne vitskapsbasert demokrati er vi alle, kvar på vårt vis, involverte i vitskapsteoretiske spørsmål om kor vidt det eine eller andre forskingsresultatet er tilstrekkeleg sikkert, eller om andre perspektiv gir betre svar – slik som i dei pågåande diskusjonane om klima og andre økologiske utfordringar, eller om ulike tiltak mot covid-19.

Opp mot dette har vi tendensane til kunnskapsmessig innsnevring ved ekkokammer i sosiale media, forsterka av algoritmane på internett, i tillegg til bevisst manipulering ved bruk av «fake news» og andre former for desinformasjon.

Med andre ord, det er behov for velinformert, sjølvkritisk og diskuterande fagkritikk, det som på mange måtar bør vere ein kjerneaktivitet i forskingsbaserte og fleirfaglege universitet.

  1. Fagkritikk i moderne samfunn

Når fagkritikk av dette slaget er viktig for moderne demokrati, og dermed også for moderne samfunn meir generelt (men avhengig av styreform og av kulturell modernisering), så vil dette også ha implikasjonar for andre sentrale institusjonar i moderne samfunn, ikkje minst for skulesystemet og for media og den offentlege sfære; kort sagt, det er behov for eit felles godt (gratis) skulesystem for alle, og ein offentleg sfære som er open for fri og opplyst samtale og meiningsdanning. I lys av det som er sagt ovanfor, er det derfor viktig å drøfte korleis desse tre institusjonane (universitet, skule, media), og forholdet mellom dei, best kan organiserast – med tanke på at vi alle, som statsborgarar i moderne vitskapsbaserte og kriseramma demokrati, har eit medansvar for det som skjer i samfunnet, og overfor naturen, nært og fjernt, både på kort og lengre sikt.

Konklusjon

Når ein på politisk hald skal vedta nye styrings- og finansieringsformer for statlege universitet og høgskular, må vi som statsborgarar i eit moderne vitskapsbasert samfunn kunne forvente at dei ansvarlege politikarane og dei ansvarlege politiske partia tar omsyn til dei poenga som det blir vist til i dette notatet.

 

Referansar

NOU 2/2020, Fremtidige kompetansebehov III, levert til Kunnskapsdepartementet 10.2.2020. Leiar av Kompetansebehovsutvalet, professsor i økonomi Steinar Holden («Holden III»).

Meld. St. 14 (2019-2020), Kompetansereformen – Lære hele livet. Melding til Stortinget, frå Regjeringa ved Kunnskapsdepartementet, 22.4.2020.

Innst. 370 S (2019-2020). Innstilling til Stortinget frå Utdannings- og forskingskomiteen om Kompetansereformen – Lære hele livet, 9.6.2020. Vedtak i Stortinget 15.6.2020.

uniforum.uio.no/nyheter/2020/06/forskarforbundet-uryddig-og-kritikkverdig-vedtak-.html (Martin Toft i uniforum.uio 11.6.2020: «Forskarforbundet: Uryddig og kritikkverdig vedtak om arbeidsrelevans».)

uniforoum.uio.no/nyheter/2020/06/arbeidslivsrelevans-kan-bli-ein-teljekant-i-finans.html (Martin Toft i uniforum.uio 15.6.2020: «Arbeidslivsrelevans kan bli ein teljekant i finansieringa av høgare utdanning», med etterfølgjande referansar til debatten.)

Gunnar Skirbekk, Epistemic Challenges in a Modern World, LIT Verlag, Zürich 2019; lett revidert norsk versjon (av andre og tredje del), Tidsdiagnose. Kunnskapsrelaterte utfordringar i kriseramma moderne samfunn, SVT Press, Bergen 2020 (tilgjengeleg på heimesida).

Dag Hesssen, Verden på vippepunktet, Res Publica, Oslo 2020.

Ole Jacob Madsen, Livsmestring på timeplanen, Spartacus, Oslo 2020.

 

[1] Dette er ordlyden i forslaget om arbeidslivsrelevans som blei vedtatt av Stortinget: «Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med stortingsmeldingen om styringspolitikken for statlige universiteter og høyskoler, om å legge frem forslag til nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Forslaget må utarbeides i tett samarbeid med utdanningssektoren og arbeidslivet. Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være – Relevant arbeid etter endt studie og arbeidslivsrelevans i studiet. – Ulike opplegg for etter- og videreutdanning. – Opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør og som kan tas i kombinasjon med jobb.»

[2] Forslaget frå stortingsfleirtalet, Innst. 370 S (frå 9.6.2020), er ein reaksjon, frå tre av opposisjonspartia, på framlegget til kompetansereform frå regjeringa, Meld. St. 14 (frå 22.4.2020), ein politisk reaksjon der kravet om arbeidslivsrelevans blir innskjerpa (jf sitatet ovanfor), men stort sett ut frå same situasjonsforståing om endringar i arbeidslivet og same syn på behovet for endringar av utdanningstilbodet, som i meldinga frå regjeringa (Meld. St. 14). Dessutan, denne meldinga frå regjeringa (Meld. St. 14) er heilt på linje med NOU 2/2020, Fremtidige kompetansebehov III (frå 10.2.2020) i synet på kva for utfordringar vi står framfor og på kva som då bør gjerast med tanke på kompetanseheving.

[3] Jf Skirbekk 2019.

[4] Jf t.d. Dag Hesssen, Verden på vippepunktet, Res Publica, Oslo 2020, og NOU 17/2018, Klimarisiko og norsk økonomi, med kommentarar i Skirbekk 2019: 47-57.

[5] Kort sagt, OECD går for det første alternativet. Ein av dei som går for det andre, er psykologiprofessor Ole Jacob Madsen, Livsmestring på timeplanen, Spartacus, Oslo 2020.

[6] Tilsvarande skilnader mellom fag er det også ved finansiering basert på kor mange som melder seg på eit bestemt studieopplegg. Somme studieopplegg kan vere lette å drive og lette å ta, og kan derfor trekke til seg mange studentar, mens andre studieopplegg kan vere tyngre og dermed mindre populære, utan at dette avspeglar samfunnets reelle behov og utan at dette blir retta opp ved etterspørsel frå næringslivet (slik det t.d. kan vere for seriøse studieopplegg i tysk eller teoretisk fysikk). Antal studentar i eit fag bør derfor vurderast opp mot andre omsyn. Kort sagt, ulike fag må vurderast individuelt.

[7] Det same gjeld evaluering av innsats (og kvalitet) ut frå opplisting av registrerte sitat, ut frå siteringsfrekvens. For eksempel, den som publiserer (på engelsk) om eit teologisk problem i Johannesevangeliet, kan truleg vente seg fleire siteringar enn den som publiserer (på norsk) om internasjonale innslag i landslova av 1274 – rett og slett fordi det er fleire folk i det første fagfeltet. Konklusjonen er den same: ei fornuftig finansieringsordning må ta omsyn til skilnadene mellom ulike fag.

 

[8] Uttrykk lån av kollega Lars Johan Materstvedt, NTNU. Sjå Skirbekk 2019.

[9] Meir om dette i Skirbekk 2019.

Emneord: Arbeidsliv, Universitetspolitikk Av Gunnar Skirbekk, professor emeritus i vitskapsfilosofi, UiB
Publisert 4. sep. 2020 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere