Skal UiO vera verdsleiande på norsk språk også i framtida?

Satsing på språksamlingane vil syta for at UiO kan oppretthalda og vidareutvikla posisjonen som den fremste forskingsinstitusjonen i verda for norsk språk, skriv hovudredaktør Oddrun Grønvik i Norsk Ordbok 2014

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil at Noreg skal bli verdsleiande på fleire forskingsområde (Uniforum 7.8.2014). Han håpar fleire institusjonar i forskingssektoren tør å gjera seg upopulære ved å spisse eiga satsing.

Dette er det umogleg å vera usamd i. Store resultat krev satsing, både institusjonelt og personleg.

Kunnskapsministeren er oppteken av at universiteta skal satsa på fagområde der Noreg har naturlege fortrinn. Døma han gjev, er maritime fag, helse og vinteridretten ski. Han nemner at det bak desse områda er opparbeidd ein kultur og ei forståing for at resultat krev satsing.

UiO har no eit naturleg fortrinn når det gjeld å satsa på forsking i norsk språk, og gjennom dette også utforsking av den kulturen som er særeigen for norsk liv og verksemd. Fortrinnet ligg i at UiO sidan 1972 har hatt ansvaret for store vitskaplege språksamlingar. Desse er dei største samlingane i verda som dokumenterer norsk ordtilfang og omgrepsverd. Samlingane dekkjer gammalnorsk, bokmål, nynorsk, målføre og namn. Alle spring ut frå fagmiljø ved UiO, og alle er knytte til oppbygginga av norsk språk og litteratur som morsmålsstudium, frå 1880-talet og fram til i dag. Forskingsdata frå samlingane er nytta i grunnforsking og bruksforsking, vitskapleg, pedagogisk og populært, i heile denne perioden. Eit ferskt tilskot er Nynorskkorpuset, no på drygt 100 mill. ord. Språksamlingane er under kontinuerleg utbygging.

Fagmiljøet ved samlingane har gjennom prosjektet NO 2014 vist at dei har nettopp den fagsterke innsatskulturen og evna til å prioritera knallhardt som kunnskapsministeren etterlyser. At språksamlingane har hatt ei positiv utvikling i dei siste ti åra kjem mellom anna av at forskarane i NO 2014-staben har brukt eigne forskingsmidlar til digitalisering av viktige samlingskomponentar. Dette kjem alle som forskar i norsk språk til gode, ikkje berre ved UiO. I staden for å utnytta dette openberre konkurransefortrinnet, ønskjer UiO no å kvitta seg med språksamlingane. Tidspunktet for avviklinga fell saman med sluttpunktet for arbeidet i prosjektet NO 2014. Det er absurd å knyta drift og utvikling av ein så stor og viktig nasjonal ressurs til avslutninga av eit einskilt prosjekt, og slike tankar fanst ikkje då prosjektet vart sett i gang.

Språksamlingane ved UiO ligg – takk vere intens innsats frå 1990-talet og til i dag - for ein stor del føre i elektronisk form, opne og søkbare på nettet under UiOs logo. Som påpeikt av Bakken og Wetås (Morgenbladet 25.7.2014), har store delar av dette arbeidet gjennom prosjektet NO 2014 blitt betalt utanom UiOs eiga grunnløyving, og utgjer såleis ei gåvepakke til institusjonen. Denne gåvepakka er eit svært godt utgangspunkt for å profilera HFs uttrykte mål om å satsa på digitalisering av  humaniorafaga  og spissa seg på feltet «digital humanities».

Både dekanen ved HF og instituttleiaren ved ILN har gjort det klart at dei ikkje ser på grenseflata mot publikum som viktig i vurderinga av samlingane. Dette har vore annleis vurdert for kort tid sidan: Framfor VM i ski i februar 2011 nådde UiO eit stort publikum ved å presentera ord- og omgrepsmengda knytt til skisporten, dokumentert i språksamlingane og redigert i band 10 av Norsk Ordbok. Dette fekk brei mediedekning, også utanfor landets grenser.

I lys av ambisjonane til Kunnskapsministeren verkar det lite rasjonelt av UiO å kvitta seg med språksamlingane. Satsing på språksamlingane vil syta for at UiO kan oppretthalda og vidareutvikla posisjonen som den fremste forskingsinstitusjonen i verda for norsk språk. I tillegg vil institusjonen gje seg sjølv eit godt utgangspunkt for vidare digitalisering av humanistiske fag og for å bidra med forskingsbasert kunnskap som det norske samfunnet og alle som arbeider med nordiske språk har nytte av.

 

Emneord: Språk, Universitetspolitikk, Forskingspolitikk Av hovudredaktør Oddrun Grønvik i Norsk Ordbok 2014
Publisert 22. aug. 2014 16:40 - Sist endra 22. aug. 2014 16:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere