I saka om dei norske språksamlingane seier rektor at han må vente på vurderinga frå instituttet, ILN. Det er eg sjølvsagt heilt samd i. Men no har det seg slik at instituttstyret allereie 31. mars drøfta denne saka. Til grunn for behandlinga låg evalueringsrapporten frå ei arbeidsgruppe og eit framleggsnotat frå instituttleiaren. Eg kan ikkje av protokollen sjå at styret hadde innseiingar mot konklusjonen i framleggsnotatet, som er denne:
«Instituttleiars vurdering er at dette er ressursar instituttet i dag ikkje rår over. Vidare er det slik at Lov om universiteter og høgskuler, §1-1, slår fast at dei sentrale oppgåvene skal vere utdanning, forsking og formidling. Ut frå desse to punkta, er det vanskeleg å sjå korleis ILN kan ta vare på og vidareutvikle samlingane i framtida»
Det har no snart gått to månader sidan instituttet behandla denne saka. Det er ikkje berre underskrivne som no i spenning ventar på kva syn leiinga ved UiO har på framtida for dei norske språksamlingane. Og det hastar.
Logg inn for å kommentere